Johan Henrik Lind

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Johan Henrik Lind (fødd 1770 i Trondheim, død 18. juli 1819 i Hjartdal) vart utnemd til sokneprest i Jostedal prestegjeld 3. oktober 1800 og tok over prestekallet 15. mars 1801.[1] Lind og kona Anne Marie skipa i 1802 Linds legat til fattige i Jostedalen.[2] Lind var den fyrste soknepresten i Jostedalen som fekk ein biskop på visitas i bygda - Johan Nordahl Brun i 1806. Bispevisitasane vart til vanleg haldne i Dale kyrkje i Luster, som i 1802.[3]. I 1801 slo ei kongeleg forordning fast at det skulle haldast tiendforretningar i alle prestegjeld, og 12. mai 1802 vart det halde tiendforretning mellom Johan Henrik Lind og allmugen om prestetienda i det vesle og fattige prestegjeldet. Lind godtok der at smørtienda kunne betalast i pengar, noko etterfølgjaren Bernt Anker Leigh seinare kritiserte han skarpt for.[4]

Lind forlet Jostedalen våren 1807 etter at han 12. desember 1806 vart utnemnd til sokneprest i Hjartdal.

Notar

Litteratur



Forgjengar:
 Ole Aabel 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Andreas Cordsen