Hemsedal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Hemsedal
0618 Hemsedal kommune.png
Basisdata
Kommunenummer 0618
Fylke Buskerud
Kommunesenter Trøim
Areal 753.47  km²
Areal land 714.7  km²
Areal vann 38.77  km²
Folketall 2 215 (2012)
Grunnlagt 1897
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Hemsedal kommune ligg i Buskerud fylke og er den nørdste kommunen i fylket. Kommunen tilsvarar bygdi Hemsedal, som vart eigen kommune i 1897, då ho vart utskilt frå Gol og Hemsedal kommune. Kommunen grensar mot Buskerudkommunane Ål i sørvest og Gol i sørøst, i nordvest mot Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke og i nordaust mot Nord-Aurdal, Vestre Slidre og Vang i Oppland fylke. Med 2 215 innbyggjarar (2012) er Hemsedal ein av dei minste kommunane i Buskerud, og den minste i Hallingdal etter Flå kommune. Administrasjonssenteret i kommunen er Trøim (eller Trøym), som hadde 774 innbyggjarar i 2012. Elles bur det ein del folk i grendene Tuv og Ulsåk. Kyrkjeleg svarar kommunen til Hemsedal sokn, som frå gamalt av har høyrt til Gol prestegjeld. Innbyggjarane i kommunen kallast hemsedølar.

Geografisk fell kommunen saman med mesteparten av Hemsedalen, som er ein sidedal til Hallingdalen. Hemsedalen har også ein del sidedalar, og ved Tuv deler dalen seg i Grøndalen og Mørkedalen. Her renn Grøndøla og Mørkedøla saman og dannar Hemsil. Ifylgje Store norske leksikon er det Hemsa, eit eldre namn på Hemsil, som har gjeve dalen og kommunen namnet sitt - medan Sophus Bugge utleda namnet frå hemsa, hefnsa, hofn, som tyder «hamnegang». Lokalt kallast Hemsil også Åné. Ved grensa åt Gol kommune ligg Hemsil på om lag 550 meter over havet, og dette er det lågaste punktet i kommunen. Hemsedal er elles ei utprega fjellbygd, åtti prosent av arealet ligg over 900 meter over havet. Høgste punktet i kommunen er Høgeloft, på 1920 meter over havet, andre høge fjell er Raudebergnuten og Skogshorn (Skogshødn) på høvesvis 1818 og 1728 meter over havet. Hovudnæringi er jordbruket, framfor alt husdyrhald. Hovudvegen gjennom dalen er riksveg 52, som bind saman riksveg 7 (ved Gol) og europaveg 16 (ved Borlaug i Lærdal kommune).

Kommunen har hatt praktisk tala dei same grensene sidan han vart oppretta i 1897 - einaste grenseendringi føre 1996 var at det ubebodde området Jallestølen vart overført frå Ål kommune til Hemsedal kommune i 1979. Kommunevåpenet syner eit gullfarga gaupehovud mot raud bakgrunn, og kjem av at det finst gaupe i kommunen. Våpenet vart godkjent i 1992.

Kjelder

Eksterne lenkjer

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy