Halvard Bjørkvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Halvard Bjørkvik (fødd 9. oktober 1924), norsk historikar og museumsmann. Han er særleg kjend for si forsking innan eldre norsk agrarhistorie, for sin faglege og organisatoriske innsats for norsk lokalhistorie og som direktør ved Norsk Folkemuseum.

Bjørkvik er fødd og oppvaksen i Finnøy i Rogaland. Foreldra var arbeidar Johannes Bjørkvik og lærar Elisabeth Varland. Halvard Bjørkvik var gift med lokalhistorikaren Randi Bjørkvik, fødd Kleiven frå Vågå (1918-2007).

Halvard Bjørkvik tok eksamen artium ved Voss landsgymnas i 1945. Han fullførte sitt filologiske embetsstudium ved Universitetet i Oslo i 1951, med fagkrinsen tysk og norsk bifag og historie hovudfag. Allereie hovudoppgåva Jord-eige og jordleige i Ryfylke i eldre tid var eit viktig bidrag til forståinga av det gamle skyldeigesystemet i Noreg. Arbeidet kan seiast å ha leidd inn til ein hovuddel av det historievitskaplege feltet som Bjørkvik har arbeidd vidare på, emnemessig som metodisk, nemleg eldre tids agrarhistorie.

Frå 1951 til 1961 var han tilsett i vitskaplege stillingar ved Institutt for sammenliknende kulturforskning (IFSK). Han var med og leidde den særs omfattande granskinga av det norske gards- og grannesamfunnet som vart gjennomført der. Publikasjonane og ikke minst det store innsamla kjeldematerialet i samband med dette står sentralt i historisk og etnologisk forsking på lokalt så vel som på nasjonalt plan. Blant anna gjennom Bjørkviks eigne publiserte arbeid på tysk og engelsk er dette materialet også gjort brukeleg for internasjonale komparasjonar.

I tida ved IFSK utarbeidde Bjørkvik saman med Andreas Holmsen artikkelserien «Kven åtte jorda i den gamle leilendingstida?» i tidsskriftet Heimen (1952-1954, utgjeve samla i 1972). Hans spesialstudiar av det eldste norske krongodset har også vore flittig brukt av norske historikarar. Den internasjonale betydninga av forskings- og formidlingsverksemda hans har også blitt fremja ved ei stor mengd med artiklar i det nordiske samarbeidsprosjektet Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder i perioden 1952-1977.

I 1961 vart Bjørkvik utnemnd til eit nyoppretta dosentur i historie med særskilt ansvar for lokalhistorie ved Norges lærerhøgskole (frå 1968 Universitetet i Trondheim). Historisk institutt ved lærarhøgskolen vart skipa i 1958. Som instituttstyrar og i mange år som den einaste i fagleg toppstilling ved instituttet, fekk Bjørkvik eit særleg ansvar for oppbygginga av instituttet. Han sette så sterkt preg på verksemda der at i jubileumsberetninga for instituttet frå 2008 blir perioden 1961-1968 kalla Bjørkvik-tida.

Ved sida av sitt vitskaplege arbeid og undervisningspliktene som dosent i Trondheim frå 1961, tok Bjørkvik eit særleg ansvar for kontakten med dei lokalhistoriske amatørmiljøa i regionen. Mellom anna fekk han i stand ei lang rekke kurs i lokalhistorisk arbeid. Bjørkvik gjorde også eit viktig arbeid i Samnemnda for lokalhistorie i Nidaros bispedømme, der han var formann 1965-1974.

Fra 1975 til 1989 var Bjørkvik direktør for Norsk folkemuseum. I denne perioden sat han i mange år i styret for Norske kunst- og kulturhistoriske museer, og var formann der 1977-1982. I perioden 1988-1993 var han styreformann for Norsk utvandrermuseum.

I 1984 var Bjørkvik leiar for eit utgreiingsarbeid om offentlege arkiv på oppdrag for Kulturdepartementet (Bjørkvik-utvalget). Hovudfokus i utgreiinga var på spørsmålet om fylkesarkiv, og arbeidet fekk ein betydeleg innverknad på den strukturen det norske arkivvesenet har fått i ettertid.

Medan han var styrar ved Folkemuseet, var Bjørkvik også professor II ved Universitetet i Oslo (1984-1989). Frå 1990-1992 hadde han eit ordinært professorat der, og i åra 1992-1994 verka han som seniorforskar same stad.

Pensjonisttilværet frå 1994 sette ikkje punktum for Bjørkviks akademiske og populærvitenskaplege verksemd. I 1996 kom band 4 av Aschehougs norgeshistorie, som Bjørkvik var forfattar av. I 1997 kom tredje og siste bandet hans av gards- og ættesoga for fødebygda Finnøy (band I og II i 1993 og 1995). Arbeidet med desse hadde han drive mest på fritida i mange år.

Både i sitt virke som universitets- og museumstilsett historikar, i organisasjonssamanheng og som bygdebokforfattar har Bjørkvik hatt ein framskoten plass i norsk lokalhistorie som fagfelt og folkerørsle alt frå 1950-åra av og fram til dags dato. Engasjementet for den breiare lokalhistoriske rørsla har vist seg mellom anna ved dei tillitsverva han har teke på seg for Landslaget for bygde- og byhistorie (seinere Landslaget for lokalhistorie). Han var styremedlem der 1964-1970 og formann 1970-1979. Han var redaktør for fagtidsskriftet Heimen, som Landslaget gjev ut, i åra 1952-1954 (saman med Randi Bjørkvik) og 1973-1975. I ein tjueårsperiode 1965-1985 sat han som medlem i styret for Norsk lokalhistorisk institutt.

I 2006 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for samfunnsgagnleg arbeid. Overrekkinga skjedde i samband med feiringa av femtiårsjubileet for Norsk lokalhistorisk institutt.

Bibliografi:

Fram til 1986: Opera Halvardi. Ein bibliografi over Halvard Bjørkviks historiske forfattarskap 1952-1985, Norsk lokalhistorisk institutt 1984.

Frå og med 1986 (utval):

Finnøy. Gard og ætt, bd. I-III, Finnøy kommune 1993-1997.

Folketap og sammenbrudd 1350-1520, bd. 4 av Aschehougs Norges historie, Oslo 1996.

Kjelder og litteratur:

Kirkhusmo, Anders 1996: Institutt for historie og klassiske fag ved NTNU 1958-2008, Tapir akademisk forlag, Trondheim 2008.

Sandnes, Jørn: «Bjørkvik, Halvard» i Norsk biografisk leksikon, Kunnskapsforlaget, Oslo 1999.