Grindverk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Innsida av grindbygd låve frå Ytre Skotet i Storfjorden i Stordal kommuneSunnmøre.
Foto: Frode Inge Helland
Gamleløa på Hushaugen på Kleppe på Askøy var bygd med grindverk. Løa vart riven da Kleppe skule vart bygd ut i 2006.
Grindverkskonstruksjonen består av grinder med to stavar, ein tverrliggjande bete/bjelke og to snedband.

Grindverk, grindbygg eller grindverksbygg, òg kalla troskykkje (Hardanger), er ein byggjeteknikk som tradisjonelt har vore mykje bruka i Vest-Europa. På Vestlandet i Noreg har denne byggjemåten vore mest bruka til løer og naust dei siste få hundreåra. Byggjemåten er elles ukjent i Noreg nordom Romsdal og austom Rogaland.

Mange meiner at denne konstruksjonsteknikken er ei vidareutvikling av forhistoriske byggjemåtar for langhus der folk og fe budde under eitt tak som vart bore av parstilte, jordgrovne stolpar. Arkeologiske undersøkingar har påvist stolpehol etter langhus som kan vera over 4 000 år gamle. I dag finn vi grindverk i gamle løer , naust og uthus.

Grindbygde hus har to eller fleire grinder etter kvarandre på tvers av lengderetninga på huset. Antalet grinder blir avgjort av huslengda. Ei grind har to stavar som blir samanbundne med ein bete (tverrbjelke) og to (eller to par) snedband (skråband). Tradisjonelt blir det ikkje brukt spikar, men snedbanda er festa med trenaglar laga i eit hardt tremateriale (for eksempel eine eller spik). Over beten, inntil stavane, ligg to stavlægjer som bind huset saman i lengderetninga og støttar taksperrene. Knutepunktet mellom stav, bete og stavlægje er slik utforma slik at alle delane blir fast samanlåste. Stavane i grindhus er ikkje nedgrovne i jord slik som i forhistoriske hus, men står på stein.

Grindkonstruksjonen har i nyare tid stort sett berre vore bruka til uthus som ikkje treng oppvarming. Veggene er oftast av bordkledd bindingsverk. Bindingsverket kan vera frittståande utanfor rekkja av stavar, eller det kan vera festa til stavane i kvar grind.

Galleri

Lenkjer

  • Grindbygg.com — grindverksbyggtilbod frå handverkaren Øystein Ramsli

Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Grindverk» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.