Gravhaugar og gravrøyser i Fyresdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gravhaugar og gravrøyser i Fyresdal er eitt av emnene i Moland kulturminneløype.

I Øyskogen der Fyresdal Bygdemuseum har tunet sitt er det 20 gravhaugar. Dei utgjer eit av dei største gravfelta frå jernalderen i Telemark. Gravfeltet er i dag delt i to av ein veg. Innafor steingjerdet ligg 14 gravhaugar av varierande storleik. På den andre sida av vegen ligg det seks gravhaugar, ein delvis øydelagd.

Ved Moland kyrkje sin kyrkjebakke ligg og ein gravhaug. Dette er ein rundhaug med diameter på 8m som er noko skada i samband med utgraving av parkeringsplassen. Haugen er no freda etter kulturminnelova.

På biletet av gravhaugen ved kyrkjebakken ser vi dei fire neste gravhaugane ved vannkanten til høgre. I bakgrunnen er Munkehola.

Ved Fyresdal Næringshage ligg restar etter eit gravfelt med fire gravhaugar frå jernalderen. Alle er rundhaugar. Diameteren på haugane er frå 7 til 13 meter, og dei har ei høgd på opp mot 0,7 meter. Alle haugane er skada av ulike årsakar; masseuttak og anlegging av parkeringsplass mellom anna. Alle er freda etter kulturminnelova.

Gravhaugar i Øyskogen
Foto: Olav Momrak-Haugan 2010
Gravhaug ved Moland kyrkjebakke
Foto: Olav Momrak-Haugan 2010
4 gravhaugar ved Juni kafe
Foto: Olav Momrak-Haugan 2010

Eksterne lenker