Wikiens artikkel nr 25 000, om Bølerlia, ble lagt inn i påsken av Stig Rune Pedersen. Vi gratulerer så mye! :)

Hans Ottoson Ravn

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

Hans Ottoson Ravn (fødd kring 1635, død kring 1698) var presteson, gardbrukar og kyrkjeombodsmann i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Ravn var son av Otto Hansson Ravn som kom til Jostedalen som sokneprest kring 1635. Han skal ha kjøpt heile garden Myklemyr frå futeenkja Birgitte Munthe i Luster kring 1682, og det gjer han til den fyrste sjølveigaren i Jostedalen. Han gifte seg kring 1684 og tok på same tida over styringa av bruket Nedre Myklemyr (bnr. 7) og nabobruket Øvre Myklemyr (bnr. 4 a). (Sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800.)

Ravn var kyrkjeombodsmann i Jostedalen 1674-1683. Etter ein lokal tradisjon har han fått æra for å ha stått bak bygginga av ny kyrkje i Jostedalen i 1660, men det finst ikkje skriftlege kjelder frå samtida som stør oppunder dette. Ravn var dessutan berre 20-25 år gamal i åra frå det vart avgjort å byggje ny kyrkje i 1656 til kyrkja stod ferdig i 1660. Det kan likevel ikkje utelukkast at han var sentral i kyrkjebygginga sjølv om det var Tøger Jensson som i kjeldene står med det økonomiske og praktiske ansvaret. Tøger Jensson, som var prest i Jostedalen frå 1652 og kyrkjeombodsmann frå 1653, gifte seg med enkja etter forgjengaren, Anna (Ales) Christensdotter, altså mor til Hans Ravn. Utanom vervet som kyrkjeombodsmann frå 1674 kjenner me ikkje til kva Hans Ravn føretok seg før han gifte seg og vart gardeigar og gardbrukar kring 1682-84 - det var òg då han slutta å vere kyrkjeombodsmann. Så i åra før er det ikkje urimeleg om han budde i Prestegarden og var hjelpar (kanskje klokkar) for stefar sin attåt å vere kyrkjeombodsmann. Men han hadde ingen utsikter til å bli sokneprest sidan det ikkje finst nokon opplysningar om at han hadde teologisk utdanning.

Henrik Nitter kom til Jostedalen som kapellan for Tøger Jensson kring 1686 og gifte seg med Sophe Ottesdotter Ravn, som var syster til Hans Ravn og stedottera til Tøger Jensson. At Jensson trong ein kapellan, kan ha samanheng med at Hans Ravn eit par år før hadde flytt til Myklemyr. Hans Ravn kalla eldstesonen sin (f. kring 1687) for Tøger, som må ha vore ei oppkalling etter stefaren.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 29. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 46.
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy