Hans Henriksen Urdahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Henriksen Urdahl (fødd ca 1653 i Aurland, død ca 1728 i Luster) var sokneprest i Luster i Sogn og Fjordane.

Urdahl var son av sokneprest Henrik Reiersen Urdahl i Aurland. Han tok universitetseksamen i teologi i 1676 og vart i 1681 personleg kapellan for sokneprest Stevelin Adamsen Reutz i Luster. Den 2. juli 1687 vart han så utnemnd til sokneprest same stad og hadde embetet livet ut.

Urdahl gifte seg i 1686 med Elsebe Maria Reutz (1668-ca 1693), dotter av den førre presten. Etter at ho døydde, gifte Urdahl seg opp att med Margrethe Christensdatter Rønne (1676-1727).

Det er uvisst kor mange av borna Urdahl fekk med den fyrste kona. Han fekk følgjande born:

  • Johanne Urdahl (1687-1741), gift 1) med Jens Morgenstjerne i Årdal, 2) med Jan Jakobsen Dahl,
  • Henrik Urdahl (fødd 1692), teolog
  • Elsebe Maria Urdahl (1690-1738), gift med Søren Ludvigsen Lem, pers.kap. i Luster frå 1728 til han døydde 1732
  • Stevelin Urdahl (1693-1730), kapellan i Buksnes i Lofoten, seinare hjelpeprest i Trondheim
  • Hans Henrik Urdahl (1699-1771), prokurator og priviligert handelsmann, eigar av Lærdalsøyri, gift 20.7.1735 med Anne Sophie Christophersdatter Nagel. Deira dotter Margrethe var gift med lensmann Arne Hansson Lerum og mor til lensmann og stortingsmann Hans Arneson Urdahl
  • Frederik Urdahl (1703-1752), ugift

Kjelder

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 10-11. (Digital utgåve, NBdigital)