Gamnes (Harstad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamnes
Sted: Ervik
Fylke: Troms
Kommune: Harstad
Gnr.: 78
Hovedbygninga frå 1884 på Gamnes gard.
Foto: Gunnar Reppen (2011).

Gamnes gard har gnr 78 og ligg i grenda Ervik ca. 5 km frå Harstad sentrum. Gamnes var frå gamalt av ein del av hovudgarden, Ervik gard, som har gitt bygda namnet sitt. Heile matrikkelgarden Gamnes er på ca 3000 dekar, og bnr 1 er på 700 dekar. Den fyrste som vi med vissing kan seie har budd på neset, er Anders Andersen, son av Anders Olsen frå Trondheim som i 1701 satt som husmann under Ervik.

Gardshistoria

Gamnes blei 17. mai 1832 skilt ut som eigen gard. Namnet er fyrst kjent frå notat frå den gamle Ervik gard, då fleire av husmennene hadde plassen sin på Gamnes. Namnet kjem nok av ordet gamme, sidan det fans gamle gammetufter i nærleiken av der kor brygga ligg, og i følgje kjeldene fans det fram til 1744 ikkje nokon andre hus enn gammar på garden. Litt lenger inn i marka, ved Storsletta, fins det rester etter jordgammar, som ein samefamilie etterlét seg omkring 1770. Desse restane vert skreve inn i SEFRAK-registeret.

I 1832 då garden blei skilt ut frå Ervik, sat ein Rasmus Valberg som husmann, men sidan garden blei lagt ut til Birgitte Killengren haldt han fram som ein bygselmann for ho, inntil ho i 1835 blei gift med Klaus Lampe. Lampe sette opp eit torvgjerde mot utmarka (no kalla Lampegjerdet). Han fraus tragisk nok i hel i 1838 etter ein 14 dagars «rangel». Etter fleire eigarar kom garden i hendene på Martinus Norom som var gift med Elisabeth Sofie Hay frå Bjarkøy. Elisabeth tok med seg ein son inn i ekteskapet, Aron Lund Arnesen, og Martinus drog i 1858 heile garden over til stesonen for 700 spesidalar. Aron selde derimot samtidig halve garden (bnr 3 Gamnes) til Lars Olai Berntsen for 650 spesidalar. Aron Lund Arnesen tok då over den vestlige delen av garden (bnr 1) og blei gift med Inger Margrethe Edisdotter frå Varmedal. Aron var ein føregangsmann når det gjaldt sildenotfiske, men var også ein interessert gardsbrukar. Han fødde i 1875 ein hest, åtte storfe og 17 sauer, og i 1884 bygde han den store hovudbygningen på bruket. I 1905 blei ein tredjedel av garden skilt ut til Edias Aronsen, broren til Arne Aronsen (bnr 6 Frydenlund).

Det har vore opptil sju husmannsplassar under Gamnes. Gamnesstranda, Fredrikhågen og Tennbakken er tre eksemplar. Det finnes diverre få skriftlege kjelder om disse.

Brygga

Gamnesbrygga.
Foto: Gunnar Reppen (2008).

Karakteristisk for Gamnes er brygga med tilhøyrande bryggehus, og så seint som i 2007 stod den gamle butikken (også kalt Gamnesbutikken eller Brødrene Aronsen) ved riksvegen og vitna om gardens betydning som handelsstad. Butikkbygningen blei i 2007 flytta og restaurert på ny stad på tunet til hovedgarden.

Sidan Gamnes hadde god havn, brukte fogdene i Ervik «Gamnæset» til oppsett av båtane sine, som i den siste råseiltiden telte heile fem jekter.

Gamnesbrygga var i si tid òg viktig i sildnotfisket. Ho går òg under namnet «Aronsen-brygga» etter Aron Arnesen og sønene Eidis og Arne Aronsen. Dei to sistnemnde starta i 1903 landhandel på Gamnes under namnet Brødrene Aronsen.

Nyare tid

I 1950 tok Rolf David Eggum (f. 1925) frå Rånås i Akershus saman med Inger Margrethe Eggum, f. Aronsen (f.1922, d.1996) frå Gamnes, over garden bnr 1 Gamnes. Dei fikk seks born, kor av eit døydde i barselseng. Dei dreiv garden fram til 1984 då noverande eigarar kjøpte og overtok garden.

