Frøyrak (Bygland)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frøyrak
Frøyrak.jpg
Frøyrak Der heime.
Foto: Tormod Tveitå (2010).
Fylke: Agder
Kommune: Bygland
Gnr.: 55

Frøyrak er gard nr. 55 i Bygland kommune. Gardsvaldet femner om eit areal på om lag 13 500 da i to teigar. Hovudteigen ligg omkring garden, ved fjorden og innover til og med Røyrfjell. Det verkar ikkje naudsynt å tenke seg at Frøyrak har gått ut frå nokon annan gard, men det er vanleg å tenke seg at opphavsgardane hadde gardsvald som gjekk frå fjord til langstreng, dvs til Åserals-grensa. Det har ikkje Frøyrak, og ein må då tenke seg at garden i svært gamal tid har gått ut frå Dale. Den andre teigen er eit heieområde omkring Ormslivatna, mellom gardsvalda til Dale og Horverak/Tveitå. Det finst ikkje kjelder som kan fortelje om korleis dette området kom under Frøyrak, anna enn det at begge bruka har sin del av Ormsli, slik at Ormsli må ha høyrd med frå før bruksdelinga midt på 1600-talet.

Etter Oluf Ryghs Norske Gaardnavne er første leddet i gaardsnamnet gudenamnet Frøy (eller Frøya), andre leddet kan hende -akr (åker), men mest truleg –rak. Denne endinga er ikkje sikkert tolka. Ho blir gjerne sett i samband med verbet å reke. Å tolke –rak som –veg/sti blir då nærliggande, men høver ikkje alltid godt, og slett ikkje her. Tormod Tveitå har difor utvikla sin eigen hypotese: -rak kan ha samanheng med det som rek i vassdrag og blir liggande ved strendene, slik at endinga –rak får tydinga –strond.

Fornminne

På denne stolforma steinen utpå Sikkomodden sat spelemennene medan folk dansa på vollen nedanfor – difor namnet Spelemannssteinen. Han var i bruk langt inn på 1900-talet.
Foto: Tormod Tveitå (2011).

På Sikkomodden rett sør for tuna låg ein gravhaug som vart utjamna litt etter århundreskiftet. Dette var etter segna grava til Frutti Frøyrak. Ei stor steinhelle som vel var dekke over gravkammeret vart teken vare på og står oppreist nær staden der grava var. Her vart det seinare (ved harving) funne ei ringspenne av bronse. I området er det også funne flintreiskap, og i strandkanten nedanfor tuna finst slagg etter jarnvinne. Langs strendene frå garden og til vika nord for Hagenes er det gjort funn etter steinalderbuplassar. På Berge er ein gravhaug inne i dalsøkket, ved sørenden for den gamle slåttemarka. Ved Kopsås er ein gravhaug. Denne skal etter segna vere grava til Gyro Muggsdtr.

Diplom

Frå 1400-talet er kjend tre diplom med tilknytning til Frøyrak (alle trykte i Diplomatarium Norvegicum). I 1434 kunngjer Tore Eivindson at han har seld si jord Frøyrak til Leidulv Jonson. I 1436 får Leidulv Jonson kvittering av kannik og korsbror Olav Eirikson for tre års rekneskap for Årdal kyrkje. I 1453 var der sjaund (gravøl) på Frøyrak etter Torbjørg Tallaksdtr. Der vart arven etter henne dela mellom dei to borna hennar, og Leidulv Jonson kjøpte det ho hadde ått i Frøyrak. I brevet er det også tale om dei øydejordene som Torbjørg åtte og dei som Leidulv åtte.

