Jens Andersson Myklemyr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jens Andersson Myklemyr (fødd kring 1666, død kring 1751) var frå Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var truleg son av gardbrukar Anders Jensson FåbergNedre Fåberg.

Jens vart fyrst brukar på Sperla før han kring 1712 bytte til seg Øvre Myklemyr og vart leiglending der. Han dreiv heile Øvre Myklemyr samla, men Nedre Myklemyr, som før hadde vore ein del av brukseininga, fekk no eigen brukar. Han gav frå seg garden og vart kårmann i 1732.

Til liks med faren Anders Jensson Fåberg var Jens kyrkjeombodsmann i Jostedalen og hadde ombodet 1717-1719.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 15. (Digital utgåve, NBdigital)