Inntil 2005 var Gamnes eit gardsbruk med kjøt- og mjølkeproduksjon. På slutten hadde garden økologisk mjølkekvote på 197,5 tonn per år. Gamnes gard er sidan 2005 omlagt til å vere ein «inn på tunet»-tilbydar, og vertsgard for Harstad hestesportsenter med Stall Oldersletta (18 stallplasser) og Stall Gamnes (32 stallplasser)([www.gamnesgard.blogspot.com]). Eigarane er Vivi-Ann Sandnes Eggum og Oddmund Eggum, som kjøpte opp garden frå Oddmund sine foreldre i 1984. Dei har tre born Vibeke (f. 1984), Mia (f. 1986) og Erlend (f. 1988). I tillegg har to fosterborn budd i familien. Eigarane har strukturbåten M/S «Varodden» som er 16,5 meter, 56 fot.

Lokale stadnamn på Gamnes gard:

(Stadnamna i alfabetisk rekkefølgje)

  • Alfredholla
  • Brygga
  • Dammen
  • Dynamitthuset
  • Dynamittvegen
  • Eldhuset
  • Elveneset
  • Ervikelva
  • Fella
  • Fredrikhågen
  • Gammelsømmarn
  • Gamnes
  • Gamnesbakken
  • Gamnesstranda
  • Grønnbakkan
  • Grønnbakkmyra
  • Grønnbakksletta
  • Hestegjerdet
  • Hestegjerdet
  • Holmen
  • Hula
  • Hytta
  • Hyttetomta
  • Kalvegjerdet
  • Kjellgrennholla
  • Klausholla
  • Lampegjerdet
  • Lampegjerdet
  • Larsastykket
  • Larsbernsabakken
  • Mannskithaugen
  • Markusstykket
  • Mathisenholla
  • Mitthuset
  • Myra
  • Naustet
  • Nysømmarn
  • Oldersletta
  • Olsenåkeren
  • Ramnfløya
  • Rettstrekka
  • Sjettikkvegen
  • Skråbakken
  • Sommarfjøsen
  • Sommarfjøsvegen
  • Storsletta
  • Stranda
  • Sæterbakken
  • Sæterelva
  • Sætersletta
  • Sætra
  • Tennbakken
  • Torvdammen
  • Torvholla
  • Torvmyra
  • Torvsjåen
  • Tørkesletta
  • Vadet
  • Vesselsletta
  • Wickstrømmyra
  • Ålholla

