Jostedøla

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostedøla (Jostedalselvi) renn gjennom Jostedalen i Luster kommune. Den kring 50 km lange elva renn ut i Gaupnefjorden, som er ein arm av Lustrafjorden. Dei viktigaste tillaupa er frå brear, særleg i vest (Leirdøla, Krundøla og elva frå Nigardsbreen). Vassdraget har dei øvste kjeldene i dei nordaustre delane av Jostedalsbreen.

Jostedøla har valda mykje flaumskade, og dei største målte flaumane var i 1979 og 1898. Etter 1898-flaumen kom i det i gang eit arbeid med elveførebygging. Jostedal kraftverk ved Myklemyr vart sett i drift i 1989 og nyttar vatnet over 1200 m.o.h. på austsida av Jostedalen. Magasinet er Styggevatnet. I samband med kraftutbygginga vart det bygt store elveførebyggingar, så faren for skadeflaum er no kraftig redusert.

Eksterne ressursar

Eksterne lenker

Koordinater: 61.40195° N 7.28783° Ø