Grene

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
For garden Grene, sjå Grene (Notodden).

Grenevev med grene.
Foto: Olve Utne (2011)

Ei grene, òg skrive græne eller græna, er ein type grov og tettvevd ulltekstil som tradisjonelt blir vevd på grenevev (oppstadvev) blant ulike samiske grupper — i nyare tid særlig sjøsamar og skoltesamar. Grenene blir tradisjonelt brukt som sengklede, veggheng (åkle) eller som matter — og i tidligare tider som vinter-teltduk til lavvoar og kåter så vel som til dekke i pulkar.

Ord

Ordet grene er av germansk opphav og heng trulig ihop med ord som gran og gras.[1] Norske dialektformer inkluderer græna (Tjeldsund, Bjarkøy) og græne (Karlsøy).[2]

Som lånord til samisk finn vi ordet i dei sørsamiske formene kraanoe og kraana.[3]pitesamisk og lulesamisk heiter det rádno og på nordsamisk rátnu. Ordet er lånt inn via samisk både til finsk i forma raanu (og dial. raana) og tilbake til svensk i forma rana (og eldre ran, dial. kran).

Fotnotar

Kjelder og litteratur

Pekarar