Gressetbåten (aurgjeldgeit 1853)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Gressetbåten
C02540cr Gressetgeita.jpg
Gressetbåten
Foto: Olve Utne (2015)
Eigennamn: Gressetbåten
Båttype aurgjeldgeit
Byggeteknikk klinkbygd
Materiale furu, bjørk
Lengde 24,92 fot
Største bredde 5,89 fot
Antall bordgangar: 3 bak; 4 framme
Antall rom 4
Antall årepar 4
Byggeår 1853
Framdriftsmiddel: årar, segl
Kommune Aure kommune

Gressetbåten, òg kalla Gressetgeita, er ein honnfyring frå Gresset i Aure kommuneNordmøre. Han er ein geitbåt av aurgjeldstypen og skil seg ut frå andre bevarte aurgjeldgeiter dels ved at han manglar nyare trekk lånt frå åfjordsbåten som vaterbord, skottdrigle og så vidare, og dels ved ein alderdommelig konstruksjon som inkluderer at alle borda er hogne og at framstamnen har ei karakteristisk, alderdommelig form. Da Gressetbåten vart oppdaga av fagfolk, trudde ein at dette var ein båt frå 1700-talet, men ein dendrologisk analyse har datert treverket i båten til 1853.

Bildegalleri

Lenkjer