Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Flatejordi (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Flatejordi
Fyrst nemnd: 1596
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 206
Bnr: 4
Postnummer: 6871

Flatejordi (Luster, gnr. 206/4) er eit gardsbruk i Jostedalen, Luster kommune. Det ligg under matrikkelgarden Haugen. Bruket ligg i hovuddalføret på nordsida av Krundøla, og det er den einaste av dei gamle matrikkelgardane som har hatt eit langt opphald i drift og busetnad etter nyryddinga sist på 1500-talet. Flatejordi sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Innhold

15-/1600-talsgarden

Flatejordi må ha vore ein av dei fyrste gardane som vart rydda då Jostedalen vart teken opp att etter øydetida i seinmellomalderen. I det eldste dokumentet ein har frå Jostedalen etter øydetida, presteskattelista frå 1596, er Fladejordt eitt av 15 gardsnamn som er nemnde, og her budde ei enkje som betalte 1 pund ost i presteskatt.[1]

Flatejordi femnde om dette tidspunktet om heile området i hovuddalføret på vestsida av Jostedøla og både nord- og sørsida av Krundøla. Men som namnet tilseier, er det flatt, og området var særs utsett for flaumar.

Det er uvisst kvar tunet på Flatejordi låg på denne tida. Men på grunn av flaumfaren trur Øyane kanskje at det låg på staden der garden Gjerde ligg i dag. Eit moment som talar for at tunet låg på nordsida, er at det er her ein finn Flatejordi som plassnamn frå 1740-åra og frametter.

Flatejordi vert borte frå skattelistene kring 1610, og ein reknar med at garden då vart fråflytt på grunn av flaumskade.

Delt mellom Haugen og Hellegård

Etter at Flatejordi gjekk ut or drift, vart garden ein gong på 1600-talet delt slik at området på nordsida av Krundøla hamna under Haugen i Krundalen og området på sørsida under Hellegård.

I 1684 heiter det at jordeigare Birgitte Munthe framleis betalte kongelege skattar for Flade Iorden, men at ho "haver ingen Retighed" (inntekt) fordi garden var "af Elfueløb Udtaget". I denne saka ville jordeigaren leggje mellom anna Flatejordi til Anders Øvre-Fåberg, men Anders ville fyrst ha ei synfaring. Det er uvisst korleis dette gjekk.[2]

Sjølv om det var Hellegård som rådde over Gjerde-delen av Flatejordi som låg sør for Krundøla, var også denne delen matrikulert under Haugen. Dette vart fyrst endra i 1838 då Gjerde vart matrikuklert under Hellegård.

Husmannsplass

Den gamle Flatejords-garden ser ut til å vorte liggjande utan fast busetnad heilt til kring 1712. Då vart husmannsplassen Gjerde rydda på sørsida av Krundøla. Dette skal ha vore den fyrste husmannsplassen i heile Jostedalen.

I 1741 fekk enkja Britha Eriksdotter Fossen (1700-1765) rydde seg ein husmannplass som truleg låg i tunet der Flatejordsbruket seinare har lege. Ho flytte alt derifrå i 1746.

Kring 1828 vart så plassen teken opp att av Ole Olson Flatejord og kona Eli Jetmundsdotter. Deretter var denne plassen i bruk fram til han vart nedlagd i 1916.

I 1856 vart husmannplassen delt ved at ein av sønene fekk rydde seg ein plass. Husa på dei to plassane låg i same tunet etter det ein veit. Det vart buande folk på denne plassen til 1920.

Bnr. 4 Flatejordi

Ved ei delingsforretning 17. juni 1908 vart dei to husmannsplassane utskilde frå Haugen som bnr. 4. Den 3. oktober same året fekk ein av sønene frå hovudbruket, Erik Sjurson Flatejord (1888-1941) , skøyte på bruket. Han busette seg ikkje på bruket før han gifte seg i 1920, så plassfolka på dei to husmannsplassane vart buande her til 1916 og 1920.

Erik og kona Brita Olsdotter Kreken (1889-1936) sette opp stovehuset som framleis står på bruket då dei flytte hit i 1920.

Flatejordi er i dag (2011) nytta som fritidseigedom.

Notar

  1. Presteskattelista 1596 (Jostedal historielag)
  2. Tingboka 1684 (Jostedal historielag]

Kjelder og litteratur

  • «Flatejord» (husmannsenke Ingeborg Knutsdatter) i folketeljinga 1910 (Digitalarkivet)
  • «Flatejord» (husmann Tøger Knudsen) i folketeljinga 1910 (Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 766-67, 770-72 og 788-89. (Digital utgåve, NBdigital)

Koordinater: 61°38′00″ N 7°15′58″ Ø

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy