Hemli

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Hemli
Stad: Langset sokn, austsida av Vorma
Sokn: Langset
Kommune: Eidsvoll
Fylke: Akershus
Gnr.: 168

Hemli er ein matrikkelgard på austsida i Eidsvoll i den bygda som i mellomalderen gjekk under namnet Durål. Hemli ligg på om lag 200 meter over havet, og delet går i vest mot Milli og i nord mot Oppgarden (Okkarn) Hol. I sør går delet mot Tynsåk, Sunnold (Sandholt) og Røkholt. I aust har garden skog mot ålmenninga. I dag er det tre Hemli-gardar.

Garden er nemnt fyrste gong i biskop Eysteins jordebok i 1394 i skriftforma "Hæmlini". To forngilde øyresbol låg då til Tynsåk kyrkje, og det må berre ha vori ein liten del ut av skylda. Holmsen meiner at Hemli i høgmellomalderen kan ha vori på mellom 20 og 30 øyresbol. Frå 1600-talet og framover var skylda på 1 skippund og 5 lispund.

Stadnamna på Hemli

Kart over Hemli som syner dei mange teignamna her.

Hemli er eit vin-namn, der siste leddet tyder grasmark eller eng, og namnet kan vera frå dei fyrste århundra etter kristi fødsel. Namnet kan frå fyrst av ha vori namn på ei eng slik det òg kan vera med grannegarden Milli. Fyrste leddet er truleg skyldt ordet humul (m.) i tydinga stein. Det høver godt med læget åt garden som delvis ligg på berg. Hemli ser ut til å ha vori einbølt fram til garden vart delt i to lutar kring 1640. Den eine luten vart delt i to bruk i 1757. Desse to bruka kalla einannan truleg Arstun – eigentleg "are stua", og seinare vart den eine delen kalla Karlstun (bruksnummer 7) etter ein brukar ved namn Karl Larsson i tida 1789–1816. Det andre Arstun-namnet stivna og er i dag namn på bruksnummer 1. Den andre luten vart delt i to lutar i 1772. Desse to lutane har sidan vori kalla Nordstun (bruksnummer 3) og Søstun (bruksnummer 6 og 8). Truleg må dei ha hatt eit anna læge tidlegare, ettersom Nordstun i dag ligg sør for Søstun. Karlstun vart i 1889 lagt inn under Søstun.

Framleis ligg jordvegen mellom Hemli-gardane i teigblanding, og i motsetnad til dei fleste gardane i Eidsvoll og på austlandet elles, har det aldri vori heldt utskifting her. Det er svært mange teignamn nytta på Hemli.

  • Namn som høyrer til Arstun er: Østjordet, Hemlibakken, Langlia, Sølia (etter ei planering av desse tre tidlegare engene i 1970-åra, har dei gått under namnet Planeringa), Lykkja.
  • Namn i Søstun: Eikhaugen, Karlstun, Hagajordet, Nordenga, Søenga (òg kalla Synste enga), Gamle jordbærslandet (er òg kalla Jordet synna låven), Jordslia, Ragnhildhaugen, Østbakken, Ragnhildhaugflaen, Søbakken, Rugbakken, Hemlibakken, Østjordet (òg kalla Arstujordet), Søstudammen, Nordstudammen, Vestlia og Hagajordslia.
  • Namn i Nordstun: Jordet, Bekken, Hemlibakken, Åsdalen, Kjonfløtten, Ulvedalen, Dammen, Væle, Kulpen, Styrten, Inngjerdinga, Sameia, Hemlistuvegen, Slettbakken, Hemliberget, Syndre Enga, Damjordet og Osprabben.

Brukarar

Pål er nemnt ved gjengjerden i 1514 og 1528, men det er ikkje nemnt kor mykje han betalte.

Jens er nemnt som brukar i 1560.

