Forside:Austsamer

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Forside:Skoltesamer)
Gå til: navigasjon, søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
Samer • finner/kvener • romanifolk • rom • jøder
sørsamer • umesamer • pitesamer • lulesamer • nordsamer • austsamer
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Austsamer
Austsamer   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Skoltesamisk (skoltesam. sääˊmǩiõll, nuõrttsää’m, nuõrttsää'mǩiõll) er det nordvestligaste av dei austsamiske språka. Det historiske utbreiingsområdet inkluderer først og fremst Sør-Varanger kommune i Noreg, nordlige delar av Enare kommun i Finland, og Petsjengskaja rajon og Kolskij rajon i Russland. Skoltesamisk språk er prega av eit rikt vokalsystem, mykje apokope og suprasegmental palatalisering i ord med apokopert fremre endingsvokal. Språket har 9 kasus, og verba blir bøygd i 4 personar. Skoltesamisk er utdøydd som morsmål i Noreg i dag, og i Russland finst det berre kring 25–30 personar som snakkar språket; men i Enare har språket vorte revitalisert og det finst kring 400 personar som snakkar skoltesamisk der. Det no utdøydde nabospråket akkalasamisk vart stundom rekna som ein skoltesamisk dialekt.   Les mer …

Skoltebask av elvebåttype frå kring 1900, no i Norsk Maritimt Museum.
Foto: Olve Utne
Skoltesamiske båtar inkluderer skoltebask — eit namn som viser til relativt lette og korte elvebåtar for bruk i breie og rolige elvar, så vel som litt større båtar til bruk i inste fjordstrøk; og veenâs — noko større fjord- og havfiskebåtar. Skoltebåtane har til felles at bordgangane gjerne er sydd heller enn klinka, at det enkle, symmetriske råseglet, når det blir brukt, gjerne er breiare oppe enn nede, og at båtromma er relativt småe. Dei største båtane blant skoltesamar og andre austsamar så vel som russarar på Kolahalvøya var sjnjaka — store og grovbygde, opne båtar med lengd på kring 7–12 meter og éi til to mastrer, der stormastra var råsegl- eller spriseglrigga og mesanmastra, når ho fanst, var gaffelrigga.   Les mer …

Petsjenga (ru. Печенга) eller Petsamo (fi. og sv.), frå skoltesamisk Peäccam (nordsam. Beahcán) er namnet på landområdet rett austom grensa mellom Sør-Varanger kommune i Norge og Murmansk fylke i Russland. Området er skoltesamisk frå gammalt av, og i si moderne utstrekning utgjer området austdelen av Pasviksiidaen, heile Petsamosiidaen og den vestlige delen av Suenjel-siidaen. Området kom under russisk kontroll i 1533. I og med Tartutraktaten i 1920 vart mesteparten av området lagt til Finland, men i 1944 vart det innlemma i den daverande Sovjetunionen og utgjer i dag hovuddelen av Petsjengskij rajon i Russland.   Les mer …

Boris Gleb. I forgrunnen ser vi bl.a. fleire stabbur. Den nyare, totårna kyrkja frå 1874 er attast til høgre i bildet.
Boris Gleb (nyn./bokm.; russ. Борисоглебский) eller Skoltfossen (fi. Kolttaköngäs) er ein tradisjonell skoltesamisk sommarbustad og ortodoks kyrkjestad på vestbredda av Pasvikelva. Området, som opprinnelig er skoltesamisk, vart lagt under Russland i 1533, og i 1920 kom det under Finland som konsekvens av Tartutraktaten. I 1944 vart det 3,6 km² store området lagt under Sovjetunionen/Russland, der det hører til Petsjengskij rajon (Пе́ченгский райо́н) av Murmanskaja oblast.   Les mer …

Sää´mođđâz (‘samenytt’) var eit skoltesamisk kvartalsskrift som kom ut i Finland frå 1978 til 1986. Språklig sett begynte bladet som tospråklig finsk/skoltesamisk, men etter kvart tok den skoltesamiske delen heilt over. Bladet var maskinskrive, fotokopiert og distribuert på dugnad. Sää´mođđâz laut gå inn i 1986 etter at det vart umulig å finne pengar til kopiering og distribusjon.   Les mer …

Skoltesamar. (1871)
Skoltesamar (nyn.) eller skoltesamer (bokm.) er eit austsamisk folk som tradisjonelt hører heime i Sør-Varanger kommune i Norge; i Inarin kunta i Finland; og i Petsjengskij rajon og Kolskij rajon i Russland. Dei utgjer det vestligaste av dei austsamiske folka — med unntak av enaresamane, som stundom blir rekna som vestsamiske.   Les mer …
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Austsamer
Austsamer
[×] Siida
 
Mest lest
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy