Bli med på dugnaden med å koordinatfeste artikler og bilder på Lokalhistoriewiki!

Innherad

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Kart over Midt-Noreg med Innheradskommunane markert i raudt.

Innherad (nn.) eller Innherred (bm.) (preposisjon: « Innh.») er eit landskap og ein region i Nord-Trøndelag fylke. Området har ikkje nokon eigen administrasjon, men interkommunalt samarbeid finst og er under utvikling. Kommunesamanslåingar blir stadig diskuterte. Uttaleforma i dag er litterær; namnet tyder opprinneleg ‘dei indre herada’. Innherad har til saman 68 294 innbyggjarar (1. juli 2007) og 4 895 km², fordelt på dei sju kommunane Frosta, Levanger, Verdal, Inderøy, Steinkjer, Verran og Leksvik. Innherad grensar til Stjørdalen, Fosen, Namdalen og Jämtland. Dei 3 byane i distriktet er Steinkjer, Levanger og Verdalsøra.

Tidlegare vart vestdelen av Leksvik (Stranda sokn) rekna som ein del av Fosen i staden for Innherad, medan norddelen av Skatval vart rekna som ein del av Innherad i staden for Stjørdalen.

Eit spesielt interkommunalt samarbeid er utvikla mellom kommunane Levanger og Verdal. Dette blir kalla Innherad samkommune. Samkommunen skal vera eit alternativ til kommunesamanslåing.

Innherredsferja a/s dreiv ferjetrafikk i området. Selskapet vart i 2005 kjøpt av Fosen Trafikklag.

Innherred kystlag held til i området.

Kjelder


17 Nord-Trondelag vapen.png
NORD-TRØNDELAG
NAMDALEN: Flatanger | Fosnes | Grong | Høylandet | Leka | Lierne | Namdalseid | Namsos | Namsskogan | Nærøy | Overhalla | Røyrvik | Snåsa | Vikna | INNHERAD: Frosta | Inderøy | Leksvik | Levanger | Steinkjer | Verdal | Verran | STJØRDALEN: Meråker | Stjørdal (& Selbu og Tydal i Sør-Trøndelag)
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy