Visste du at alle artikler i denne wikien er under kontinuerlig utvikling?
Er det noe du ønsker å skrive om eller omskrive? Registrer deg som bruker og bli med på laget!
Har du mindre korrigeringer eller supplerende opplysninger? Ta kontakt med oss på Norsk lokalhistorisk institutt!

Jostedal bygdelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Jostedal bygdelag er eit bygdeutviklingslag i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det er ein friviljug medlemsorganisasjon der kven som helst kan melde seg inn.

Opphav og skiping

Jostedal bygdelag har eit noko uklart opphav og oppstod som eit uformelt nettverkssamarbeid i andre halvdel av 1990-åra. I byrjinga var det eit nettverk for ymse lag og organisasjonar i Jostedalen. Desse organisasjonane var:[1]

På årsmøtet 6. februar 2000 vart laget formelt skipa og fekk vedtektene som gjeld no. Her vart laget dessutan omskipa til ein direkte medlemsorganisasjon framfor ein nettverksorganisasjon.

Føremål

I føremålsparagrafen heiter det at laget skal:[2]

  • Ta initiativ til fellestiltak som hevar livskvaliteten for bygdefolk
  • Verke som ein koordinator mellom bygdi og kommunale organ
  • Utvikle nye tiltak som årsmøtet prioriterer, og andre aktuelle saker
  • Stå ansvarleg for koordineringa av ulike fellesarrangement

Laget held årsmøte innan utgangen av januar kvart år. Laget har i periodar hatt prosjektmedarbeidarar løna på timebasis/deltid, men har ingen faste tilsette og vert i all hovudsak drive på dugnad.

Bygdeutviklingsprosjekt

Etter søknad i 1999 vart Jostedal bygdelag teke opp i Bygdeutviklingsprogrammet til Sogn og Fjordane fylkeskommune for treårsperioden 2000-2003.

Bygdelaget kunne deretter føre bygdeutviklingsarbeidet vidare innanfor eit nytt prosjekt, Naturbruksprosjektet (2003-2005), initiert og finansiert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen for prosjektet var dei særlege utfordringane Jostedalen har som ei utkantbygd tett opptil store verneområde.

Naturbruksprosjektet vart avslutta, vart arbeidet vidareført i eit nytt prosjekt 2005-2007, "Praktisk naturbruk i bygdene - ein prøvemodell".

Desse bygdeutviklingsprosjekta har vore viktige for å samordne og drive framover bygdeutviklingsarbeidet i Jostedalen, som har ei sterk samanhangande tradisjon attover til 1980-åra.

Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2005 delte ut den fyrste "Fylkespris til iderike bygdesamfunn" (25 000 kr), gjekk prisen til Jostedalen ved Jostedal bygdelag i tevling med 12 andre bygder/bygdelag i fylket.

Arbeidsoppgåver

Så lenge laget har funnest, har Jostedal bygdelag skipa til 17. mai-feiringa i Jostedal samfunnshus. Hausten 2001 sette laget i gang ein vaffelkafe på dugnad tysdag og onsdag i samfunnshuset (mellom haustferie og påske), som har vore ein stor suksess. Bygdelaget driv òg den faste bingoen i bygda, annakvar fredag på Jostedal hotell.

Tidleg i 2000-åra sytte bygdelaget for finansiering av brøytinga av Vanndalsvegen til stølen Myri, som er eit mykje brukt utgangspunkt for skiturar (mellom anna til Vangsen). Bygdelaget tok på same tida til å køyre skispor frå Bjønnstegane til Øy forbi Fåbergstølen. Dette har vore to viktige vintersporttiltak.

Kring 2000 sytte ei nemnd under bygdelaget for å restaurere den gamle gjetarhytta på Viva i Sprongdalen.

Utbetring og oppgradering av det kommunale Jostedal samfunnshus har elles vore viktig, som innkjøp av lyd- og lysanlegg og etablering av sandvolleyballbanar og kunstgrasbane.

Bygdelaget er med på å skipe til musikkfestivalen Blåe tonar under breen.

Jostedal bygdelag overtok òg kring 2000 ansvaret for Styggevasshytta, som har eit eige styre vald på årsmøtet i bygdelaget.

Næringsutvikling og tilflytting

Eit viktig satsingsfelt i næringsutviklingsarbeidet har vore å stå opp om både eksisterande og nye verksemder innanfor reiselivet. I somme tilfelle har gründerar fått idear og støtte i startfasen (som kajakkfirmaet IceTroll og skiføringsfirmaet Fimbul Jostedal). I nokre tilfelle har òg bygdelaget drive fram prosjekt som seinare er kommersialiserte, som arbeidet med eit hyttefelt, overteke av firmaet Jostedal utvikling.

Innanfor landbruksutvikling har bygdelaget mellom anna arbeidd med etablering av samdrifter for sau (ein fellesfjøs opna i 2008). I startfasen av småkraftsatsinga i Jostedalen hadde bygdelaget, ei arbeidsgruppe som arbeidde med saka, og forretningsideen bak pelletsomnprodusenten Bio-Nordic hadde utspring i idedugnader i bygdelaget.

Arbeid for å fremje tilflytting til Jostedalen har heile tida vore sentralt for bygdelaget, og i 2008 etablerte bygdelaget eit eige tilflyttingsprosjekt. Ein del av prosjektet var opninga av nettstaden jostedal.no.

Leiarar

År Namn
1999-2000 Anne-Lise Bakken
2000-2007 Svein Norberg
2007-2008 Åne Elgersma
2008-2003 Svein Norberg
2013-- Anne Marte Snøtun

Notar

  1. Referat frå årsmøtet 25. mars 1999 (det eldste som finst i lagsarkivet)
  2. Vedtekter for Jostedal bygdelag, vedteke 6. februar 2000 (lagsarkivet)

Kjelder