Hallingdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Kommunar i Hallingdal
"Dragt fra Naes i Hallingdal og fra Flaae ditto"

Hallingdal er eit dalføre i Buskerud. V-dalen følgjer for det meste Hallingdalsvassdraget. Som distrikt omfattar Hallingdal kommunane Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Historisk var dette området Hallingdalens futedøme, og det er no rettsområde for Hallingdal tingrett.

Den nordvestlege delen av Hallingdal har hatt sterk tilknyting til Vestlandet, medan dei sentrale og sørlege delene har vore knytte til Østlandet og spesielt til Ringerike. Da Bergensbanen vart opna vart heile dalen i sterkare grad knytt til Austlandet.

I mellomalderen låg Hallingdal under Gulating og var ein del av Stavanger bispedøme. Den 10. april 1631 vart det gjort eit makeskifte mellom Stavanger og Oslo bispedøme, og Hallingdal og Valdres prosti vart underlagt Oslo. Dette vart delt i to i 1864, da Valdres prosti vart lagt under det attoppretta Hamar bispedøme medan Hallingdal vart innlemma i det nye Hallingdal og Ringerike prosti under Oslo. I 1914 vart dette òg delt, og Hallingdal prosti vart oppretta. Da Tunsberg bispedømme vart oppretta i 1948 vart Hallingdal lagt til der.