Pål Trulsson er nemnt som lagrettemann den 23. april 1591 ved utnemninga av to utsendingar til kongehyllinga på Akershus same år. Seglet finst under brevet, og er av mellomaldertype. Det står: PAVEL TRLSEN. Ut frå namnet kan Pål ha vori ein sone- eller dotterson av den Pål som er nemnt her i 1514 og 1528, men han kan óg ha vori ein son av Truls Østgarden Smedstad, som er nemnt i 1560/61. Pål er nemnt i skattelister i tida 1593-1610.

Askjell er nemnt som brukar frå seinast 1610 til kringom 1652.

Bruk 1 Hemli

Hemli i 1961. Søstun med Arstun bak. Det vesle kvite huset til venstre har gått under namnet Karlstun, og det var nok her denne garden låg.
Foto: Widerøe (AFM.W022753)

Ved manntalet i 1664 hadde denne delen ei skyld på 2 1/2 fjerding

Askjell heldt fram som brukar her.
Barn:
1. Guri Askjellsdotter. Neste brukar.

Jon Hallvardsson, f. kring 1615. gift med Guri Askjellsdotter.
Barn:
1. Hallvard Jonsson. Neste brukar.

Jon er nemnt her ved futemanntalet i 1664, og var brukar i tida frå kringom 1652 til 1682.

Hallvard Jonsson, f. kring 1652. gift med Berte Tørrisdotter.

Hallvard var brukar i tida 1682-1693, då han vart dømt frå bygsla, avdi han korkje klårte landskyld eller åbu. Sjå Hemlistun.

Embret Kristensson frå Øvre Korslund. gift 1. gong med Gjertrud Persdotter, gravlagd 1696.
Barn:
1. Jorunn Embretsdotter.

gift 2. gong med Anne Andersdotter, uekte dotter av Johanne Rasmusdotter på Vestre Hol, skifte 5. februar 1717.
Born:
1. Bård Embretsson, d. 1728, gift med Marte Amundsdotter. Born: Ola Bårdsson. 2. Kristen Bårdsson. Han var busatt på Vesle Finnstad i 1762, sjå òg Karlstun Hemli.
2. Ola Embretsson.
3. Lars Embretsson.
4. Per Embretsson.
5. Anne Embretsdotter.
6. Ingeborg Embretsdotter.
7. Berte Embretsdotter.

gift 3. gong med Mari Arnesdotter frå Taraldstun Jøndal, var framleis i live ved ekstraskatten i 1762.
Barn:
1. Arne Embretsson, f. kring 1719. Neste brukar

Embret var brukar i Arstun i tida 1693-1743, og i 1707 fekk han skjøte på garden. I 1743 fekk sonen Arne skjøte på garden for 360 riksdaler og føderåd.

Arne Embretsson, f. kring 1719,
gift med Gunnhild Eriksdotter frå Røkholt (Bruk 2).
Born:
1. Embret Arnesson, f. o. 1742. Husmann under Oppgarden Røysi i 1801.
2. Erik Arnesson. f. o. 1759, d. 13.10.1844. Husmann i Nørdre Hemlistua.
3. Anne Arnesdotter, f. o. 1766, d. 1825, gift med Ola Trondsson, Nørdre Hemlistua.

Arne var brukar av garden i tida 1743-1755. Arne selde garden i 1756 for 500 riksdaler åt Ola Torgeirsson, som tidlegare hadde vori brukar av Midtgarden Grue.

Ola Torgeirsson var brukar i tida 1756-1757.

Arnes brorson Kristen Bårdsson kjøpte garden i 1758, og seldte rett etter halve garden (Arstun) åt farbroren Arne Embretsson.

Arstun Hemli

Hemli i 1961. Nordstun med bua i Søstun til venstre og Arstun lenger bak.
Foto: Widerøe (AFM.W022752)

Arne selde Arstun i 1765 åt Ola Olsson, tidlegare brukar av Østre Ås, for 320 riksdaler, men gav seg og sine arvingar rett til halve Nørdre Hemlistua.

Ola Olsson, d. 1767,
gift med Berte Hallvardsdotter frå Øvre Dønnum.
Born:
1. Olo Olsdotter.
2. Kari Olsdotter
3. Anne Olsdotter

Skiftet var fallitt, og garden vart seldt på auksjon åt Ola Nilsson på Oppgarden Hol for 310 riksdaler. Han nytta truleg Arstun under sin eigen gard, og selde garden for 400 riksdaler åt Isak Knutsson, tidlegare brukar av Setre.