Om stadnamna

1-9

  • 1. Gamnes [gam’ne:s] n. eintal ubest. Kulturnamn Kartref: Nes i Ervik inst i Vågsfjorden, utmerkingsleddet i namnet kjem av det g.no ordet gammi ; gamme, jordhytte, då det var fleire gammetufter her inntil slutten av 1700-talet. Det budde samar og lappar her inntil 1770-åra, og det fins enda rester av nokre gammetufter litt lengre inn i marka. Informant: NG, OE, FTE, NS
  • 2. Myra [my:ra] f. eintal best. Teignamn Kartref: Teig rett oppfor sjølve garden mot Ramnfløya, oppdyrka myr, del av ein terskel i landskapet som går frå Bergsåsen til den går opp i Kilhusåsen lenger innover i marka. Ordet kjem av g.no mŷrr, eng. mire. Informant: OE, FTE
  • 3. Stranda [stra:øa] f. eintal. best. Teignamn Kartref: Teig som ligg rett ved riksveg 867 mot fjæra. Sjølve jordet er delt mellom to bruksnumra 1 og 6, utan eit fysisk skjelle. Namnet kjem av g.no strond ; strand, rand, kant. Informant: OE, FTE
  • 4 Olsenåkeren [’olsnåkeņ] m. eintal. best Teignamn Kartref: Teig som ligg i samanbinding til eigedomsgrensa til bnr.4 Frydenlund. Namnet kjem truleg av at eigarane der heitte Olsen. Informant: OE, RDE
  • 5 Elveneset [æl’venes:e] n. eintal. best. Teignamn Kartref: Oppdyrka område som grenser til Ervikelva, del av ein sving i Ervikelva, eit elvenes. Informant: OE
  • 6 Kalvegjerdet [kal’vejæ:re] n. eintal. best Teignamn Kartref: Del av Indre Elveneset. Område kor ein hadde kalvane gåande om sommaren, når kyrne var i sommarfjøsen. (Perioden 1955 – 1972) Informant: OE
  • 7 Larsastykket [la:îastyķ:e] n. eintal. best. Teignamn Kartref: Teig som ligger nedanfor Sommarfjøsvegen mot Ervikelva og mot Lampegjerdet. Truleg rydda av husmannen Lars Nilsen (f. 1708, d. 1778) Informant: OE, TB
  • 8 Tørkesletta [tør’keîlæt:a] f. eintal. best. Teignamn Kartref: Teig rett ovanfor Sommarfjøsen. Teig på ein terskel med gruset jordsmonn, blir fort tørt. Ofte tørkeskader på graset. Informant: OE
  • 9 Markusstykket [mar’kusstyķ:e] n. eintal. best. Teignamn Kartref: Opphavet til namnet kjem av at teigen truleg er rydda av husmannen Markus Aronsen (f. 1868) frå Høgda. Stykket ligger på øvre sida av Sommarfjøsvegen, mellom teigen Lampegjerdet og Tørkesletta. Informant: OE

10-19

  • 10 Lampegjerdet [lam’pejæ:re] n. eintal. best. Teignamn Kartref: Teig rydda av snekkaren Klaus Lampe (f. 1800, d. 1838). I følgje TB var Klaus Lampe frå Bergen, og tok småjobbar rundt i bygda. Lampe var gift med dottera til storbonden Killengren på Ervik Gard. Han rydda ca 2 mål jord som har drev. Informant: OE, TB
  • 11 Lampegjerdet [lam’pejæ:re] n. eintal. best. Kulturnamn Kartref: Eit steingjerde oppført av Klaus Lampe (f. 1800 d.1838). Han rydda teigen med same namn som gjerdet, og laga et nytt utmarksgjerde av steinane. Gjerdet går frå Ervikelva og opp til bakkefoten der brattbakken begynner, ca 200 meter. Opphavleg var gjerdet ca ein meter høgt.Gjerdet vert kalla Lompegjerdet på kartet, dette er fordi det var sett opp eit tidlegare utmarksgjerde som låg litt lengre inn. Lomp, evt. torvlomp er slike kvadratar ein skar torva i. Informant: OE, TB
  • 12 Holmen [hål:’men] m. eintal. best Høgdenamn Kartref: Forhøging midt i Grønnbakkmyra som no utgjer ein del av beitet for ungdyra om sommaren. Namnet kjem av g.no holmr og holmi ; forhøging i åker og eng. Informant: OE, FTE
  • 13 Vesselsletta [væs:elîlæt:a] f. eintal. best. Teignamn Kartref: Den største teigen til bnr 1. Namnet kjem av at det er eit vessel; oppkomme av vatn midt oppi bakken. Blir også kalla Veslesletta [væî:leîlæt:a] pga fonetisk likskap. Informant: OE
  • 14 Wickstrømmyra [vik’strømmy:ra] f. eintal. best. Teignamn Kartref: Ein liten teig (tørrlagt myr) som svensken Carl Wickstrøm (f. ca 1860) brukte som fyllplass for bein og skinnrestar frå garveriet (rundt 1900) sitt på Gamnesstranda. Det fins framleis beinrestar og OE seier at ein kan høyra at det ”raklar i plogen”. Informant: OE, TB
  • 15 Sjettikkvegen [îet:ik:vejen] m. eintal. best Teignamn Kartref: Ein teig som er oppkalla etter vegen like nedanfor. Teigen vart rydda av OE i 1988. Informant: OE
  • 16 Sjettikkvegen [îet:ik:vejen] m. eintal. best Kulturnamn Kartref: Veg som går frå krysset der Sommarfjøsvegen og Rettsrekka møtes og innover mot Grønnbakkan. Var opphavleg berre ein traktorsti inntil 1988 då OE bygde han ut til ein gardsveg. Namnet kjem av at det var ein bekk som gjorde traktorstien våt og gjørmete (gjørme; dial. sjettikk) Informant: OE
  • 17 Sæterbakken [sæ:terbak:en] m. eintal. best. Kulturnamn Kartref: Bakke ovanfor Oldersletta. I 1984 vart eigedomen området Sæterbakken skilt frå gnr 78 bnr 1 og blei ført opp på Rolf Ingar Eggum og eigedomen fikk gnr 78 bnr 24 Sæterbakken. Informant: RIE
  • 18 Sætersletta [sæ:terîlet:a]Her var det tidlegare sæterdrift frå gardane på Undlandet (kartref: ) (rundt 1900). Informant: OE
  • 19 Sæterelva [sæ:teræl:va] f. eintal. best Vassdragsnamn Kartref: Elv som har si kjelde oppe på Sollifjellet og renn ut i Møkkelandsvatnet. Elva er oppkalla etter området rundt, Sætra. Informant: RIE

20-29

  • 20 Sætra [sæ:tra] f. eintal. best Kulturnamn Kartref:Området rundt omkring der kor hytta står. Namnet kjem at av det fram til 1950 var sæterdrift frå gardane på Undlandet her. Informant: RIE
  • 21 Grønnbakksletta [grøn:bak:my:ra] f. eintal. best Flat stor samanhengjande slette ovanfor Grønnbakkmyra Avsetning frå istida sand, grus sandtak kommersiell drift
  • 22 Hyttetomta [hytt’etomta] f. eintal. best. Andre kulturnamn Kartref: Område ved Sæterelva like ved fossen kor det hadde vore fint å ha hytte. No er det eit plantefelt med gran. Informant: RIE, OE
  • 23 Hytta [hyt:a] f. eintal. best. Bustadnamn Kartref: Hytte oppført 1948 av Håkon Madsen, onkelen til Inger Margrethe Eggum f. Aronsen. Overtatt av Ellen Paulsen. Så til gnr 78 bnr 1. Alt av utvendig panel var bygd av materialar frå ammunisjonskasser som var etterlatne av tyskarane frå andre verdskrig. Informant: OE
  • 24 Dammen [dam:’en] m. eintal best. Kulturnamn Kartref: Grave i førebinding med etableringa av gnr 78 bnr 24 Sæterbakken våningshus og driftsbygning i 1988. Ligg like ved Sæterelva og har gjennomstrømming / tilførsel av vatn frå elva. Informant: RIE
  • 25 Vadet [va:e] n.eintal.best. Vassdragsnamn Kartref: Ein grunn stad i Ervikelva kor ein fikk buskapen til å vasse over for å komme på beite. Informant: OE
  • 26 Mathisenholla [mati:snhål:a] f. eintal. best. Vassdragsnamn Kartref: Stille i Ervikelva like nedanfor sommarfjøsen. Badeplass og ein framifrå fiskeplass. Informant: OE
  • 27 Kjellgrennholla [ķe lÆ :’gren:hål:a] f. eintal. best. Vassdragsnamn Kartref: Fiske- og badeplass i Ervikelva med Killengreneigedomen som tilstøytande eigedom på andre sida av elva. Grunnen til uttalen er ganske enkelt tilpassing til dialekten, Killengren ville vere altfor vanskeleg å uttale. Informant: OE, TB
  • 28 Gammelsømmaren [gam:’elsøm:’aņ] m. eintal. best. Vassdragsnamn Kartref: ”Populær” badeplass i Ervikelva. Komplementærnamn til Nysømmaren. Informant: OE
  • 29 Nysømmaren [ny:søm:’aņ] m. eintal. best. Vassdragsnamn Kartref: Badeplass i Ervikelva som var sikrare for barna. Her gikk barna og badet om dei var aleine og ikkje var så veldig svømmedyktige. Komplementærnamn til Gammelsømmaren. Informant: OE

30-39

  • 30 Klausholla [kløushål:a] f. eintal. best. Vassdragsnamn Kartref:Stille i Ervikelva like nedanfor huset til Arne Karstein Kolbeinsen gnr 79 bnr 24. Klaus Kolbeinsen var bestefaren hans. Også kalla Ålholla. Informant: OE, TB
  • 31 Ålholla [å:lhål:a] f. eintal. best. Vassdragsnamn Kartref: Plass i Ervikelva med sandbotn. Her kunne ein sjå ålen som kom frå Møkkelandsvatnet og skulle ut i havet for å gyte første regnversnatt etter haustjamdøgn.Også kalla Klausholla. Informant: RIE
  • 32 Alfredholla [al’fredhål:a] f. eintal. best. Vassdragsnamn Kartref: Plass i Ervikelva like nedanfor huset til Alfred Solbakken (d. 1980). Informant: OE
  • 33 Fella [fel:a] f. eintal. best. Bustadnamn Kartref: Fiskefelle i Ervikelva som vart sete opp i 1991 av Fiskerihøgskulen ved Universitetet i Tromsø for ferskvatnsprosjektane, ORN – Overbefolket Røyevatn i Nord-Noreg, og PUSH – Prosjekt for Utvikling og Stimulering av Havbeite - med føremål å drive grunnforsking for å sjå på muligheita til å drive kommersielt bruk av fiskefelle der ein bruker eit vassdrag som reproduksjonsområde og havet som tilvekstområde. Informant: RIE
  • 34 Rettstrekka [ræt:’stræk:a] f. eintal. best Andre kulturnamn Kartref: Rett veg bygd 1990 som førte Sommarfjøsvegen/Sjettikkvegen saman med Dynamittvegen, og gjorde det muleg å kjøre frå Gamnes til Oldersletta utan å måtte kjøre forbi Elveneshaugen bustadfelt. Brukast no også som treningsveg for Oldersletta Stall, og gardsveg. Informant: RIE, OE
  • 35 Dynamitthuset [dynamit:’hu:se] n. eintal. best Bustadnamn Kartref: Hus kor DYNO Industrier oppbevarar sprengstoff. Oppført i 1960.Regionalt lager Leieavtale 25 årReforhandla i 1985 100 kroner i årlig leie 10 000 kroner frå 1985overtas vederlagsfritt Informant: RIE, OE
  • 36 Mitthuset [mit:’hu:se] n. eintal. best Bustadnamn Kartref: Forkorta namn på Dynamitthuset. Informant: RIE
  • 37 Dynamittvegen [dynamit:’vejen] m. eintal. best. Andre kulturnamn Kartref:Veg laga av RDE i førebinding med bygginga av Dynamitthuset 1960. Informant: OE, RIE
  • 38 Gamnesbakken [gam’nesbak:en] m. eintal. best Høgdenamn Kartref: Bakken like ovanfor sjølve Gamnes, er ein del av teigen Myra. Hoppbakke kor ein hoppa rundt 20 meter. Informant: OE
  • 39 Fredrikhågen [fred’rikhå:gen] m. eintal. best. Kulturnamn Kartref: Haug like under Ramnfløya, er ein del av terskelen som går frå Bergsåsen til Kilhusåsen. Namnet kjem ifrå husmannen Fredrik Wibe som hausta foret sitt her. Brukt som hoppbakke med sjølve hågen som hopp og like ved bunkersen som er plassert midt på (teig?? bnr6) var unnarennet. Ein hoppa rundt 40 meter her, bakkerekord på 56 meter. Informant: RIE, OE, SA

