Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Gol stavkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Gol stavkyrkje.
Foto: Olve Utne

Gol stavkyrkje er ei stavkyrkje frå Gol i Hallingdalen i Buskerud frå kring 1200 som no står på Norsk FolkemuseumBygdøy i Oslo. Kyrkja var i vanleg bruk på Gol i fleire hundre år, men vart gradvis så nedsliten og fullstappa at kyrkjelyden fekk bygd ei ny. Stavkyrkja skulle rivast, men vart redda av Fortidsminneforeningen og kong Oscar II, som fikk henne flytta til Bygdøy og restaurert til slik ein meinte ho hadde vore før reformasjonen.

Sidan 1884 har kyrkja vore eigedommen til den regjerande monarken i Noreg, men folkemuseet held ho ved like. Det er laga fire kopiar av henne — to i Noreg og to i USA.

Masker på toppen av stavane

Innhold

Historie

Teikning av J.N. Prahm av stavkyrkja i Gol i 1846

Opprinneleg stod stavkyrkja — Garðar kirkia — på den gamle kyrkjegarden, 500 meter sørvest for den noverande Gol kyrkje på Leikvollen i Golreppen. Årringsdateringar tyder på at deler av bygninga er oppførte etter 1216, men ho har òg element som er frå så tidleg som 1157.

Mange trekk ved kyrkja liknar Hegge stavkyrkje i Valdres; truleg har same byggmeister leidd bygginga av begge kyrkjene. Ho stod truleg i den opprinnelege utforminga si heilt til 1600-talet, med svalgang kring skip og kor. Takryttaren vart fornya i 1694. Samtidig vart det lagt inn ei himling over skipet, og i same periode vart det òg sett inn to vindauge på sørveggen i midtrommet i skipet. Kring 1730 vart det bygd eit galleri på nordsida av skipet. Noko seinare vart kor og apsis rivne, og eit nytt lafta kor vart oppsett. Men dei gamle materialane vart oppattbruka til himling i det nye koret, og slik overlevde veggmåleria slik at dei kunne restaurerast i samband med flyttinga.

I 180203 vart kyrkja utvida slik at den “tilforn altfor lille Kirke for en saa talrig Almue (var blivet) merkelig større, saa den rummer en Gang til saa mange Tilhørere som tilforn”. Svalgangane kring skipet vart rivne, og nye yttervegger av bordkledd reisverk vart oppsette omtrent der svalgangsveggene hadde stått før. Framanføre vestportalen vart det reist eit våpenhus med saltak. Kyrkja fekk da den utsjånaden ho hadde da J.N. Prahm teikna henne i 1846.

Flytting og atterreising

Skisser av T. Prytz etter oppmåling på Gol i 1883

Mot slutten av 1870-åra ville kyrkjelyden i Gol ha ei større og meir tidsmessig kyrkje. Fortidsminneforeningen oppfordra til å bevara stavkyrkja på staden, men kyrkjelyden ville rive henne og selje materialane. Det endte med at foreininga kjøpte dei opprinnelege delene til kyrkja for 200 kroner, på det vilkåret at ho vart fjerna når den nye stod ferdig.

Foreininga hadde inga tomt til kyrkja, men tidleg i 1881 vart kong Oscar II sine historiske samlingar — verdas første friluftsmuseum — etablerte på Bygdøy kongsgard. Kongen stilte tomt til disposisjon for atterreisinga midt i det planlagte bygningsmuseumet sitt. Inntekta av Fortidsminneforeningen si pengeinnsamling til formålet vart berre 387 kroner, medan totalkostnadene var anslegne til minst 6500 kroner. I mars 1884 redda kongen prosjektet ved å ta på seg dei utgiftene som foreininga mangla dekning for. Eigedomsretten til kyrkja vart overdregen frå foreininga til den regjerande monarken i Noreg.

Fotografi etter atterreisinga.

På grunn av fleire snøfattige vintrar vart demonteringa og transporten til Kristiania utsett til vinteren 1884. I mellomtida vart oppmålingsteikningar utarbeidde av arkitekten Torolf Prytz vinteren 18821883. Prytz vart oppteken med andre oppdrag, så arkitekt Waldemar Hansteen tok over ansvaret for atterreisinga på Bygdøy med byggmeisteren til kongsgarden, Torsten Torstensen, som utførande arkitekt. Kyrkja vart demontert i januar 1884. I mars var sledeføret godt nok til å frakte materialane til Krøderen stasjon. Derifrå fekk dei gratis skyss med jarnbanen og kom uskadde fram til Bygdøy stasjon. Dei opprinnelege delene var ferdig oppsette i slutten av juli 1884, og kyrkja stod ferdig som midtpunkt i Kong Oscar sitt friluftsmuseum sommaren 1885. Som museumskyrkje vart ho så godt besøkt at ho måtte haldast open kvar dag, ikkje berre på sundagar, slik som dei andre bygningane i samlinga til kongen.

