| Om Setesdal
|
Valle frå Åmli. Foto: Siri Johannessen (2008) Setesdal er dalføret langs Otravassdraget, som strekk seg frå lengst nord i tidlegare Aust-Agder fylke. Historisk har ein rekna de to kommunene Bykle og Valle kommune til Setesdal, medan området sørover vart kalla Otrudal. Etter kvart flytta ein grensa sørover til Bygland. Dalen vart då delt inn i Øvre og Nedre Setesdal. I dag reknar ein ofte også med Iveland og Evje og Hornnes til dalen, noko som medfører at meir enn halvparten av Aust-Agder tilhøyrer Setesdal. Dette området svarar til Setesdal fogderi, som eksisterte frå 1660 til 1919.Nede i dalen er det områder som tidlegare var nærmast uframkommelege, og dalen var derfor lenge isolert frå kysten i sør. Stiar og kløvveger på heiane var då einaste moglegheit til å komme fram. Frem til 1800-talet var det mest ferdsel til/frå Setesdal i retning aust-vest. Det vil si at iallefall midtre og øvre del av dalen hadde mest kontakt mot Rogaland og mot Fyresdal i Telemark. I mellomalderen skatta setesdølane til Stavanger.
Fyrst i 1846 vart hovudvegen frå Kristiansand til Bykle anlagt, og setesdølane trakk då meir mot byen i sør. Særleg i Bykle hadde det vore vanskeleg kommunikasjon sørover, då den smale og bratte Byklestigen var einaste veg.I Setesdal har ein tatt vare på meir av mellomalderens byggeskikk, folkekunst og drakter enn dei fleste andre stader. Dalen har også ein rik tradisjon for segn og folkemusikk og for sine handverkstradisjonar. På Rysstad i Valle ligg både Setesdalsmuseet og Agder folkemusikkarkiv, og ellers er særleg sølvsmedane frå Setesdal kjend for sine arbeider. Les mer ...
|
|
|
| Smakebitar fra artiklar
|
Loptet frå Gjerden Der inne vert tidfest til 1600-talet. I dag står det i Huldreheimen, og då dette biletet vart teke, 20.7.2005, var det under restaurering. Foto: Dag Rikard Olsnes
Der inne er eit av dei eldste bruka på Gjerden i Bykle. Etter det me kom til i bolken om den udela garden er Åvold Tarjeisson den fyrste kjende oppsitjaren her. Nett kva tid han døydde er uvisst, men siste venda me har funne han nemnd er i 1661. Sidan er han ikkje med i kjeldene våre, så han har vel lide av ein gong ved dette leitet. Rett nok vart ikkje skiftet etter han tinglyst fyrr i 1667, men at det stundom kunne taka nokre år mellom eit dødsfall og bokføringa av erveoppgjeret, var ikkje uvanleg. Sorenskrivaren utførde ikkje tinglysingar frå Bykle på kvar tingsamling, men tok fyre seg ein bunt når han tykte han hadde høveleg mange.
Åvold og kona hans hadde rett nok bruka 15 skinn veit me, men det dei åtte var berre 4 nottungar, står det i skiftet, og ettersom 1 nottung landskyld i Bykle tykkjest vera det same som 1/2 kalveskinn, var heile den faste eiga i buet berre 2 kalveskinn, dvs. 2/15 av den jorda Åvold hadde bruka, som då han døydde svara omtrentleg til dei seinare Der Inne og Nordstog.
Me set inn oversynet over familien hans på denne staden:
- Åvold Tarjeisson Gjerden, n 1623, d ca 1661
- g 1. m ukj., d fyre 1645. Les mer …
Uppistog 31.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
Uppistog, som ligg oppi bakken litt ovanfor og austanfor det gamle fellestunet i Tuptine i Bykle, dukkar fyrste venda opp i kjeldene våre på 1660-talet, nærare bestemt i 1666, då det vert meldt at der var ei fjerde og ei femte brukseining i Byklum, etter at det i fleire år hadde vore berre tre. Me har oppfatta det slik at dei «nye» bruka då var Lunden og Uppistog. Som me har vore inne på i bolken om Lunden, var det bruket ikkje nytt, men Uppistog tykkjest ha vore det.
Sivilingeniør Aasmund Drengsson Tveiten i Asker har skrive ei stor og god ættebok med tittelen Uppistog - garden under Brokkeskar, og generøst overlate oss ein kopi til bruk for bygdesoga. Me skal herme fleire stykke or henne, og elles har me heile vegen nytta Tveiten sine resultat til jamføring. På sume punkt har me tolka kjeldene noko ulikt, noko som førde til ei rekkje gjevande og interessante samrøder.
Om tunet og husa i Uppistog skriv Tveiten m.a. dette:
| Stogehus og lopt i Uppistog står på ein liten flate under bratte Brokkeskar. Det er såvidt plass til eit lite tun framfor huset.[...]. Loptet sto mest inntil årestoga og med gavl ut mot tunet. Loptet i Uppistog var heller enkelt, [... og ] er heller ikkje særleg gamalt.[...] Uthusa var sette på ein smal flate, eit stykke nedanfor stogehusa. Dette var einaste staden det var mogeleg å plassere hus, så her har [... dei] nok alltid stått. [...] flaten var så smal at det vart svært høge grunnmurar under fjos og tadde, og løa stod på høge honnsteinar på nedsida, medan veggene på oversida stod mest ned på bakken. [Uthusa] er borte nå. [Der dei sto ] er det lagt opp ei stor jordfylling, for å få snuplass til brøytebilane.
|
|
| Les mer …
Holen 1965. Myri nærast, Der uppe attom. Foto: Fjellanger-Widerøe
Der uppe er det andre av dei to gamle bruka på Holen i Bykle kommune. Som namnet tilseier, låg det litt høgre i terrenget enn Myri.
I bolken om den udela garden kom me til at Tarjei Andresson, som var gift med syster åt odelsmannen, var den fyrste oppsitjaren her, og budde her iallfall frå 1690-åra. I den gamle gards- og ættesoga (51) les me at han var frå Brotteli, og ut ifrå namna passar dette godt, det var vitterleg ein Andres Tarjeisson i Brotteli i det aktuelle tidsromet. Men det er uråd å prove at Tarjei her var son hans, og opplysninga i den gamle boka lyt difor stå som ei gjeting. Urimeleg er ho ikkje, men altså usikker. Me set opp fødselsåret hans med atterhald, ettersom det berre er utrekna etter oppgjeven alder ved gravferda.
- Tarjei Andresson, f ca 1652, d 1734
- g m Torbjørg Auversdtr. Holen, d fyre 1734. Born:
- Jorunn, f ca 1681, g ca 1713 m em Asbjørn Torsson Røysland, sjå Valle VI, 511
- Andres, g 1721 m Tone Alvsdtr. Breive, sjå nedanfor
- Gunnar, f ca 1687, g 1718 m Astrid Knutsdtr. Breive, sjå nedanfor
- Auver, f ca 1692, g 1. 1721 m e Gunhild Gunnarsdtr. Bjørnarå, g 2. 1768 m Jorunn Olavsdtr. Bjørnarå, sjå nedanfor, jfr Bjørnarå Der heime
- Anne, g 1731 m Ånund Torgrimsson Flatland, sjå Valle VI, 198 Les mer …
Heimtveiti 1965, fremst løa frå 1750, attanfor hovudbygningen der den vestre enden er jamgamal med løa. Foto: Fjellanger-Widerøe
Heimtveiti er det gamle hovudbølet på Tveiti i Bykle kommune, som dei nyare bruka har vorte kløyvde ut ifrå. Fyrestavinga heim- hadde nok lett for å feste seg til den eldste eininga, vil me tru, men kan også ha vorte teke i bruk avdi denne eininga, fyre Ryningen vart utskilt, var den heimre, sett frå Kyrkjebygdi. Iallfall ser ein at garddelinga i Tveiti fylgjer eit vanleg mønster: Nye bruk vert dela ifrå i utkantane, slik at den eldste eininga vert liggjande att i midten.
Som me har gjort greie for i bolken om den udela garden, meiner me at Orm Gunsteinsson budde i Heimtveiti til han døydde ein gong i åra 1645-47. Etter han tykkjest sonen Ånund å ha overteke dette bruket.
- Ånund Ormsson Tveiten, d fyre 1664
- g m Gunvor. Born, iallfall:
- Hallvard, f ca 1651, sjå nedanfor
- Knut, f ca 1654, n 1666, seinare lagnad uviss, jfr. likevel Nordtveiti
- Liv, f ca 1657, d 1737, ug
At kona åt Ånund heitte Gunvor er sikkert nok, ettersom ei enke med det namnet er registrert i Tveiti i 1666 saman med sønene Hallvard og Knut Ånundssøner, som då skal ha vore 15 og 12 år gamle. Kvar Gunvor kom ifrå veit me ikkje. Les mer …
Slik såg leirstaden ut i mange år.
Evjetun leirstad og ungdomssenter i Evje på Agder er ein av dei om lag tretti leirstadane Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) har i Noreg. Evjetun er ein topp moderne leirstad som driv forskjellige former for barne- og ungdomsarbeid. Sjølve «flaggskipet» på Evjetun er leirskuleverksemda, ti veker om våren og ti om hausten. Då kan det vere opp mot 120 leirskuledeltakarar per veke. Evjetun vart bygt i 1961. Då reiste NLM mange leirstader kring i landet.
2. pinsedag 1961 vart Evjetun leirstad vigsla av hovudstyreformann Kristian Haanes. Bortimot tusen menneske – langt over det ein hadde reikna med – var møtt fram til vigslingshøgtida, skriv krinssekretær Olav Kleven i Ut i all verden nr. 3 1961. Les mer …
Inngangen til Folkemusikkarkivets kontorer Foto: Siri Johannessen
Agder Folkemusikkarkiv vart etablert i 1998 og ligg på Rysstad i Valle kommune. Arkivet er for Agder fylke og er samlokalisert med Setesdalsmuseet og har i tillegg til arkiv og administrative rom eit lytte- og studierom for publikum. Den daglege leiaren er Harald B. Knutsen. For å leve opp til måla og retningslinene søkjer arkivet å kome i kontakt med dei som har gamalt eller nytt materiale som kan bli kopiert og på den måten verte bevart for ettertida.
Agder Folkemusikkarkiv har eit frittståande styre på tre medlemmer som er oppnemnde av fylkesrådmennene i Aust- og Vest-Agder. I åra 2006 - 2010 var kultursjefen i Aust-Agder, Per Norstrøm, leiar medan dei to andre medlemmane var Anne Tone Hageland (fylkeskultursjef i Vest-Agder) og Leiv Solberg (ansvarleg for folkemusikktimen i NRK, tidlegare leiar for Arendal kulturhus). Les mer …
|
|
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Setesdal
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|