Iver Andreas Teisner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Iver Andreas Teisner
Foto: Fyresdal. Med bilæte. Bendik Taraldlien, fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.

Iver Andreas Teisner (1808 – 1870) – prost og ordførar - var fødd på Biri 2. juli 1808. Til artium fekk han haud og til embetseksamen i 1836 laud. Han var lærar i 7 år på ein privatskule i Kristiania og frå 1844 var han skrivar i kyrkjedepartementet.

I 1848 vart han prest i Fyresdal og kom hit våren 1849. Han treivst godt og gjorde mykje dugande arbeid, men kvar haust drog han til Kristiania på ferie.

prestegarden var det mangt å ta fatt på og Teisner gjorde det med hug og dug. Jordene var tilgrodd og fuktige, han fekk kasta opp veiter og drenera, braut opp jord, rydda vekk kratt, køyrde på moldjord der det var for skarpt og køyrde på sand der det var myr. Jamna og stella. Prestegarden var snart ikkje til å kjenne att. Han var den fyrste som sådde grasfrø for å få god eng i Fyresdal. Avling og buskap steig om lag til det tridobbelte. Tidleg om morgonen var han ute og såg til arbeidsfolket og la alt til rette på beste måten. Han kunne verte sint, men det gjekk fort over.

Fyresdal prestegard
Foto: Bendik Taraldlien (1890).

På prestegarden fekk han bygd nye uthus og ny hovudbygning, denne vart ikkje heilt ferdig før han døydde. Han oppnådde likevel å ligge på likstrå i den uferdige gangen.

Han var og sers ivrig etter å få heradet framover på alle vis. Han var med i styret for vassdraget og arbeidde for betre prisar på tømmer. Heilt til 1865 var han ordførar i heradstyret, dette var han frå 1850. Han var ein dugande ordførar og bøkane førde han så fint at det er lyst å sjå.

I 1854 var han med på å få legge ein plan for vegbygging i Fyresdal som var i arbeid heilt til 1890 – åra.

Då Teisner kom til Fyresdal var det omgangsskule, men han fekk bygd 5 nye skulehus. Dette kosta, og litt etter litt fekk han motstandarar, men han heldt fram i den retning han trudde var rett. Han ville fare så fort fram at folk flest ikkje kunne fylgje med.

I 1854 fekk han i stand ei boksamling i Fyresdal, dette hadde det vore arbeidd med frå 1837. I 1907 hadde denne boksamlinga over 1000 bind. Han arbeidde for spreiing av biblar og nytestamente i menigheten, dette hadde det vore lite av tidlegare, han fekk og i 1855 innført tillegget til den evangeliske kristelege salmeboka. Dette førde til meir evangelisk og kristeleg salmesong i kyrkja.

Frå 1843 og framover var det strid om ny kyrkje på Veum. Teisner kasta seg med vanleg iver inn i arbeidet, men det gjekk seint og det kom mange hindringar i vegen. Medhjelparen Aani T. Folsæ arbeidde hardt imot og fekk mange med seg. Fyrst i 1863 var den nye Veum kyrkje på Øyane ferdig.

I Teisner si tid var det ei stor religiøs vekking i Fyresdal og nabobygdene. Denne hadde sitt utgangspunkt i Gunhild Veamyrane (1837-1885) frå Hauggrend. Teisner var lite glad i dette som førde til mykje uro for han som prest. Storbonden Jon Ånison Folsæ (Folseth) (1824-1882) på Folsæ i Hauggrend var aktiv i denne rørsla, det same vart Teisner sin hushaldar Olydia (Lydia) Arntsen (1824-1879) frå Alstadhaug. Det enda med at Jon og Lydia vart gift i 1865.

I 1868 vart Teisner klein. Han drog til Oslo for å få legehjelp, men sjukdomen forverra seg og han ville heim til Fyresdal for å døy. På ferda frå Bandaksli låg han som i ein døs, men ville vekkjast når dei kom til Veum kyrkje. Då dei kom dit reiste han seg opp i vogna og såg lenge på kyrkja. Då dei kom til prestegarden kunne han gå opp trappene, men dagen etter, 2. september 1870, døydde han.

Han, og kona Maria Elisabeth Schou (1803-1887) frå Kristiania, er gravlagde ved sakristidøra til Moland kyrkje. Det horisontale gravminnet er Iver Andreas sitt, det mindre er Maria Elisabeth sitt. Bendik Taraldlien skriv: «Naar soli kjæm upp yve fjelle um morgonen, kastar den straalur inn yve gravine deires.» I Øyskogen der Fyresdal bygdemuseum ligg står der ein stor bauta over han. Den fyrste dampbåten på Fyresvatn fekk namnet Fyresdal men måtte seinare endre namn og fekk då namnet Teisner.

Gravminne Teisner
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).

Kjelder og litteratur