Isak Knutsson, f. kring 1738
gift 1. gong med Kari Larsdotter frå Kinn, d. tida 1770-1771.
Born:
1. Lars Isaksson, f. kring 1759.
2. Inger Isaksdotter, f. kring 1762.
3. Kari Isaksdotter, f. kring 1765

Isak, gift 2. gong med Berte Rasmusdotter frå Bjørke.

Isak var brukar i tida 1770-1774, og selde garden for 280 riksdaler åt Ola Hansson, og flytta åt Øvre Holseter i Gullverket.

Ola Hansson frå Oppsalbakken i Stange,
gift med Ingeborg Andersdotter.
Barn:
1. Hans Olsson, f. kring 1754, d. 30. mai 1823, neste brukar.

Ola var brukar av Arstun i tida 1774-1790. Sonen Hans tok over garden for 250 riksdaler i 1775.

Hans Olsson, f. kring 1754, d. 30. mai 1823, son av førre brukarar,
gift med Anne Arnesdotter frå Mellom-Sander, f. kring 1765, d. 8. september 1830.
Born:
1. Ingeborg Hansdotter, f. kring 1788.
2. Marte Hansdotter, f. kring 1790.
3. Ola Hansson, f. kring 1793.
4. Arne Hansson, f. kring 1795, d. 17. september 1854. Neste brukar.
5. Anne Hansdotter, f. kring 1797, d. 27. juni 1849.
6. Berte Hansdotter, f. kring 1800, d. 19. januar 1829. Ho var ugift.

Arne Hansson, f. o. 1795. d. 17. september 1854, son av førre brukarar.
gift med Mari Olsdotter kanskje frå Ner-Holtet, f. kring 1799, d. 8. juli 1878.
Born:
1. Olea Arnesdotter, f. kring 1820. Neste brukar.
2. Hans Arnesson, f. 26. mai 1824, d. 1825.
3. Anne Maria Arnesdotter, f. 1836, d. 6. januar 1841.
4. Anne Marie Arnesdotter, f. 1841, d. 15. desember 1852.

Arne var brukar av Arstun i tida 1820-1854.

Kristoffer Olsson frå Lesja i Gullverket. f. kring 1822. gift med Olea Arnesdotter, f. kring 1820, d. 11. august 1876, dotter av førre brukarar.

Kristoffer og Olea var brukarar frå 1855 til kringom 1870.

Ola Eriksson frå Otten i Nord Odal. Han var brukar frå om lag 1870 til han i 1875 selde garden åt fløytarbasen Kristoffer Ellingsson. Ola hadde óg vori brukar av Otten, og budde der om somaren og i Arstun om vinteren.

Kristoffer Ellingsson frå Veientajet i Norderhov på Ringerike. f. 24. juni 1834, d. 20. november 1904,
gift 1858 med Kristine Kristensdotter frå Fremminstun, f. desember 1835, d. 24. mai 1915.
Born:
1. Kristen Kristoffersson, f. 1859, d. 3. april 1883, gift 28. februar 1879 med Marte Maria Eriksdatter Holseter. Dei var busatt i Arstun. Den 15. desember 1878 då sonen Kristoffer vart døypt var dei ikkje gift og han budde på Hemli, truleg i Arstun og ho på Holseter.
2. Beate Kristoffersdotter - Beate Hemli, f. 16. mars 1862, d. . Neste brukar.
3. Edvard Kristoffersson - Edvard Hemli, f. 5. oktober 1863, d. 7. april 1933, gift 1. gong 17. juni 1892 med Laura Jensdotter frå Nystun Røkholt, gift 2. gong med Bertha. Brukarar av Nistun Røkholt.
4. Hans Kristoffersson - Hans Sanner - Hans Rekhærsen, f. 18. mars 1866, d. 1943. gift 1891 med Marie Johanne Torsell frå Sørli. Brukarar av Rikardsbråtan i tida 1894-1909 av Sandholtbråtan i tida 1909-1913 og av Nedre Nordstun Sander i tida 1913-1923.
5. Martin Kristoffersson - Martin Dahlum, f. 18. mai 1869, d. 23. juni 1933, gift 1894 med Alette Gudbrandsdotter frå Dalum. Brukarar av Dalum.
6. Ole Kristoffersson - Ole Ellingsen Hemli, f. 26. januar 1872, d. 12. oktober 1948, gift 13. september 1895 med Berte Maria Gudbrandsdotter - Marie Ellingsen Hemli frå Dalum. Dei budde ei tid i Arstun før dei flytta åt Nersletta.
7. Tina Olava Kristoffersdotter - Tina Dahlum, f. 6. april 1875, d. 15. mars 1954, gift med Bernt Gudbrandsson - Bernt Dahlum frå Dalum. Dei var busatt på Sunnoldmoen(Sandholtmoen).
8. Emil Kristoffersson - Emil Hemli, f. 29. september 1877, d. 1950. Neste brukar.

To Y-DNA testar frå etterkomarar etter sønene Hans (250016) og Ole (219382) syner at Kristoffer Ellingsson tilhøyrde den sjeldne haplohopen E-V13. Sjå høvesvis testnummer 250016 og 219382 her: https://www.familytreedna.com/public/Norway/default.aspx?section=yresults

Ein mtDNA test av ein etterkomar etter Kristine Kristensdotter syner at ho tilhøyrde den sjeldne haplogruppa X2m. Sjå testnummer 256363 her: https://gap.familytreedna.com/mtdna-results-classic.aspx

Dei ugifte syskena Beate og Emil Hemli dreiv Arstun i tida 1900-1939, då dei gav garden åt systersonen Gunnar Berntsen.

Gunnar Berntsen - Gunnar Hemli, f. 1902.

Karlstun Hemli

Utsnitt frå 1838-matrikkelen. Hemli var då delt i fire bruk.
Foto: Digitalarkivet

Kristen Bårdsson, soneson åt Embret Kristensson i Bruk 1 var brukar av den eine delen av Bruk 1, seinare kalla Karlstun, etter at han selde den eine delen åt brorsonen Arne Embretsson i Arstun. Kristen var brukar av denne luten i tida 1757-1762.

Kristen selde garden i 1762 åt Ola Nilsson for 350 riksdaler. Ola nytta truleg garden under Oppgarden Hol, der han sjølv var brukar. Ola selde garden i 1763 åt Lars Gudmundsson, som tidlegare hadde vori brukar av Oppgarden Hol, Søgarden Grue og Ljøel.

Lars Gudmundsson,
gift med Marte Alvsdotter
Barn:
1. Berte Larsdotter, nemnt i 1762.

Lars var brukar i tida 1763-1772. Han flytta åt Ljøelstua og selde garden for 400 riksdaler åt Gudmund Gudbrandsson frå Nordstun Sunnold.

Gudmund Gudbrandsson frå Nordstun Sunnold, f. kring 1748,
gift med Else Kristensdotter frå Fjerdrum i Gausdal.

Gudmund og Else var brukarar av Karlstun i tida 1772-1778, og selde garden i 1778, men heldt at ein del av Nørdre Hemlistua og Slåtthagan. Kjøparen var Embret Mikkelsson, som tidlegare hadde vori brukar av Stein i Nord-Odal.

Embret Mikkelsson frå Stein i Nord-Odal, d. 1783,
gift med Anne Arnesdotter frå Nordgarden Grue.
Born:
1. Gjertrud Embretsdotter, f. kring 1755, gift med Arne Gudbrandsson frå Mellom-Sander.
2. Anne Embretsdotter, f. kring 1764, d. 1832, gift med Gudmund Olsson. Brukarar av Gudmundstun Søgarden Venjer.
3. Marte Embretsdotter.

Hallvard Gudmundsson, skifte 15. mai 1786,
gift med Kristine Jørnsdotter fra Oppgarden Tynsåk.
Born:
1. Anne Hallvardsdotter.
2. Kari Hallvardsdotter.