40-49

  • 40 Skråbakken [skrå:bak:en] m. eintal. best. Høgdenamn Kartref: Bakke brukt av ungane til diverse vinteraktivitetar, for det meste skihopping. Namnet kjem av at bakken gikk på skrå i terrenget, ikkje rett ned. Ca 30 meter. Informant: OE
  • 41 Larsbernsabakken [laîbeņ’îabak:en] m. eintal. best. Kulturnamn Kartref: Svært bratt hoppbakke kor ein hoppa rundt 40 meter. Namnet kjem frå Lars Olai Berntsen (f. 1825, d. 1906) som i 1858 kjøpte den austre halvparten av Gamnes, no bnr 3, men korfor er usikkert. Informant: OE
  • 42 Ramnfløya [ram’fløja] f. eintal. best. Naturnamn Kartref: Samansatt namn av fuglenamnet /ramn/ (av g.no (h)rafn)og /fløy/. Lite fjell som er ein del av ein større terskel som går frå Gamnes til han glir saman med mindre tersklar lengre inn imot Kilhusåsen. Informant: NS, OE
  • 43 Mannskithaugen [maø: ši:t’øuen] m. eintal best. Hendingsnamn Kartref: Namnet kjem av at ein her pleidde å dumpe etterlatenskapa frå utedoen før i tida. Informant: OE
  • 44 Grønnbakkan [grøn:ba’kan] m. fleirtal ubest. Naturnamn Kartref: Område som tidlegare var brukt som utmarksbeite for buskapen. Her var det grønt og særleg frodig, derav namnet. No er området delt inn i plantefelt, lauvskog og nokre teigar. Informant: OE
  • 45 Grønnbakkmyra [grøn:bak’my:ra] f. eintal best. Relasjonsnamn Kartref: Stor myr som ligg i same område som Grønnbakkan. Informant: OE
  • 46 Brygga [bryg:a] f. eintal best. Bustadnamn Kartref:Brygge som ligg ytst på sjølve Gamneset. Bygningen vart bygd seint på 1800-talet og er verneverdig. Blei mykje brukt på byrjinga 1900-talet under sildenotfisket som fiskemottak.Bygningen er verneverdig og står under gnr 78 bnr 4 Årflotts eige. Informant: OE
  • 47 Ervikelva [ær’:vik'ælva] f. eintal best. Vassdragsnamn Kartref:Elv som går frå nordenden av Møkkelandsvatnet og munnar ut innerst i Ervik. Informant: OE
  • 48 Gamnesstranda [gam:nes:´stra:øa] f. eintal best. Bustadnamn Kartref:Husmannsplass under Gamnes Gard fram til 18??. Her heldt svensken Carl Wickstrøm et garveri i perioden rundt 1890-1900. Huset vart i 196? overført til ??? av RDE. Informant:
  • 49 Hestegjerdet, øvre [hæs:’tejæ:re] m. eintal best. Teignamn Kartref:Slette kor hestane gikk på beite. Øvst på jordet fins det restar etter samiske busetnadar frå 1600- og 1700-talet. Informant: OE

50-59

  • 50 Hestegjerdet, nedre [hæs:te’jæ:re] m. eintal best. Teignamn Kartref: Hestegjerdet er av en terskel i naturen delt i to deler, en øvre og en nedre del. Den nedre delen er nyleg (i 199?) omgjort til åker. Her fins også eit sanduttak som vart brukt då den noverande driftsbygninga på garden vart bygd. Sanduttak til oppfylling av tomt rundt driftsbygninga på hovudgarden
  • 51 Hula Laga av tyskarane under andre verdskrig, to utgangar 1941–1944 Ramfløy Festning
  • 52 Oldersletta Sletta med older
  • 53 Sommarfjøsen 1962 – 1973 OE 1975 RIE
  • 54 Sommarfjøsvegen Veg buveg og transport veg
  • 55 Storsletta Slette ovanfor hestegjerdet til bnr 6 Frydenlund. Komplementærnamn til tilstøytande Vesselsletta.
  • 56 Tennbakken Husmanssplass lå under Frydenlund under Gamnes
  • 57 Sæterosen
  • 58 Torvdammen der kor det hadde blitt teke ut torv, myrlende, danna seg farlege dammar
  • 59 Torvsjåen torvdrift fram til 1960/55

60-62

  • 60 Torvmyra der dei tok ut torv
  • 61 Naustet bygd rundt 1890
  • 62 Eldhuset rundt 1920/1930(?)der dei kokte klær og bakte lefser. Blei brukt som bolig under krigen

Litteratur

  • Norske Gardnamn
  • Lysaker, Trygve: Trondenes Bygdebok - Gårdshistorie. Harstad 1956.

Kjelde:

  • Basert på materiale fra Vivi-Ann Sandnes Eggum.