Ivar Blekastad

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Ivar Blekastad
Foto: Ukjent
Ivar Blekastad (fødd i Sel 4. oktober 1850, død i Gausdal 20. januar 1936), var friskolelærar, bonde og handelsmann. Han vaks opp i Sel, men budde i Gausdal frå 1875 til sin død. Han blir rekna som ein av pionerane innan den frilynde ungdomslagsrørsla, og arbeidde ivrig for målsaka og fråhaldssaka. Hjå han og i hans famile møttest på ein karakteristisk måte kulturelle og politiske straumdrag frå haugianismen, bondepolitikken, den frilynte rørsla, folkehøgskoleideologien og generell venstrenasjonalisme frå 1800- og det tidlege 1900-talet.

Familie og slektskrins - eit politisk-kulturelt nettverk

Blekastad var fødd og oppvaksen på garden Blekastad rett ved den seinare stasjonsbyen Otta, på austsida av Lågen, i nåverande Sel kommune. Foreldra var gardbrukarparet Ivar Olsen frå Nigard Bu og Guro Syversdotter Hyrve frå Skjåk. Dei hadde kjøpt Blekastad i 1840. Ivar hadde tre sysken, Anne f. 1839, Ola f. 1843 og Sigurd f.1848.

Ivar og Torø Blekastad i 1879, det året dei gifta seg.
Foto: Ukjent

I 1879 gifta Ivar Blekastad seg med Torø Hallvorsdotter Ofigsbø frå Lom (1857-1936). Dei fekk åtte born: Ivar f. 1880, Hallvard f. 1883, Sigurd f. 1885, Gudrun f. 1887, Gunnhild f. 1889, Margit f. 1891, Torbjørg f. 1894 og Olav f. 1896.

Ivar Blekastads næraste familie og slektskrinsen oppover, nedover og til sides, kan seiast å ha danna eit mangemaska kulturelt og politisk nettverk. Det inkluderer haugiansk kulturarv, patriotisk liberalisme og bondeopposisjon tidleg på 1800-talet, grundtvigianisme, norskdom og venstrepolitikk i andre halvparten av 1800-talet og fyrst på 1900-talet. Litt lenger inn på det nye århundret kan ein innan den same krinsen også påpeike antroposofiske islett og bondepartipolitikk.

Foreldra til Ivar kom båe frå aktive haugianarmiljø (sjå artiklar om besteforeldra Syver Sylfestsen Hyrve og Anne Olsdotter Hyrve). Mor til Ivar hadde sjølv i ungdomen vore ei tid på Bredtvedt, Hans Nielsens Hauges eigen gard i Aker. Ivar hadde to morbrør frå Skjåk som utmerka seg på kvar sin måte. Den eine var den landskjende bladmannen og Wergelands kampfelle Sylvester Sivertson. Den andre var den meir lokalt baserte venstremannen Ole Sivertsen Hyrve. Ivar var bror til Sigurd Blekastad, stortingsmann for Venstre. Gjennom ekteskapet med Torø Ofigsbø kom Ivar i svogerskap med folkehøgskolemannen og lesebokforfattaren Andreas Austlid, og med Hallvard Ofigsbø, som mellom anna gjorde seg gjeldande i Landmannsforbundet/Norges bondelag.

Den eine dottera til Ivar og Torø Blekastad, Gudrun, var gift med diktaren og folkehøgskolemannen Olav Aukrust. Via desse to strekkjer nettverket seg inn i det antroposofiske miljøet i Gudbrandsdalen og Lillehammer i fyrste halvparten av 1900-talet. Den eine sonen til Ivar og Torø Blekastad, kunstmålaren Hallvard Blekastad, tilhøyrde saman med kona Milada Blekastad krinsen av kunstnarar og litteratar som vart naboar i den grenda i Østre Gausdal som på folkemunne vart kalla Åndsreppen. Utanom Blekastad-familien talde krinsen namn som Inge Krokann, Sparre Olsen og ein periode også Sigurd Hoel.

Blekastad-familiens kulturelle nettverk blir enn større om ein legg til at det var nært vennskap og samvirke med Christopher Bruun, Bjørnstjerne Bjørnson, Kristofer Janson, Stefan Frich og fleire andre kjende kulturpersonlegdomar.

Allmugeskole og folkehøgskole

Ivar Blekastad på veg til Danmark 1870.
Foto: Ukjent

Ivar Blekastad gjekk første skoleåra sine i omgangsskolen. Så vart det fastskole i bygda med ein lærar som var seminarutdanna, J. H. Jordhøi. Hjå han fekk Ivar også privatundervisning. Han fekk likeins undervisning hjå presten i bygda over ein toårsperiode.

