Gjerde (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjerde
Knudsen-Gjerde.jpg
Gjerde fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902. Myrhyrna og Vangsen i bakgrunnen, Snåpebrui i framgrunnen
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 207
Bnr: 3

Koordinater: 61°37′56″ N 7°15′46″ Ø


Gjerde sett frå aust. Campingplassen i framgrunnen, Jostedal Hotell i midten bak, Joker-butikken til venstre for hotellet og driftsbygningen til garden til høgre. Krundøla, Snåpebrui og vegen opp Haugabakkane til Krundalen i høgre kant.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Gjerde (Luster, gnr. 207/3) er eit gardsbruk og bygdesentrum i Jostedalen, Luster kommune. Staden ligg langs hovudvegen framover Jostedalen der Krundøla kjem ned i hovuddalføret. Gjerde sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Etter nyryddinga av Jostedalen på 1500-talet høyrde heile området i hovuddalføret på sør- og nordsida av Krundøla til garden Flatejordi, som er nemnd alt i presteskattelista frå 1596. Men Flatejordi vart lagt øyde att kring 1610, og garden vart delt slik at bonden på Haugen fekk hand om området på nordsida av Krundøla medan Hellegård fekk hand om området på sørsida. Likevel var også området på sørsida som låg til Hellegård, matrikulert under Haugen fram til 1838 då det vart overført til Hellegård.

Tre husmannsplassar

Gjerde 1: Etter kring hundre år utan busetnad på den gamle Flatejords-garden vart den fyrste husmannsplassen på Gjerde rydda kring 1712. Dette er den tidlegaste kjende husmannsplassen i Jostedalen. Opplysningane om ryddinga og den fyrste busetnaden er likevel usikre.[1] Det er mogleg at husmannsplassen Gjerde vart bygt der det gamle Flatejords-tunet låg hundre år før, men dette er uvisst. [2] Plassen låg under bnr. 3 Gjerde frå matrikuleringa i 1901 og vart nedlagd så seint som i 1952 då yngste sonen til dei siste plassfolka flytte stovehuset til Kvile (bnr. 6).

Gjerde 2: Den andre husmannsplassen på Gjerde kom kring 1799 og vart nedlagd i 1918 etter at den siste husmannen var avliden.

Gjerde 3: Kring 1850 vart den tredje plassen teken i bruk, og han danna utgangspunktet for fråskiljinga i 1901.

Alle dei tre husmannsplassane låg i området der butikken og hotellet er i dag.

Gardsbruket utskild 1901

Ved ei delingsforretning 16.-18. juli 1901 vart dei tre Gjerde-plassane utskilde som eit eige gardsbruk (Gjærde). Denne parsellen femnde òg om halvparten av øygarden på Flatejordi på nordsida av Krundøla.

Den fyrste sjølveigaren var Lars Pederson Gjerde (1870-1960), som saman kona Anna (1879-1954) frå Sagarøy fekk skøyte på garden i 1902. Lars var oppvaksen på plassen Gjerde 3 som son av den siste plasskona her, Siri Ottesdotter Gjerde (1839-1928). Lars og Anna bygde eit stovehus attmed plasstova der han voks opp,

Dei to andre husmannsplassane kom under dette bruket med matrikuleringa. Folketeljinga i 1910 har såleis 26 personar fordelte på fem husstandar under gardsbruket. Attåt gardbrukaraen og to husmenn var det handelsmannen og ein handelsbetjent. Då dei to plassane vart nedlagde i 1918 og 1952, gjekk jorda attende til bruket.

Gjerde er i dag eit av dei største mjølkebruka i Jostedalen.

Landhandel (bnr. 9)

Gjerde ligg sentralt i Jostedalen ved munningen av Krundalen og kring 3 kilometer frå munningen av sidedalen der ein får utsyn til Nigardsbreen, som sidan 1800-talet har vore den store turistattraksjonen i Jostedalen. Det var likevel Kruna i Krundalen som lenge var kommunikasjonssentrum med overnattingstilbod og landhandel. Då det kom køyreveg framover Jostedalen sist på 1800-talet og turisttrafikken auka, la det grunnlaget for ei utbygging på Gjerde.

I januar 1903 vart den fyrste handelsverksemda starta opp på Gjerde. Thor Bakken tok over etter få år, og verksemda har sidan har vore i kontinuerleg drift. Sidan sonen Kristen Bakken tok over, har namnet vore Thor Bakkens Ettf. Butikken er i dag med i Joker-kjeda og er den einaste daglegvarebutikken i Jostedalen. Kristen Bakken (fødd 1920) driv framleis butikken (2012).

Her var det også telefonsentral frå 1918 til automatiseringa i 1978, og postopneri frå 1943 til 1987.[3]

Eigedomen vart formelt utskild som bnr. 9 ved ei delingsforretning 7. oktober 1954.

Kafé, pensjonat og hotell (bnr. 7 og 51)

Frå 1951 vart det drive kafé og pensjonat på Gjerde, i eit stovehus ved vegen rett nord for butikken. Verksemda vart i mange år driven under namnet Solvang kafé og pensjonat, og i 1985 flytte verksemda inn i nytt bygg tett attmed det gamle. Anleggsperioden under den store kraftutbygginga i Jostedalen var med på å gjere utbygginga mogleg.[4]

I 2002 vart pensjonatet bygt på og 'gamlekafeen' innreidd til hotellrom, og heile bedrifta fekk namnet Jostedal Hotell. Verksemda har sidan 1976 vore drive av Laila Gjerde, og dette har i mange år vore den viktigaste overnattings- og serveringsbedrifta i Jostedalen.

Eigdomane som rommar Jostedal Hotell, vart utskilde frå Gjerde (bnr. 3) i 1951 (som bnr. 7) og i 1984 (bnr. 51).

Jostedal camping (1973)

På flata nedanfor hotellet og butikken, ned mot Krundøla, ligg Jostedal camping. Campingplassen opna i 1973, og det vart mellom 1974 og 1977 sett opp ti hytter. Kring 2005 vart det oppsett to nye moderne hytter og eit nytt servicebygg.

Bygdesentrum

Gjerde har gjennom etterkrigstida utvikla seg som bygdesentrum i Jostedalen, mykje på grunn av handelsverksemda og overnattings- og serveringsverksemda. Jostedal samvirkelag låg i mange år på Gjerde rett nord for brua over Krundøla. I Haugåsen opp for samvirkelaget vart det i 1980-åra lagt ut eit byggjefelt som gjer at den største busetnadskonsentrasjonen i Jostedalen sidan har vore på Gjerde. Her ligg òg Jostedal eldresenter. Rett nord for byggjefeltet ligg verksemda Jostedal industrier med knapt 10 tilsette.

Dette har òg gjort at stadnamnet Gjerde i dag vert nytta om eit større område enn før, gjerne om heile området frå butikken (Thor Bakkens Ettf) til Jostedal industrier.

Notar

  1. Øyane 1994, s. 804
  2. Øyane 1994, s. 789
  3. Øyane 1994, s. 794
  4. Øyane 1994, s. 803

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 788-816. (Digital utgåve, NBdigital)

Eksterne ressursar