Herdla

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Feriebustadar på Herdla.
Foto: Leif-Harald Ruud (2023).
Fuglereservatet på Herdla vert også nytta som beitemark.
Foto: Leif-Harald Ruud (2023).
Herdla kyrkje.
Foto: Leif-Harald Ruud (2023).
Golfspelarar på Herdla golfklubb si bane.
Foto: Leif-Harald Ruud (2023).

Herdla er ei øy i nordenden av Askøy kommune. Den 1,6 km² store øya ligg tre mil frå Kleppestø og Askøybrua. I tidsrommet 1871–1964 var Herdla ein eigen kommune.

Naturtilhøve

Herdla er det rikaste fugleområdet i Hordaland med 224 registrerte fugleartar fram til 2003. Det særmerkte og produktive sjø- og våtmarksområdet på Herdla førte til at eit område på 3,1 kvadratkilometer vart sett av som eit freda område i 1985. Området er ein del av det 1,3 kvadratkilometer store naturreservatet som omfattar Herdlevalen og strendene rundt denne. Naturreservatet er med på å gjera Herdla til eit viktig reisemål. På Herdla museum kan ein læra om kulturhistoria og naturhistoria til øya.

I mellomalderen budde baglarkongen Filippus Simonsson på Herdla. Då han døydde i 1217 kom baglarane og birkebeinarane til forlik.

Herdla flyplass og fort

Herdla flyplass vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen. Den flate Herdlevalen eigna seg til å byggja ein flybase, og Herdla var den viktigaste flyplassen mellom Stavanger lufthamn, Sola og Trondheim lufthamn, Værnes. Bergen lufthamn, Flesland vart ikkje opna før i 1955. Flybasen på Herdla var viktig i forsvaret av ubåtbyen Bergen. Tyskarane bygde og opp Herdla fort, inkludert torpedobatteri Hjelte. Herdla vart kalla «Festung Herdla», og alle sivile måtte i løpet av krigen flytta frå øya. Då innbyggjarane kom tilbake i 1945 var det eit omfattande oppryddingsarbeid som stod for døra.

Herdla herad (kommune) 1871–1964

Utdypende artikkel: Herdla herad

Herdla vart 1. januar 1871 skild ut frå Manger som eigen kommune med namnet Herlø heradskommune. Namnet vart endra til Herdla i 1917. Det administrative setet vart lagt til Herdla øy. I kommunen var om lag 2000 øyar, holmar og båer. Til saman utgjorde dette 114 kvadratkilometer. Berre 10 kvadratkilometer var jordbruksareal. Fiske var viktigaste næringsvegen. Ca. 5000 menneske budde i kommunen då han vart oppløyst frå 1. januar 1964. Øygarden kommune vart skipa, Misje og Turøy vart lagde til Fjell kommune. Området Kjerrgarden–Herdla vart lagde til Askøy kommune og Eikeland–Husebø til Meland kommune. Bognøy vart lagd til Radøy kommune. Herdla kyrkje har lange tradisjonar, og var kyrkje for store delar av gamle Herdla herad.

Bakgrunnsstoff

  • Benonisen, Per: Askøy - Herdla - Meland kommuner : grenserevisjoner og revisjonsønsker 1919–1964, Hovedoppgave i historie – Universitetet i Bergen, 1995.
  • Skjelanger, Torstein (red): Herdla kommunesoge : 1870–1963, Herdla 1971.
  • Sælensminde, Ole Bjørn: Herdla : fra fredelig bygd til krigsskueplass, Kleppestø 2001.
  • Virkesdal, Erling: Herdla : den spesielle øya, Kleppestø 2002.

Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Herdla» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.