I 1867 starta Christopher Bruun sin folkehøgskoleRomundgard i Sel. Der gjekk Ivar i to vintrar, 1867-1868 og 1869-1870. Sommaren 1870 hadde Ivar dessutan eit opphald ved folkehøgskulane Askov og Vallekilde i Danmark. Vinteren 1873-1874 gjekk han på bibelskolen som Christopher Bruun det året hadde på Fykse i Gausdal.

Ungdomslagspioneren

Hausten 1868 skipa Ivar ungdomslaget Mylju, som med god rett kan kallast det fyrste frilynde ungdomslaget i landet. Det var direkte inspirert av folkehøgskoletankane til Christopher Bruun. Laget var både for jenter og gutar. Ei medlemsliste frå 1870 viser også at det var sosialt samansett av ungdom frå gardbrukar-, småbrukar- og husmannsheimar. Noko i same gata var Lom samlag, som Blekastad var med å starte da han underviste på friskolen der i 1872 (sjå nedanfor).

Ungdomslagsverksemda var han sterkt engasjert i også seinare i livet. Da han flytta til Gausdal i 1875, skipa han ungdomslaget Ottar Birting same hausten. Der var han sjølv formann til 1899. Han gav fri tomt til forsamlingslokalet Myrvang, som laget reiste i 1900. Blekastad var med i det fyrste styret for Gudbrandsdals ungdomslag 1898-1903, det siste året som formann.

Lærargjerninga

Den yrkesgjerninga Ivar Blekastad har vorte mest kjend for, er lærargjerninga. Det tok til med at han hjelpte Andreas Austlid med undervisninga ved friskolen på Ofigsbø i Lom eit par vintrar på 1870-talet. Hausten 1875 starta han så sin eigen friskole i Gausdal (Myren krins i Østre Gausdal), som han dreiv til 1895.

Handelsmann, gardbrukar og ysterieigar

Frå Loshaugen, heimen til Ivar og Torø Blekastad i Gausdal, i 1920-åra. Frå venstre Gudrun Blekastad Aukrust, Andreas Austlid, Ivar, Torbjørg og Torø Ofigsbø Blekastad.
Foto: Ukjent
Bruvang med ysteriet.
Foto: Ukjent

Da eldstebroren Ola overtok garden Blekastad, starta dei to yngre brørne Ivar og Sigurd ein landhandel på Mostugu like ved staden der jernbanestasjonen seinare kom på Otta. Ivar Blekastad heldt fram som handelsmann etter at han hadde flytta til Gausdal. Han og familien kombinerte landhandelen med gardsdrift på eigedomane Loshaugen og Bruvang, som dei hadde kjøpt og budde på. I 1907 vart det også starta Ivar Blekastad eit ysteri på eigedomen. Sonen Ivar stod for mykje av det tekniske ved dette. Ysteriet vart fyrst drive av ein bensinmotor, seinare vart det dampysteri. Dei produserte raud gudbrandsdalsost, som var eit nokså nytt produkt den gongen.

Politikk og offentlege verv

Blekastad hadde ei mengd offentlege tillitsverv. Han sat i 30 år i skulestyret i Østre Gausdal, det meste av tida som formann. Det var mykje hans verk at nynorsk vart innført i skulane i bygda i 1908. Han var 12 år i kommunestyret, han var med i forliksrådet og i soknerådet, han vart nytta som skylddelings- og takstmann og som doms- og lagrettemann.

Politisk var han frå fyrst av venstremann, men gjekk over til Bondepartiet da dette vart skipa tidleg i 1920-åra.

Kjelder og litteratur

  • Blekastad, Gunnhild: «Hundre år sida Ivar Blekastad skipa fyrste ungdomslaget i landet på Sel», i Årbok for Gudbrandsdalen 1968, utg. av Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag.
  • Blekastad, Ivar: «Andreas Austlid», i Årbok for Dølaringen 1930.
  • Blekastad, Milada: Hallvard Blekastad. Glimt frå eit kunstnarliv. Universitetsforlaget 1983.
  • Bredebygden lokalhistoriske selskap, nettside
  • Hov, L. F.: «Ivar Blekastad», i Årbok for Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag, 1936.
  • Kolden, Jon: Bygdabok for Lom band 3. Utgjeve av Lom kommune ved Snøhetta forlag, Lesja, 2005. (Kapittelet om Ofigsbø)