Odelsætta/første kjende brukar

Når Leidulv Jonson i to omganger kunne kjøpe partar i Frøyrak, må ein kunne tru han høyrde til odelsætta. Han må ha budd i Årdal sokn, og mykje truleg på Frøyrak – men det er ikkje heilt sikkert. Derimot må Torbjørg Tallaksdtr ha budd der ettersom sjaunda var der. Noko samanheng mellom desse og seinare brukarar på Frøyrak er ikkje kjend. Av eit brev frå 1622 går det fram at den første sikkert kjende brukaren på Frøyrak, Nils Gunnarson (nemnd 1594 – 1624) hadde odelen sin frå si mormor Åslaug. Åslaug var også mormor til ein søskjenflokk i Vegusdal som selde sin arvepart i Frøyrak til Nils. Åslaug må ha vore fødd tidleg på 1500-talet, men meir er ikkje kjend om ho. Truleg var det ein annan del av odelsætta som sat på Kiland i Fyresdal, dei hadde ein stor eigarpart i Fyresdal omkring midten av 1600-talet. Torjus Jørundson (ca. 1608 – 1674) som brukte halve Frøyrak frå 1640-åra av, må ha høyrd til same odelsætta. Han og sønene kom etterkvart til å eige heile Frøyrak og er forfedrane til dei seinare brukarane fram til i dag.

Eigedomstilhøve

Landskylda til Frøyrak var 4 huder, seinare nedsett til 3 huder. Av dette måtte brukarane betale leige for 3 kalvskinn til kyrkja. Då Torjus Jørundson kom inn på Frøyrak, vart garden dela i to like bruk, kvart på 18 kalvskinn. I 1730-åra selde Torjus Ommundson på bruk 1 (Der heime) halvtanna kalvskinn til grannen på bruk 2 (Der nord), slik at dei to gardane fekk skylda 16 ½ ksk og 19 ½ ksk. Kyrkjegodset i garden vart innløyst omkring midten av 1800-talet. I 1884 var det utskifting av sameige i innmarka. I 1918 vart plasset Geitelia (offisielt namn: (Solli) skild ut som bruk 3.

Støylar og øydegardar

Alle støylane/øydegardane var felles for dei to bruka. Berge ligg nede ved fjorden. Bruken av staden før det kom husmannsplass her er ukjend, men staden kan vel ha vore slåtteland og/eller heimestøyl. Gravhaugen i sørenden viser gamal busetnad.

Skjemmingtveit ligg omlag 450 moh og må etter namnet ha vore øydegard frå mellomalderen. Både her og på Kopsås litt lenger nord skal det vere merke etter gamle åkerfall, på Kopsås også ein gravhaug. Oluf Rygh har funne Kopsås som forsvunne gardsnamn (Kalffsaas). Begge gardane hadde støylsbuer begge stader. På Skjemmingtveit vart buene godt vedlikehalde/nybygde fordi dei også vart nytta til skoghusvære. På Kopsås rotna dei ned, men ei er nå bygd opp att. Ormsli-støylane låg ved nordenden av vatna, ca. 590 moh. Den siste støylsbua der brann opp etter at turistar eller fiskarar hadde vore uforsiktige med elden på åren. Dei slo på heia til i byrjinga av 1950-åra, men Ormsli-støylane var gått ut av bruk ein god del tidlegare.

Husmannsplass

Torjus Odden (Torjus Olavson 1825 – 1908) var den mest brukte spelemannen gjennom mange tiår av 1800-talet. Han var også den viktigaste læremeisteren for yngre spelemenn i nedre Setesdal og må på mange måtar ha sett ein mal for korleis felemusikk i Setesdal skulle vere.

Det eldste plasset er Odden (i gamle dokument også kalla Mørkenesodden) på det som før oppdemminga var ein odde utafor dei gamle gardstuna. Plasset vart til på jord tilhøyrande begge bruka. Dei første plassfolka var Gyro Torjusdtr (frå bruk 1) og Olav Pålson. Festeseddel frå bruk 2 fekk dei i 1839, men kan nok då ha budd på Odden ei tid. Same ætta vart verande på plasset til nær 1900. Seinare flytte dei inn i Geitelia som dei kjøpte i 1918. Berit Senum døydde her i 1971 som den siste av slekta. Geitelia under bruk 1 vart til i 1859 og vart verande husmannsplass med vekslande husmenn til 1911. Berge var plass i tida 1860 – 91 med jord frå bruk 2. Ein kort periode var her også eit plass med jord frå bruk 1, med busetjing omlag 1875 – 81.

Folketal og bebuarar

I 1801 budde 16 menneske, to familiar, på garden som då vart kalla Frøyrach. I 1865 hadde dette auka til 34, like mange var der i 1900. I dag bur det berre ein fast på garden. Skriveviset i tabellane er henta frå Digitalarkivet sin transkripsjon av folketeljingane.

Folketeljinga 1801

Namn Hushald Alder Stilling Sivilstand Yrke
Torjus Omondsen 1 26 Huusbond Begge i 1te ægteskab Bonde og gaardmand
Christi Knudsdatter 1 24 Hans kone Begge i 1te ægteskab -
Guro Torjusdatter 1 4 Deres datter - -
Guro Taralsdatter 1 59 Huusbondens moder Enke efter 1te ægteskab Folloug
Omond Omondsen 1 21 Tieneste dreng Ugift -
Anne Omondsdatter 1 24 Tieneste pige Ugift -
Tore Taralsdatter 1 51 Tieneste pige Ugift -
Gunsten Grundesen 2 39 Huusbonde Begge i 1te ægteskab Bonde og gaardmand
Ingebor Osofsdatter 2 40 Hans kone Begge i 1te ægteskab -
Grunde Gunstensen 2 18 Deres søn Ugift -
Jørgen Gunstensen 2 7 Deres søn - -
Osof Gunstensen 2 1 Deres søn - -
Guro Gunstensdatter 2 12 Deres datter - -
Anloug Gunstensdatter 2 10 Deres datter - -
Kari Gunstensdatter 2 5 Deres datter - -
Sigri Gunstensdatter 2 48 Tieneste pige Ugift -

Bygningar

Beitskiene inni buret Der nord har dekor med tulipanmotiv i treskurd.
Foto: Tormod Tveitå (2012).

Dei gamle bustadhusa står framleis på begge gardane og i Geitelia. Huset Der nord skal vere det gamle som vart flytt ut frå det gamle fellestunet (ved tunet til Der heime) ei gong tidleg på 1800-talet. Huset Der heime vart bygd omlag 1830, seinare påbygd bak og litt i høgda. Berit Frøyrak fortalde (munnleg) at det var tippoldefar hennar (Ommund Torjusson) som bygde huset. Han tok først og skava stripar av borken på trea og let dei så stå nokre år før han hogg dei til husetømmer.

Det er gamle tohøgda bur av magetelgd tømmer på begge bruka. Der nord har ein på 1800-talet teke ned loftet og sett det i lengda av bursdelen, slik at ein har fått eit einhøgda bur med to rom. Det innerste romet er bursdelen, og døra inn dit har breie beitskier med fint utskoren dekor der hovudelementet er tulipanar. Over døra er innskoren ”dETTE BUR ER OPBYGT 1794”, men lenger oppe står innskriven årstalet 1784. Buret er bygd av grovt magetelgd tømmer, og eg ville ut frå tømmeret ha tenkt meg buret ein del eldre, men tulipanmotivet på beitskiene tilseier nok at dei to årstala viser rett tid på bygginga, ikkje berre på ombygginga. På buret Der heime vart svalgangane skorne av ei gong (berestokkane har lett for å rotne) og veggane vart kledde med bord på utsida. Tradisjonen knyter dette buret til segnene om Frutti/Skjøring og dermed til tida omkring svartedauden, men – sjølv om buret er gamalt, kan det ikkje vere gamalt.

Buret i Geitelia stod før på plasset Odden, men skal før det ha kome frå Der heime (opplysning frå Olav Frøyrak).

Segner og soger

Frutti Frøyrak

Segna om Frutti Frøyrak fortalde Torjus Odden (Torjus Olavson Frøyrak, 1825–1908) slik (etter Nils Nersten):

Rudkallen på Frøyrak var Skjøring som ligg gravlagd ned med fjorden. Jo Horverak sa dei gravla rudkallen slik han kunne sjå heim mot garden. Gyro, kåna hass var frå Bykle. Far hennar var Mugg Byklum. Ein gong Mugg ville sjå te dotter si på Frøyrak, tok an med ein skistav frå Bykle. Staven din kan me bruke te stavlægje i stophuse, sa Gyro. Eg kunne ha tekje ein større med heimanfrå, sa Mugg. Gyro kom eingong frå heidi og ville hente mat, dei låg på heia og slo. Då ho læste seg inn på stophuse, va de ein tjove som løynde seg i kornkjere. Gyro tok stophuslykjelen og slo tjoven i hel og bar an av i ei tjønn nord om garden. Tjønni hev dei sia kalla Tjovetjønn. (Merknad: Jo Horverak er Jo Gunnuvson, Grise-Jo.)

