Hovestua

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovestua på Norsk Folkemuseum
Foto: Olve Utne (2008).
Hovestua i 1900-åra.
Foto: Olaf Væring (omkr. 1900–1907).

Hovestua er eit gjestehus og stasstue frå garden Hove i Heddal. Det vart oppført i 1738, eit årstal som er skore inn ved inngangsdøra og inne i stua. Stua vart i 1881 flytta til Oscar IIs samling, den eldste delen av det som no er Norsk Folkemuseum.

Det var Ole Olsson Hove som bygde stua. Han hadde gifta seg med Tone Sveinungsdotter Hove, og fekk gjennom ho odel til Hove. Ein finn initialane deira på hjørneskåpa ved høgsetet, OOS og TSD. Seinare generasjonar på Hove har også lagt til sine initialar, årstal og fromme sitat. Inventaret i stua slik ho står er frå Hove. Pais, seng, langbord, skåp og benkar står i stuerommet etter fast skikk. Den store senga er samanbygd med eit skåp, og i den nedre delen av dette gjekk nedgangen til kjellaren. Det er i dag ikkje kjellar under stua. I forstua står nokre ting som opphavleg var frå Heddal stavkyrkje, som Hovefolket hadde fått tak på. Ein av tinga er ei fattigbøsse, som opphavleg var ein lesepult frå mellomalderen.

Stua er bygd med treromsplan slik skikken var i Telemark. Framfor inngangen er det ei halvope sval i stavverk, som fortsett på kortveggen. I stuerommet er det bjelkeloft, ein konstruksjon som vart mogleg då pipa kom inn i arkitekturen.

Galleri

Kjelder

  • Mork, Paal (red.), Norsk Folkemuseum - Friluftsmuseet, By og Bygd 43, Norsk Folkemuseum, 2010.

Koordinater: 59.90784° N 10.6829° Ø