Dei store endringane gjennom 1700-talet og utvidinga i 1805 gjorde det umuleg å atterreise kyrkja slik ho stod, men det var det heller ingen som kunne tenkje seg på den tida. Kyrkja vart restaurert til det ein trudde var opprinneleg form. Med støtte i bevarte spor og gamle materialar vart skip, kor og apside rekonstruerte. For å kunne halde seg ståande, laut stavkyrkjene avstivast med eit «magebelte» av andreaskors som gjekk kring heile kyrkja, bogar eller «kne» mellom søylene i kyrkja, og i tillegg svalgang kring heile bygninga.[1] Takryttar med spir var vanleg på stavkyrkjer og mellomalderkyrkjer.[2] Dei fann det difor truleg at skipet hadde vore omgjeve av ein svalgang og hatt ein takryttar, og desse delene vart atterskapte med Borgund stavkyrkje som modell. Gode førebilde til detaljar som vindskiene fann dei ikkje i Borgund, så dei vart laga etter mønster av vindskiene i Hopperstad stavkyrkje.

Kong Oscar sine samlingar vart overdregne til Norsk Folkemuseum i 1907, etter at museet hadde kjøpt nabotomta til friluftsmuseumet sitt i 1898. Stavkyrkja vart likevel verande i kongeleg eige, men ho blir forvalta av museet.

Kyrkjebygninga

Da kyrkja vart flytta og oppattreist, ønskte dei berre å ta vare på og restaurere delene frå mellomalderen. I det ytre er kyrkja derfor hovudsakleg ein rekonstruksjon frå 1880-åra av nye materialar. Men store deler av hovudkonstruksjonen i skipet er tekne vare på; dette gjeld grunnstokkane, svillene, stavane, ein stor del av veggtilet og stavlegjene. Mesteparten av det heva midtrommet og avstivingssystemet er òg tekne vare på. Kyrkja er av typen med heva midtrom med omgang i eit rektangulært skip. Ho har eit litt smalare kor som blir avslutta med ein apside. Dei konstruktive delene av kor og apside forsvann ved utvidinga i 1802–03, og det måtte lagast nye ved atterreisinga.

Eksteriør

Rekonstruert svalgang.
Foto: Olve Utne

Kyrkja har svalgang som er laga med Borgund stavkyrkje som modell. Ein tidlegare svalgang rundt skipet vart riven ned ved utvidinga i 1802–03. Kyrkja har òg truleg alltid hatt takryttar. Ein takryttar av mellomaldersk type med to klokker vart omtala i rekneskap frå 1600-talet. Han vart fornya i 1694. Den nye vart truleg ståande heilt til flyttinga, men hjelmen fekk skifer i staden for bordtekking i 1821. Denne kan ein sjå på Prahm si teikning frå 1846. Den noverande er ein rekonstruksjon frå 1880-åra med Borgund stavkyrkje som modell. Taka var opprinneleg spontekte og tjørebredde, men vart i 1820-åra tekte med skifer.

Portalar

Vestportalen.
Foto: Olve Utne

Vestportalen er for det meste slik han opprinneleg var. Han er dekorert med kjempande drakar og bladranker. Nærmast opninga har han to halvsøyler med basar og kapitel. Søyleskafta er dekte med planteornamentikk, og i mønsteret er det innarbeidd krona mannshovud. Drakar og bladrankar spring ut av to dyremunnar nedst inntil halvsøylene. Ornamentikken er samansett av ein midtdrake, to toppdrakar og to mindre drakar på kvar sideplanke. Dørbladet har mellomalderske smijarnsbeslag. Som i mange andre stavkyrkjer vart det hengsla om frå innslåande til utslåande etter brannen i Grue kyrkje, og da vart portalplankane sterkt nedhogne. Sørportalen i skipet vart fjerna ved utvidinga i 1802–03, men deler av honom vart bruka i det nye våpenhuset og kunne brukast som haldepunkt for arkitekt Hansteen sin rekonstruksjon. Sørportalen i koret var delvis teken vare på og vart rekonstruert ved atterreisinga. Han er sett direkte inn mellom to profilerte veggplankar.