Hallvard var tidlegare brukar av Arstun Røkholt, og var brukar av Karlstun i tida 1784-1786. Hallvard drukna i Vorma.

Kristine Jørnsdotter, d. 1793,
gift 2. gong med Karl Larsson frå Arstun Kommersrud, f. kring 1754.
Born:
1. Hallvard Karlsson.
2. Katrine Karlsdotter, f. kring 1790, nemnt å vera 11 år i 1801-teljinga.

Karl gift 2. gong med Anne Amundsdotter fra Nordstun Milli, f. kring 1771.
Born:
1. Lars Karlsson, f. kring 1795, neste brukar.
2. Ola Karlsson, f. 1800.
3. Kristine Karlsdotter, f. kring 1797, gift kring 1816 med enkjemann Ola Gudmundsson frå Negarden Hol. Brukarar av Nordstun Hemli.
4. Olea Karlsdotter, f. kring 1804, d. 1868, gift med Ola Hallvardsson, brukarar av Søstun Milli.

Karl var brukar her i tida 1789-1816, og det må vera han Karlstun har namnet frå. Systera Kersti var gift i Søstun. Karl var formyndar for brordottera
Marte Jensdotter ved skifte etter broren Jens Larsson på Søndre Sandåker i Nes 9. november 1809.

Lars Karlsson, f. kring 1795,
gift med Anne Katrine Evensdotter frå Nordstun Våler.

Lars var brukar i tida 1816-1829. Etter det flytta dei åt Nordstun Våler.

Hans Kristoffersson frå Nes, f. 14. mars 1798, d. 23. juli 1876,
gift med Anne Olsdotter frå Oppgarden Sander, f. kring 1799, d. 7. juni 1837.
Born:
1. Kristian Hansson, f. 1836. Han var busatt som ugift i drengestua i 1875.
2. Marte Maria Hansdotter, gift med Hans Hansson Habbarstad.
3. Olea Hansdotter, gift med Kristian Henriksson Sneisrud.

Hans var brukar i tida 1829-1863.

Jens Olsson frå Nordstun Hemli, f. 13. september 1826,
gift 16. januar 1862 med Maren Andrine Olsdotter frå Søgarden Hol, f. 1837.
Born:
1. Ole Jensson, f. 24. oktober 1861.
2. Kristian Jensson, f. 9. januar 1867.
3. Berte Olea Jensdotter, f. 23. september 1873.
4. Andreas Jensson, f. 1. mai 1876.
5. Anton Jensson, f. 1878.

Huslyden utvandra åt Rushford i Minnesota i 1879. Jens var ein dotterson av Karl Larsson.

Hans Olsson frå Trondstun, f. 1829, d. 23. august 1888,
gift med Inger Lovise Hansdotter fra Midt-Brøstad, f. 1834.
Born:
1. Ingeborg Hansdotter, f. 1869.
2. Oleanne Hansdotter, f. 1871.
3. Martine Hansdotter, f. 1873.
4. Ole Hansson, f. 1875.

Dei var brukarar av Karlstun i tida 1879-1888, og hadde tidlegare vori brukarar av Habbarstadbakken. Inger Lovise selde året etter sin manns død garden til Kristoffer Larsson i Søstun som slo den i hop med sin gard. Uthusa vart rivi. Berre hovudbygningen fekk stå, og den går framleis under namnet Karlstun.

Bruk 2 Hemli

Jon Gudbrandsson, f. kring 1614. d. 1686. Born:
1. Gudbrand Jonsson, f. kring 1646. Han er nevnt som sønn og soldat ved futemanntallet i 1664.
2. Håken Jonsson. Neste brukar.
3. Amund Jonsson, sjå andre brukar frå her.
4. Berte Jonsdotter.
5. Inger Jonsdotter.

Jon er nemnt her ved futemanntallet i 1664.

Håken Jonsson, f. kring 1652, d. kring 1690, son av førre brukar. Han er nemnt her ved futemanntallet i 1664 som son.

Amund Jonsson, d. 1726, son av tidlegare brukar,
gift med Berte Gudbrandsdotter.
Born:
1. Jon Amundsson, f. kring 1694, neste brukar.
2. Ola Amundsson.
3. Lars Amundsson.
4. Gunnhild Amundsdotter, gift med Ola Bårdsson frå Søstun Milli, sjå der.
5. Anne Amundsdotter.

Jon Amundsson, f. kring 1694.
gift 1. gong med Gudbjørg Kristoffersdotter frå Hol, d. 1725.
Barn:
1. Berte Jonsdotter.

Jon, gift 2. gong med Anne Olsdotter fra Skrårud, skifte 8. juni 1735.
Born:
1. Amund Jonsson.
2. Ola Jonsson, f. kring 1740, neste brukar.
3. Gudbjørg Jonsdotter.
4. Kari Jonsdotter.

Jon, gift 3. gong med Anne Amundsdotter frå Elstad, d. 1764.
Born:
1. Amund Jonsson.
2. Anne Jonsdotter.
3. Kari Jonsdotter.

Ola Jonsson, f. kring 1740, son av førre brukar.
gift med Ambjørg Hallvardsdotter frå Østgarden Dønnum, skifte 19. september 1807 i Syndre Hemlistun.
Born:
1. Anne Olsdotter, f. kring 1767, gift med Kristen Jensson. Busatt på Sanderhaugen i 1807, seinare på Holtet, Ørbekkstøa og ein plass under Røysi, kanskje Sørenstua.
2. Olo Olsdotter, f. kring 1770, gift med Hans Alvsson. Brukarar av Nordstun Habbarstad.
3. Berte Olsdotter, f. kring 1780.
4. Hallvard Olsson, f. kring 1772, d. 5. august 1863, gift med Marte Jonsdotter frå Øvre Holseter. Brukarar av Øvre Holseter.
5. Jon Olsson, f. kring 1784.

Ambjørg, gift 2. gong med Erik Arnesson. Dei kom til Syndre Hemlistun.


I 1772 selde Ola frå halve garden åt svogeren Ola Olsson frå Nordstun Milli, og tok att halve garden som seinare gjekk under namnet Søstun

Søstun Hemli

Ola vart sitande med Søstun berre i fem år, og selde den åt Torkjell Gislesson, som tidlegare hadde vori brukar av Dønnum.

Torkjell Gislesson.

Anders Nilsson frå Billerud på Toten, f. kring 1757,
gift med Johanne Samuelsdotter, dotter av Samuel Mandal på Siggerud, f. kring 1759, d. 1803.
Born:
1. Nils Andersson.
2. Lars Andersson.
3. Hans Andersson.
4. Jens Andersson.
5. Marte Andersdotter.
6. Berte Andersdotter.

Anders bytte gard med Jens Jakobsson frå Setne på Toten, og flytta med huslyden åt Arstun Kommersrud.

Jens Jakobsson frå Søstun Trandum, døypt 1. april 1755 i Hov kyrkje på Toten, d. 4. mai 1835,
gift med Kersti Larsdotter frå Arstun Kommersrud, f. kring 1762.
Born:
1. Lars Jensson, f. kring 1787, d. 15. november 1861, neste brukar.
2. Pål Jensson, f. kring 1791, gift med Else Olsdotter frå Nordstun Sunnold. Brukarar av Nordgarden Røkholt.
3. Erik Jensson, f. kring 1794. Brukar av Oppstun Røkholt.
4. Mari Jensdotter, f. kring 1796.
5. Jens Jensson, f. kring 1799.

Jens og Kersti var brukarar i tida 1788-1805 og seinare flytta dei til Oppstun Røkholt, der dei var brukarar i tida 1805-1819.

