Gerhard Munthe (1726–1785)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Gerhard Munthe (1726-1785)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gerhard Munthe (fødd 9. mars 1726 i Hafslo, død 28. april 1785 i Hafslo) var son av sokneprest Christopher Munthe og Christine Ørbech.

Gerhard Munthe var kaptein og sjef for Lysterske kompani i 2. Bergenhusiske regiment. Han var òg storbonde og ein stor jordeigar. Han åtte garden Mo på Hafslo, men bytte i 1764 til seg den gamle adelsgarden Ytre Kroken ved Lustrafjorden. Her bygde han fyrste høgda på herskapshuset Munthehuset som i dag er oppussa og verna.

Gerhard Munthe sette i 1765 den fyrste potetåkeren i Ytre Kroken og vart med det ein av pionérane for potetdyrkinga i Noreg.

Som ein av arvingane etter Christopher Munthe var Gerhard ein stor godseigar i Sogn. Mellom anna overtok han ein tredel av gardane i Jostedalen. To av gardane selde han i 1765-1770, og somme gardar vart kjøpte av brørne Jens Munthe og Ludvig Munthe. Tre av jostedalsgardane han åtte gjekk over til etterkomarane hans og vart ikkje selde til brukarane før 1787-1794. Dette var dei tre siste gardane som gjekk over til sjølveige i Jostedalen. (Sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800.)

Gerhard Munthe gifte seg fyrste gong 13. oktober 1755 med Mette Andrea Rieck (1731-1759), andre gong 18. mars 1762 med Giertrud Marie Kaas (1726-1766) og tredje gong 3. november 1772 med Inger Marie Hanning (1752-1778).

Mellom dei mange borna han fekk var:

  • Christine Ørbech Munthe (1756-1803), gift med Peder Leganger Rumohr
  • Frantz Wilhelm Rieck Munthe (1758-1791
  • Mette Andrea Rieck Munthe (1764-1793), gift med Christopher Munthe (1751-1793)
  • Hartvig Kaas Munthe (1766-1830), gift med Bolette Christine Pavels
  • Giertrud Marie Munthe (1771-1847), gift med Johannes Rye
  • Dorothea Catharine Munthe (1775-1840), gift med Caspar Fredrik Munthe Brun
  • Margrethe Munthe (1777-1866), gift med Johan Julius Albertus Dahm
  • Ole Henning Munthe (1778-1830)

Litteratur

Eksterne lenker