Interiør

Interiørfotografi av Axel Lindahl 1885–1890

Kyrkja har alltid hatt tregolv. Langs veggene i skipet har det truleg vore låge benker, og desse vart rekonstruerte ved atterreisinga. Avstivingssystemet med sjølvgrodde bogekne og med utskorne andreaskors mellom tenger er òg teke vare på. Stavane rundt midtrommet er avslutta øvst med utskorne groteske masker av same type som ein kjenner frå fleire kyrkjer i Hallingdal og Valdres.

Ved atterreisinga vart benkene, preikestolen i hjørnet i søraust og galleriet på nordsida av skipet sløyfa. Korbogen er ein rekonstruksjon utan sikre haldepunkt.

Altar med veggmåleri frå 1652.
Foto: Chris Nyborg

Inventar

På grunn av ønskjet om å ta vare på og atterskapa ei mellomalderkyrkje, vart alt etterreformatorisk inventar fjerna, og derfor mangla kyrkja benker, preikestol og døypefont. I staden lét kong Oscar sette inn ein utskoren benk frå Heddal stavkyrkje. Men den måla dekoren frå 1652 i koret og apsiden overlevde flyttinga og restaureringa. På veggen til apsiden er det ei framstilling av nattverden, på nordveggen i koret dei fire evangelistane, og sørveggen er inndelt i felt dekorert med blad, blomar og frukt, og namn på alle som betalte for utsmykkinga. Over korportalen hang det tidlegare eit krusifiks som kom frå Veum stavkyrkje i Telemark og som er datert til kring 1300.

Kopiar

Det er laga fleire kopiar av stavkyrkja. To er av same storleik som den opprinnelege kyrkja. Kopien på Gol vart reist i 1980-åra og vigsla i 1994 og står nær Gol sentrum, langt frå der den opprinnelege kyrkja stod. Denne kyrkja vart bygd i tilknyting til Pers hotell i tettstaden, og er del av Middelalderparken der ho er omkrinsa av rekonstruerte vikingtidshus. Den andre kopien av kyrkja i full storleik står i Scandinavian Heritage Park i Nord-Dakota og vart bygd i 2000-åra.

Ein forminska kopi av kyrkja vart bygd til den norske paviljongen i EPCOT i Walt Disney World i 1988, og bygningssnikkaren Magnus Stensland har laga ein kopi i Savjord i Beiarn i Salten.

Galleri

Litteratur

  • Gol stavkyrkje i Stavkirke.org
  • Foto av kyrkja
  • Blindheim, Martin: Ristningene i stavkirken fra Gol, i By og bygd 10. årgang, Oslo 1956 s. 11-54.
  • Bugge Gunnar, Mezzanotte Bernadino, Stavkirker, Oslo 1994 s. 45, ISBN 82-504-2072-1
  • Christie, Håkon: Da Fortidsminnesmerkeforeningen reddet stavkirkene, i Fortidsminneforeningens Årbok 1978 s. 43-62
  • Christie, Sigrid og Håkon: Gol kirke, i Norges kirker – Buskerud, Oslo 1981 bind 1, s. 39-60. ISBN 82-05-13123-6
  • Hegard, Tonte: Romantikk og fortidsvern. Historien om de første friluftsmuseene i Norge, Oslo 1984.
  • Jensenius, Jørgen H., Fra en omvisning i Gol Stavkirke, Middelalderforum, nr.2/1996, side 15-23
  • Liestøl, Aslak: «Runeskriftene i Gol stavkyrkje», i By og bygd 10. årgang, Oslo 1956 s. 55-70.
  • Nicolaysen, N.: Gols kirke paa Bygdø, i Bygninger fra Norges Middelalder hvilke Hans Maj. Kong Oscar den anden har ladet flytte til Bygdø Kongsgaard, Christiania 1888
  • Roede, Lars: The open air museum – an early contribution, i Report 15th Meeting of the Association of European Open-Air Museums, Stockholm 1991 s.6 9-72
  • Ulsaker, H.: «Gamletida», i Gol kyrkje – Hemsedal kyrkje 1882-1982 – Festskrift, Gol 1982

Fotnotar

Eksterne lenker


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Gol stavkyrkje» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.

Koordinater: 59.907976° N 10.68323° Ø


Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy