Høgskulen i Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Høgskuleområdet.
Foto: Arnfinn Kjelland 2004

Høgskulen i Volda vart etablert 1. august 1994 ved samanslåing av dei eldre institusjonane Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda og Volda lærarhøgskule. Høgskulen fekk ved etableringa fire avdelingar:

  • Avdeling for mediefag (medieutdanningane frå DH-skulen)
  • Avdeling for humanistiske fag (historie, norsk og tysk frå DH-skulen, norsk og engelsk frå lærarhøgskulen)
  • Avdeling for samfunnsfag (sosialfag, planlegging og administrasjon og kyrkjefag frå DH, religion frå lærarhøgskulen)
  • Avdeling for lærarutdanning (resten av lærarutdanningsfaga frå lærarhøgskulen)

Denne organiseringa stod ved lag til 1.8.2007. I 2010 er det desse avdelingane ved høgskulen:

  • Avdeling for mediefag (som før)
  • Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (realfag, pedagogikk, religion, livssyn og kyrkjefag og språk og litteratur)
  • Avdeling for samfunnsfag og historie (sosialfag, planlegging og administrasjon, skuleretta samfunnsfag og historie)
  • Avdeling for kulturfag (drama og teater, idrett og friluftsliv, kunst og handverk, medie- og kommunikasjonsteknologi og musikk)

Bilde

Kjelder


Koordinater: 62.148137° N 6.081973° Ø