Hafslo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hafslo og Hafslovatnet, sett mot aust med tettstaden til venstre og Lustrafjorden i bakgrunnen.
Foto: Peter John Acklam (2005).

Hafslo er ei bygd, ein tidlegare kommune og ein tettstad i Luster kommune. Bygda Hafslo ligg på søraustsida av Hafslovatnet og har tradisjonelt vore ei rik jordbruksbygd. Elva frå Hafslovatnet renn ut i Årøyfjorden i Sogndal, og hovuddalføret strekkjer seg innover mot brebygda Veitastrond.

Hafslo sentrum utgjer ein tettstad etter SSB sin definisjon og hadde i 2009 305 innbyggjarar. Dette var administrasjonssentrum i den nedlagde Hafslo kommune, og her ligg butikkar, Hafslo barne- og ungdomssskule, Hafslo samfunnshus, Luster vidaregåande skule og barnehage. Hafslo kyrkje ligg noko vest for sentrum. Hafslobygda har i seinare år hatt den sterkaste folkeauken i Luster kommune på grunn av nærleiken til Sogndal, og det er kome til ei rekkje byggjefelt.

Fram til 2004 var Hafslo namnet på eit prestegjeld. Det femnde opphavleg om hovudsoknet Hafslo (med Veitastrond) og sokna Solvorn, Fet og Joranger. Frå 1. januar 1967 vart Fet og Joranger slegne saman til eitt sokn og overført til Jostedal prestegjeld saman Gaupne sokn i Luster. Den mest kjende av kyrkjene i Hafslo er Urnes stavkyrkje, som står på UNESCO si verdsarvliste.

Hafslo prestegjeld utgjorde formannskapsdistriktet som vart skipa med formannskapslovene i 1837. Hafslo kommune femnde då om bygdene Ytre Kroken, Ornes og Kinsedalen på sørsida av Lustrafjorden, og Solvorn, hovudsoknet (Ytre) Hafslo, Veitastrond, Eikum og Indre Hafslo (Mollandsmarki, Fet, Joranger og Marifjøra) på nordvestsida av Lustrafjorden. Hafslo kommune hadde denne utstrekninga fram til 1963 då Hafslo, Jostedalen og Luster vart slegne saman til storkommunen Luster. Ved samanslåinga budde det 2384 personar i Hafslo kommune.

Kjelder