Gamalt or Sætesdal har segna meir utbrodera. Her blir Frutti og ein del andre segnfigurar skildra som kjemper som overlevde Svartedauden. Men likskap med segner om rudkall er klår. Frutte Frøyrak stod det (Svartedauden) og Elling Iddidal, broer hans; men Iddidal var upprudd på heidi. (Merknad: Iddidal er Iddedalen på heia mellom Jordalsbø og Tovdal.) Frutti Frøyrak va mågjen ’ass Mugg’e Byklum – han ha Gyro Byklum, dotter ’ass Mugg. Måli ’ass Frutti e å a slaberg me a tjønn mijjom Frøyrakstøylo: Føtann’ våre nie allni lange. Fysst ’an flutte støylemijjom, Frutti, då sat ’an kvilti på dei bergjè. So la dei steina innat o rundt kringum frå hæl ti sess, å dei steinann liggje enno so som dei la dei. Fiskesåti ’ass syner i bergjè. Han fiska so mykji i dei tjønninn’. Dei kadde tjønni «Skjøringstjønn», av di «Skjøring» va venemni ’ass Frutti. Gyro va heim av støylè ett ’n matkass’e. Då va der tjova hit i burè. Som ’u trivla ni a konnkjer kjend’ ’u håri: «Va de her eg gjøymde handrokkjen,» sa ’u. Men så gådd’ ’u seg å greip dei å gjekk ut med ei, ein tjov i kvere håndinn’, å smelte dei i hop so de alli natt i dei. Hu kasta dei i «Tjovetjønni» – de va då den tjønni fekk namni.>br /> Frutti sett upp lopt å Frøyrak.

Oskoreia

Gamalt or Sætesdal fortel om då Frøyrak vart vitja av Oskoreia: Mannen på Frøyrak «der heimi» va ti kjyrkja nyårsdagjen. Då gjekk 'an innat 'an. Mòseimannen, å takka for godt øl. «Du hev 'kji smaka mitt øl,» sa Frøyrakjen. «Jau, so menn,» sa hin; «eg fygde oskoreiè, å mi drakk av tunnun' å fyllt' att'e med vatn, å so vog me upp løa å slepte hestann' undi,» sa 'an. «Va di 'kji «der nori,»» sa Frøyrakjen. «Der va tome på tunna å teppe på tappen,» sa Moseien.

Skjemmingtveit

Gamalt or Sætesdal fortel også om øydegarden Skjemmingtveit: På Tveitå upp i Longerakslidene og på Skjemmingtveit på Frøyraksledi sat to brøder. Dei heldt livet (under Svartedauden). Båe var smedar. Dei slo so dei høyrde kvarandre koss det glama, og det var so langt at dei inkje kunne høyre med dei huva. Han kom av dagetalet plent, Tveitåmannen. Då glåpte han hit til Skjemmingtveit: «No e 'er joledagjen; bro'i gjeng'e med storstakk,» sa han - av di karmennane gjekk med stakk i joli: det var raude kjolar som var fotside.

Kopsås

Mikkjel Skjevrak fortel i den første Byglandssoga ei segn om øydegarden Kopsås: den siste som budde der var ein smed Tarjei og kona Ingebjørg. Dei flutte seinare ned til Stamsnes og rudde seg ein verestad der.

Gysanden

Gamalt or Sætesdal har fleire segner om Heilag Olav i Setesdal, også ved Gysand på Frøyrak: Eigång kom Santolav sigglandi sunnati, frå Gullsmemoè. Då va der a gygr som ville dytte fjoren att’e me Longerak. Hu støytte tvæ kylttru sand ut-i av «Horginn’». Der vart’n grunni langt austigjenom – de e «Gjysanden» mi kadde; men der va etti a slòk, somykji der va ført.

Bryllaup

I Hornnesboka vert det fortald om bryllaup i gamle dagar: Øl var der mykje av, sume bryggja eit par tunnor, sume mindre. På Frøyrak uppe i dalen bryggja dei 5 tunnor.