Lars Jensson, f. kring 1787, d. 15. november 1861, son av førre brukarar
gift med Anne Maria Amundsdotter trulig fra ein husmannsplass under Negarden Hjera, f. kring 1799, d. 9. mai 1867.
Born:
1. Amund Larsson, f. 1818, d. 23.08.1900. Ugift.
2. Maren Olea Larsdotter, f. 1820.
3. Jens Larsson, f. 01.01.1824, gift med enkja Dortea Maria Jensdotter frå Disserud i Fegring. Brukarar av Nordstun Hemli.
4. Ola Larsson, f. 03.03.1826.
5. Kristoffer Larsson, f. 8. desember 1828, d. 1906, neste brukar.
6. Marte Maria Larsdotter, f. 1831.
7. Karen Larsdotter, f. 1835.

Kristoffer Larsen, f. 8. desember 1828, d. 16. mai 1906, son av førre brukarar,
gift med Olava Martine Olsdotter fra Søstun Milli, f. 1835, d. 20. februar 1922.
Born:
1. Ole Adolf Kristoffersson, f. 26.01.1864, d. 1927, neste brukar.
2. Lars Kristoffersson, f. 13. september 1865, d. august 1927, gift med Henrikke Hansdotter frå Habbarstad. Brukarar av Søstun Milli.
3. Kristine Amalie (Mali) Kristoffersdotter, f. 1872, d. 1927. Busatt i Søstun Milli.

Kristoffer og Olava var brukarar av Søstun frå 1861 til 1890. Kristoffer kjøpte i 1889 til Karlstun og la den til garden.

Kristoffer tente som hornblåsar ved Eidsvollske lette infanteriregiment frå 1. februar 1851 til 1. februar 1856. I fylgje eit tenesteprov var han 64 1/2 tomme høg, mørk i håret, mørkeblå auge og sped bygning.

Ole Adolf Kristoffersen, f. 26. januar 1864, d. 1927, son av førre brukarar,
gift med tremenningen Karoline Martine Olsdotter frå Nordgarden Røkholt, f. 15. april 1865, d. 21. november 1931.
Born:
1. Olaf Hemli, f. 1886. d. før 1920. Drukna i Vorma.
2. Anna Hemli, gift med Johan Lynes. Dei var busatt i Trondheim. Dei hadde ein son Reidar Lynes som døydde av tæring under krigen.
3. Helga Hemli, f. 1890. d. i Skedsmo.
4. Oleanna Hemli, f. februar 1892, d. 5. februar 1931, gift med Sverre Gjevik. Dei var bosatt i Oslo. Sonen Åge Gjevik, døydde 2000, var busatt på Skarnes.
5. Olga Hemli, f. 4. mars 1894, d. 1969, gift 1933 med Finn Habberstad.
6. Kristian Hemli, f. 1895, neste brukar.
7. Ole Hemli - Ole Heimli, f. 10. november 1897, d. 26. februar 1927, gift med Ragna Bårli. Dei var busatt i Oslo. Dei skreiv seg Heimli.
8. Martin Hemli, f. 29. desember 1899, d. 2. april 1933, gift 1930 med Martha Julsrud frå Sø-Smestad. Dei var busatt i Karlstun. Seinare kjøpte Martha eigedomen Øverland nord for Langsetenga.
9. Margit Hemlli, f. 13. februar 1902, d. 10. februar 1983, gift 1923 med Kristian Løntjern.
10. Hjørdis Hemli, f. 3. juli 1911, d. 22. mars 1985, gift 1934 med Otto Løntjern.

Ole og Martine var tremenningar, då deira fedres fedre var brør.

Kristian Hemli, f. 1895, d. gift med Hjørdis Hemli, fødd Ljødal, f. d.

Nordstun Hemli

Ola Olsson kjøpte halve Bruk 2 i 1772 av sin værbror Ola Jonsson, som fortsatte å bruke Søstun, for 325 riksdaler.

Ola Olsson frå Nordstun Milli, f. kring 1742,
gift med Anne Hallvardsdotter fra Oppgarden Dønnum.
Dei hadde ingen born.

Ola Gudmundsson frå Søstun Negarden Hol, f. kring 1777, d. 19. februar 1831,
gift 1. gong kring 1812 med Anne Olsdotter frå Øvre-Østgarden Frilset, f. kring 1781, d. desember 1815.
Born:
1. Ola Olsson - Ole Julsrud, f. 8. desember 1812, d. 6. januar 1894, gift 1848 eller 1849 med Ingeborg Beate Gudbrandsdotter frå Innistun Julsrud, sjå der.
2. Anne Martea Olsdotter, f. kring 1815, gift med Lars Olsson. Brukarar av Øvre-Oppgarden Sander.

