Fyresvatn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fyresvatn mot syd, frå Våmur.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2010).
Fyresvatn mot nord, frå Våmur.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2010).

Fyresvatn er den største innsjøen i Fyresdal kommune. Innsjøen er 57,6 km2, ligg i ei høgde av 279m o. h. og er 26km langt. Største djupna er 369m og Fyresvatn er med det den 5. djupaste innsjøen i Noreg. Det ligg sentralt i kommunen sin sørlege del og set sitt preg på heile landskapet. Riksvegen gjennom bygda går på austsida av vatnet og over fjellpartiet Våmur der den høgaste delen er 670m over havet.

Fyresdalsvassdraget er ein del av Arendalsvassdraget (Nidelva). Frå Fyresvatn renn Fyresdalsåna ut i innsjøen Drang. Elva frå denne møter elva frå innsjøen Nisser i Nissedal kommune og renn vidare mot sør under namnet Nidelva.

Namnet

Det gamle namnet på Fyresvatn er Fyrir (Fyrir-sæ). Ser vi i Leiv Heggstad: Gamalnorsk ordbok, s. 189, står det:

Fyri, fýri (subst.) 1. fyre, furuskog, furuved

Fyrir (prep) 1. fyre – framanfor, nedanfor, i vegen for, i fyrevegen.

Preposisjonen fyrir er stadig forveksla med substantivet fyri og teke til inntekt for at namnet på dalen kjem av furu. Men etter gamal tradisjon kjem namnet av at dette vatnet låg framom ein, i vegen for ein, då innvandrarar kom opp mot dalføret for å slå seg til her i dalen. Framom seg hadde dei vatnet og på båe sider var det bratte fjell. Dette gjorde det umogleg å koma vidare opp til sjølve dalen ved å ferdast langs vatnet. Dette vatnet som låg framom dei var med det i vegen for ferdsel vidare, og fekk slik det logiske namnet Fyrir, det (vatnet) som ligg i vegen. Dei kom altså til Fyrirsæ og vidare til Fyrirsdalir.

Kjelder

  • Aschehougs konversasjonsleksikon. Femte utgave. Tredje opplag. bind 7. Oslo 1974
  • Heggstad, Leiv. Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding. Det norske samlaget. Ubrigda opptrykk 1958
  • Rygh, O. Norske gaardnavne Syvende bind, Bratsberg Amt. Bearbeidet af A. Kjær. W. C. Fabritius & Sønner A/S Kristiania 1914