Fossen (Jostedal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fossen
Fossen.JPG
Dalen (øvst), Midre Fossen og Nedre Fossen (knapt synleg) med det nye huset i Uri til venstre, fotografert frå sør
Fyrst nemnd: 1596
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 188

Fossen (Luster, gnr. 188) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Matrikkelgarden ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot Myklemyr og i nord mot Sperla.

Matrikkelgarden Fossen femner òg om det meste av grenda Fossøyane og mykje av grenda Elvøy.

Fossen ligg attmed ein av dei få markante fossane i Jostedøla og må ha namnet herifrå.

Garden på 1600-talet

Garden er nemnd i presteskattelista frå 1596, som er den fyrste skattelista ein har frå Jostedalen etter øydetida i seinmellomalderen.[1] Etter denne lista skulle Enner på Faas yte fire mælar korn til presten. Berre tre andre gardar skulle gje presten korn (alle fire mælar) - Åsen og dei to brukarane i Fåberg, noko som tyder på at Fossen var ein god korngard.

Også dei neste skattelistene fortel om ein god gard. I 1600 skulle Enner Foss betale 7 merker talg og eitt geitskinn i leidangsskatt, noko som plasserte han mellom dei fire brukarane i Jostedalen som betalte mest.[2]

Etter 1610 har likevel fleire andre gardar gått forbi Fossen på skattelistene, så garden låg no på 6.-7. plass.[3] Ved midten av 1600-talet plasserte Fossen seg midt på lista over skyldtalet for jostedalsgardane. Det galdt både matriklane frå 1647 (1,08 laupar smør) og 1666 (1,45 laupar smør).[4]

Sjølveige

Som resten av Jostedalen høyrde Fossen til Munthe-godset. Unntaket var ein kortare periode (ca. 1882-88) då prestesonen Hans Ottoson Ravn åtte nokre gardar, mellom anna Fossen. Den fyrste sjølveigaren var Knut Guttormson Ødegaard som fekk skøyte på garden for 250 rdl av Munthe-arvingen Jens Munthe den 28. juli 1778. (Sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800)

Fossen hadde ei tid to brukarar kring 1660, men var udelt fram til 1805 då garden vart delt i to med utskiljinga av Nedre Fossen (i dag bnr. 5).

Brattlendt

Dei tre bruka som utgjer den opphavlege garden (bnr. 1, 3 og 5) ligg i svært bratt terreng og var lite eigna for mekanisert jordbruk. Frå slutten av 1800-talet og gjennom 1900-talet er det difor i Fossøyane og delvis i Elvøy at ekspansjonen i busetnad og jordbruk er komen innanfor den gamle matrikkelgarden.

Bruk

Stovehuet i Midtre Fossen med Elvøy i bakgrunnen

Bruk i tilknyting til det eldste bruket:

  • Bnr. 1 Fossen (midtre) - det opphavlege bruket
  • Bnr. 3 Dalen - tidlegare husmannsplass, fråskild bnr. 1 den 12.4.1862
  • Bnr. 5 Fossen (nedre) - fråskild ved at bnr. 1 vart delt i 1805

Bruk i Fossøyane:

  • Bnr. 4 Fossøyplassen - fråskild bnr. 1 og 3 den 14.10.1865
  • Bnr. 9 Fossøyane - fråskild bnr. 5 den 7.10.1895

Bruk i Elvøy:

  • Bnr. 2 Fossen (Elvøy) - utskild frå bnr. 1 den 17.10.1860
  • Bnr. 6 Kasøy - fråskild bnr. 2 den 19.5.1891

I tillegg er det fråskild ei rekkje tomter som ikkje er tekne med her.

Husmannsplassar

Det har vore ni husmannsplassar og heimar under Fossen. Sjå under Fossøyane om dei fem som låg der. Dei fire andre var:

  • Fossehaugen (Øygardsbakken) - rydda kring 1772, plass under bnr. 1, frå 1805 under bnr. 5, nedlagd 1900 (huset stod til 1926)
  • Hesteflaten - rydda kring 1832, nedlagd kring 1843 då plassfolket flytte til Dalen
  • Dalen - rydda kring 1843, fråskild 1862 som bnr. 3
  • Uri - rydda kring 1885, fråskild 22.8.1966 under namnet Ekrebakkene (bnr. 30)

Notar

  1. Presteskatten 1596 (Jostedal historielag)
  2. Jordeboka 1600 (Jostedal historielag)
  3. T.d. Jordeboka 1611 (Jostedal historielag)
  4. Matrikkelen 1647 og Matrikkelen 1666 (Jostedal historielag)

Kjelder og litteratur

  • «Fossen» i folketeljinga 1801 (Digitalarkivet)
  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 114-171. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Fossen», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane