. Noen ganger blir sørlige deler av
også regnet med. Statistisk sentralbyrå regner
som en egen landsdel.
Smakebiter fra artikler
Østerriisøer dramatiske selskab var et borgerlig amatørteater som virket i
Risør. Vi har gode kilder til selskapets virksomhet fra
1830 til
1836, men det er sannsynlig at selskapet er startet som del av bølgen av borgerlige teaterselskaper som begynte på slutten av 1700-tallet. Selskapet var et samlingselement for store deler av Risørs borgerskap, og både stedets byfogd, og flere av stedets kjøpmenn var aktive deltakere.
Les mer…
Agder Folkemusikkarkiv vart etablert i 1998 og ligg på
Rysstad i
Valle kommune. Arkivet er er for
Aust- og
Vest-Agder, og er samlokalisert med
Setesdalsmuseet og har i i tillegg til arkiv og administrative rom eit lytte- og studierom for publikum. Den daglege leiaren er
Harald B. Knutsen. For å leve opp til måla og retningslinene søkjer arkivet å kome i kontakt med dei som har gamalt eller nytt materiale som kan bli kopiert og på den måten verte bevart for ettertida.
Agder Folkemusikkarkiv har eit frittståande styre på tre medlemmer som er oppnemnde av fylkesrådmennene i Aust- og Vest-Agder. I åra 2006 - 2010 var kultursjefen i Aust-Agder, Per Norstrøm, leiar medan dei to andre medlemmane var Anne Tone Hageland (fylkeskultursjef i Vest-Agder) og Leiv Solberg (ansvarleg for folkemusikktimen i NRK, tidlegare leiar for
Arendal kulturhus).
Les mer…
Tveitå «der heime» ca. 1915. Setehuset frå ca. 1890 er påbygd seinare.
Bura frå ca. 1700 står uendra i dag. Kort før fotoet vart teke var den gamle løa og fjoset rive (det stod i høgre biletkant) og nytt var sett opp.
Tveitå er gard nr. 64 i
Bygland kommune. Garden femner om eit areal på om lag 8000 da i eit samla, nokolunde firkanta areal. Sør- og austgrensene (dvs grense mot Bø) er tilnærma rette, medan grensa mot nord (Dale) og grensa mot vest (
Horverak) er meir styrd av topografiske tilhøve. Namnet er dativ fleirtal av hokjønnsordet tveit – det kan anten tyde ein avskoren eller utskild del, eller det kan vere terrengskildrande om eit jordstykke mellom skogar eller mellom åsar. Den første tydinga kunne høve ettersom garden klårt er utskild frå Bø. Men den terrengskildrande kunne også høve godt, ikkje minst ettersom ordet her er brukt i fleirtal. Namnet blir i dag uttala etter skrivemåten, men eldre uttale var «Tvaitå». Endinga –å er den same som –o i Telemark, same gardsnamn der er Tveito (jfr. Haugå i Bygland mot Haugo i Telemark). Gardstuna ligg på om lag 425 m.o.h. I 1801 budde det 8 menneske på garden. Dette hadde auka til 17 i 1865 og gjekk ned til 14 i 1900. I dag bur ingen fast på garden.
Les mer…Loveleen Rihel Brenna (f. 1967) i
India) er ein forfattar frå Agder. Ho vart fødd i India fredag den
6. oktober 1967 av ein far som var
sikh og ei mor som var
hindu og kom til
Kristiansand i
1972 saman med foreldra sine. Loveleen Rihel Brenna er utdana i pedagogikk, psykologi og sosialpedagogikk med vidareutdaning i migrasjon og
fleirkulturell forståing, og ho driv eit eige konsulentfirma for fleirkulturelle spørsmål. Ho driv òg foredrags- og kursverksamheit kring dette.
Les mer…