Gunnstein Frøyrak

Eivind Danielson Aakhus fortalde om Gunnstein Frøyrak (1762–1829): Gunnstein Grundison Frøyrak va so umframs klok ein mann, konstig aa go ti arbei, aa rike va han. Han skar ut ein globus hel jorkule, aa paa den ti, som alle der tenkte jore va flat. .... Gunstein skull have raut haar.

Grunde og Birgit

Eivind fortel også om Grunde Gunnsteinson (1783–1857) og kona hans, Birgit Danielsdtr: Grundi va fuldt store, men inkji so store som sønin sine, Dei va gasta store aa likeeins døttan, men kaana hans, Birgit, va store opførskleg aa drusteleg. Kanskji de laag mei i slekti fraa Dali. ... Grundi Frøyrak va helle stilvoren, men song aa kvo so mykji. Han skull have so makelaust godt maal. ..... Men Birgit va so utifraa letliva. Endaa ho ha vaksne born, naar son hennar, Eivind, spila, kun ho take tenestjenta aa dansa so de bare fauk etti. Ho blei so ungt gift. I bryllupe hennes, den andre dagen, daa ho ette gamal skjik tok av seg lai (krona) aa sette paa seg skaut, so kasta ho de au, aa sprang mæ smaaborne ne mæ Frøyrakskjilen aa ha moro mæ dei.

Den ramme slåtten

Torkjell Aslakson var spelemann i eit bryllaup på Frøyrak, truleg då Daniel Grundeson gifte seg i 1846. Då kom han på den ramme slåtten fortel Gamalt or Setesdal, for dei hadde so stute sterkt noko øl på Frøyrak. Dei fann han på loftet der sør og fekk liv i han att, og utpå morgonen hadde han kvikna til såpass at dei fekk han til å spele att. Me gådde aldri åt, so var stoga full av folk. Men då vart spelet ovbyrja. Det øya og kvein i kvar ei sud. Det var ei gru å høyra. Ånond Neset tok fela av han. Men ho let slåtten like godt. Alle vart vordstøkte. Dei såg fela med ho låg på bordet og let. Tarkjell hadde kome seg ut i forstoga. ... Spelet på Frøyrak var det største meistarstykke Tarkjell gjorde med fela: «Eg rokk de alli antel fyrr ell sia,» sa han.

Odden

Gyro Olavsdtr (1865–1967) vaks opp på plasset Odden og budde seinare på plasset Geitelia. Då ho fylte 100 år vart ho intervjua, og det ho fortalde vart trykka i serien «Agder i manns minne». Som ho sjølv fortalde, var far hennar «plent utgåmåle» då han gifte seg med mor hennar, og dermed kunne oppskrivaren i 1965 skrive ned eit memorat om tilhøva i 1812: Papa kunn gott minnast haråre 1812. Dei ha baka borkebrau. Då dei fekk konn å fekk goe mate, bar dei borkebraue te jeitan, men dei vill alli have de. Papa sa at gome totte dei ha so mykje av kræture i dei hare åræ. Dei ha smørnåu store som bakstrenåu. Foreldræ te papa bruka på Bakke då. --- Olav og Gyro bruka garen Frøyrak for møyr hennes de fysste. Men so fekk dei Odden te husmannsplass. Dei blei gott tesette mæ mange slåttu, å Odden va store, so dei ha 3-4 kjy å saue å jeita. Stoga dei sette upp va sekslepte som adde husmannsstogu, men ho va høge å fine. Greit fjos å løe å låve, stophus å jeitefjos å sauefjos å smie fekk dei seg.
Papa sill saume klæe å sko å smie nåkå. De va leiga. – Gyro va helste rike. Ho ha so gaste mykje sylv, kistu, skrin å klæe å innbu, so dei va velstandsfolk. (Olav var Olav Pålson (1802–1876), Gyro var Gyro Torjusdtr (1797–1853), første kona til Olav Pålson.)

Musikk

I siste halvdelen av 1800-talet var Frøyrak eit kraftsentrum for slåttemusikken i Setesdal. Omgrep som Frøyrakspelemennene, Frøyrakspel og Frøyrakslåttar er framleis i bruk. Temaet er for stort til å bli skildra grundig her – berre talet på spelemenn frå to gardsbruk og eit plass (Odden) er forbløffande. Dei var alle meir eller mindre i slekt, og utan at her er mykje kunnskap å finne om det, vil eg tru at musikktradisjonen her har røter lenger tilbake enn til den første spelemannsgenerasjonen vi kjenner (fødde 1819–1850). Nokre av Frøyraksspelemennene er kjende med andre gardsnamn enn Frøyrak så som Eivind Ommundson Hamre (fødd på Frøyrak), Eivind Danielson Åkhus (far frå Frøyrak) og Ommund Sveinson Tveitli (mor frå Frøyrak).

Gamalt or Sætesdal peikar særleg på Eivind Grundeson (1829–1891) som den fremste, og Eivind Aakhus omtalar han som dalens beste spelemann den tid han spelte. Men her har nok Vidar Lande rett når han framhevar Torjus Odden (Torjus Olavson, 1825–1908) sin posisjon i Setesdals-musikken, – han fekk «sers stor betydning for musikkutviklinga» i dalen. Han synest ha hatt eit svært stort repertoar og hadde i større eller mindre grad kontakt med alle spelemenn i dalen. Eivind Aakhus fortel at ingen spela i så mange bryllaup som han. Når han i lang tid ikkje vart så sterkt framheva, vil eg tru det var litt fordi han var ein stillfarande husmannsgut som det ikkje hefta noko eventyrleg med, heilt ulikt Eivind Grundeson og Nere Nese. Ein stor del av dei slåttane som finst idag er bevara i tradisjon etter Torjus. Eivind Ommundson på Hamre hadde mest alle slåttane sine etter Torjus. Torleiv og Olav Frøyså, Eivind Danielson Aakhus og Sandnes-spelemennene er særskild nemnde som elevar av Torjus. Det same kan vel gjelde alle spelemennene på Frøyrak, kanhende inkludera den fire år yngre Eivind Grundeson. Truleg gjeld det også for alle andre det er sagt om at dei var på Frøyrak og lærde, så som Nils Horverak og Gunnar Austegard.

Også balladar vart brukte på Frøyrak, både Lindeman og Sophus Bugge skreiv opp folkeviser etter Gunnstein Grundeson (1819 – 1877).

Nokre stev er knytte til Frøyrak:

Å vi du lær deg ti fare ute,
så må du ti Frøyrak å gå i skule.
Å vi du lære deg ti å fri,
så lyt du ti Frøyrak ein månes ti.
Då vi eg sele min silkjarmuse
å so ti Frøyrak å fare ute.
Å jau silkjarmusen an vegjen finn,
fyst eg kjem ti Frøyrak då slepp eg inn.
Danil Frøyrak mæ gule lokka
Å stutte bukso å krota sokka.
Mæ Øksevatni so fer han fram
Å mæ syndre Dalstoga friar han

Merknad: Danil var Daniel Grundeson Frøyrak/Åkhus (1822–891). Litt rart at ein ung mann i 1840-åra var kledd i stuttbukse og ikkje i skinnfu. Dale må her tyde Dale i Tovdal.

Berit Frøyrak ho va kje vande
ho ha Torjus Odden til spilemanne
Kari Holland ho ha til kokk
men Olav Eilivson tappa godt
Eivind Aakhus er go ti fele,
men mykji bære er han ti bele,
mykji bære er han ti fri,
hel han er ti klunke paa fela si.

Merknad: Eivind Aakhus tyder her Eivind Grundeson Frøyrak (1829 – 1891) – foreldra åtte også den garden og budde lenge der.

Kjelder

  1. Skar, Johannes: Gamalt or Sætesdal. Samla utg. Oslo 1961
  2. Bolling, Reidar: Gards- og ættesoge for Bygland. Bygland 1952
  3. Skjevrak, Mikkjel i: Byglands soge, Kristiansand 1939
  4. Lande, Vidar: Slåttar og slåttestev frå Setesdal. Etnisk Musikklubb 2004
  5. Nersten, Nils: Minner fra Setesdal. Arendal 1950
  6. Aakhus, Eivind Danielson: Ættesoge, handskrive eksemplar 1915
  7. Agder i manns minne. Kristiansand 1939

Koordinater: 58.754427° N 7.816667° Ø