Ola, gift 2. gong 1816 med Kristine Karlsdotter frå Karlstun Hemli, f. kring 1798, d. 27. september 1848.
Born:
1. Gunner Olsson, f. nov. 1817, d. 31. desember 1817. Han døydde berre 5 veker gamal.
2. Gurine Olsdotter, f. o. 1820.
3. Andreas Olsson, f. 31. mai 1821, d. 16. februar 1858, neste brukar.
4. Karl Olsson, f. 20. november 1823, d. 12. oktober 1842.
5. Jens Olsson - Jens Hemli, f. kring 1827. Han utvandra åt USA. Han er mellom anna omtalt i eit amerikabrev i gardsarkivet frå Innistun Julsrud.
6. Maren Andrine Olsdotter, f. kring 1829.

To Y-DNA-testar av etterkomarar av brørne Ola Alvsson, døydde 1685, og Hans Alvsson, fødd kring 1655, båe frå Søgarden Dokknes, syner at Ola Gudmundsson og sonen Ole Julsrud tilhøyrde haplohopen I-L22. Sjå høvesvis testnummer 220429 og 236818 her: https://gap.familytreedna.com/ydna-results-classic.aspx

Andreas Olsen, f. 31. mai 1821, d. 16. februar 1858, son av førre brukarar,
gift 3. januar 1856 med Dorte Maria Jensdotter frå Øver-Disserud i Fegring, f. 17. juli 1823.
Barn:
1. Andrea Marie Andreasdotter, f. 1859.

Andreas var brukar av Nordstun i tida 1848-1858.

Dorte Maria Jensdotter, gift 2. gong 29. april 1863 med Jens Larsson frå Søstun Hemli, f. 1. januar 1824, d. 11. mars 1905,
Born:
1. Lars Adolf Jensson, f. 13. oktober 1863.
2. Gina Martine Jensdotter, f. 27. juni 1866.
3. Kristian Julius Jensson, f. 18. juni 1869, neste brukar.

Kristian Julius Jensson, f. 18. juni 1869, son av førre brukarar,
gift med Mathilde Berntsdatter frå Oppgarden Hol.
Born:
1. Jens Hemli, neste brukar.
2. Bjarne Hemli, f. 1908. d. 1982. Han budde og arbeida her på garden hos broren, Jens.

Jens Hemli, f. 6. mai 1906, d. 1. juli 1995, son av førre brukarar.
gift med Anna Maria Hemli frå Brandval, fødd Berg, f. 17. oktober 1916, d. 16. oktober 1996.
Born:
1. Torunn Mathilde Hemli, f. 1948, neste brukar.
2. Anny Hemli Sigvartsen, f. 1955, gift med Ove Normann Sigvartsen frå Finnbråtan. Dei bur på frådelt tomt.

Husmannsplassar

Alt frå siste luten av 1600-talet var det ein husmannsplass under Hemli ved namn Hemlistua. Seinare var det to Hemlistuer, ei søndre og ein nørdre. Den eine av desse er i dag småbruket Hemlistun. Ved ekstraskatten i 1762 var det berre éin husmann under Hemli og ved folketeljinga i 1801 var det fire.

Nørdre Hemlistua

Jens Olsson,
gift med Gudbjørg Jonsdotter.

Jens og Gudbjørg er nemnt som husmannsfolk under Hemli ved ekstraskatten i 1762.

Per Embretsson,
gift med Kari Amundsdotter frå Nordstun Milli

Gudmund Gudbrandsson hadde plassen som vilkårsbruk frå 1778, etter å ha vori brukar av Karlstun Hemli

Syndre Hemlistua

Det var skifte på denne delen av Hemlistun den 19. september 1807 etter Ambjørg Hallvardsdotter (sjå Bruk 2 Hemli).

Kjelder og litteratur