Bli med på dugnaden med å koordinatfeste artikler og bilder på Lokalhistoriewiki!

Gløshaug kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Gløshaug kyrkje
C03702 Gloeshaug krk.jpg
Foto: Olve Utne
Kirkesamfunn: Den norske kirkja
Bispedømme: Nidaros
Prosti: Namdal
Prestegjeld: Grong
Fellesråd: Grong
Sokn: Harran
Arkitekt: Bjørn Larsen
Teknikk: lafteverk
Materiale: tre
Sitteplasser: 100
Koordinater: 64°32′5″ N 12°24′7″ Ø
Gløshaug kyrkje i 2011.
Foto: Olve Utne

Gløshaug kyrkje ligg på Gartland i Harran sokn i Grong kommune i Namdalen. Kyrkja inngår i Namdal prosti og vart bygd som langkyrkje i 1689 på ein gammal kyrkjestad som har vore møtestad mellom sørsamar og nordmenn både i handelssamanheng og i kyrkjeleg samanheng sidan føre reformasjonen.

Innhold

Kyrkjebygget

Kyrkja er lafta og har våpenhus, skip og kor. I tillegg er det eit tilbygg med sakristi. Taket over skipet er kombinert ås- og sperretak. Det er fire åsar av rundtømmer på kvar side av mønet, og oppå desse att kviler fem firhogde originale sperrer på kvar side som i sin tur ber sutaket saman med supplerande rundstokkar av gran.[1] Tårnet er bygd til seinare, og undersøkingar av tårnfundamentet viser at det originale sutaket hadde ståande tjørebredd bordtak og mønkjøl av heilstokk.[1] Det er funne rester etter takspon der òg, men det er usikkert kva tid og på kva vis denna spona vart bruka. I nyare tid har taket vorte tekt med shingel av gran, men det er snakk om å føre taket tilbake til bord- eller spontak i samband med reparasjon av tårnet — truleg i løpet av 2009.[1] Kyrkja er panelt utvendig med grov tømmermannskledning; denne panelinga stammar truleg frå 1700-talet. Ho er raudmåla med kvitt som kontrastfarge ved novene og kring vindauga.

Historie

På plassen der kyrkja ligg, stod det ei stavkyrkje før. Dendrokronologiske undersøkingar av ein syllstokk og fleire stavar frå denna stavkyrkja som er funne under kyrkja frå 1689 daterer stavkyrkja til 1155 evt.[1]

Den 21. februar 1689 sendte prost Peder Resen søknad om å få rive den «gamle brøstfeldige» stavkyrkja for å få byggje ei ny kyrkje. Det fekk han lov til, og same året begynte arbeidet med ny kyrkje på Fiskum. Rekneskapen for det nye kyrkjebygget viser at kostnadene kom på 36 ½ rdl. og seks skilling.

Da den nye Harran kyrkje var teken i bruk i 1874, vart det vurdert å rive Gløshaugkyrkja for å gjera pengar på materialane. Til alt hell kjøpte den engelske sportsfiskaren Mr. Thomas Merthyr Guest kyrkja. Guest hadde forpakta laksevald på Gartland og Rosset i 30 år og på same tid kjøpt to gardar på Gartland — deriblant garden som kyrkja står på. Etter at han dødde, overtok lady Theodora Guest som eigar, og i 1908 overdrog ho kyrkja til Helmer P. Gartland, som no var eigar av garden som kyrkja står på. I 1910 skøytte Gartland kyrkja over til Harran soknekommune på visse vilkår.

Altarskåpet i den gamle kyrkja vart sendt over til England, men i dag er deler av det ført tilbake att.

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Brev frå Tradisjonsbygg Trondheim AS til Riksantikvaren datert 27. november 2008.

Kjelder

  • Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Gløshaug kirke», s. 214

Lenkjer


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Gløshaug kyrkje» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i GNU Free Documentation License. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy