Jostedal kraftlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

L/L Jostedal kraftlag i Jostedalen i Sogn og Fjordane vart skipa 17. april 1947. Opptaket til laget vart gjort året før, og det vart halde eit førebuande skipingsmøte i Dølaheimen i mai 1946. Då føretaket vart skipa året etter, teikna det seg heile 296 luteigarar.

Føremålet var å byggje ut kraftforsyninga i Jostedal kommune, som enno ikkje var elektrifisert. Den statlege Elektrisitetsforsyningskommisjonen og fylket hadde i 1923 tilrådd å byggje ut Fagredøla og eit lokalt linenett, men det fanst neppe økonomiske ressursar i bygda til å gå i gang med utbygginga (sjå Fagerdøla kraftanlegg).

Dei nye planane etter andre verdskrigen gjekk ut på å hente straumen frå kraftverk utanfor bygda, og dårleg produksjonskapasitet gjorde at det drygde med kraftforsyninga til Jostedalen. Løysinga kom då Sognekraft sine anlegg i Vik stod ferdig i 1958. I april 1956 gav Noregs vassdrags- og elektrisitetsvesen eit tilskot på 460 000 kr til utbygging av linenettet i Jostedalen, og i alt kosta utbygginga 930 000 kr. Kring halvparten av kostnadene var knytte til høgspentlina frå Gaupne. Lågspentnettet var på 43 km. I mars 1958 var nettet utbygt og straumen kunne slåast på.

Jostedalen var då den siste kommunen i Sogn og Fjordane som vart elektrifisert. Grendene i Jostedalen sine sidedalar Vigdalen og Leirdalen i gamle Luster kommune vart òg elektrifiserte i samband med utbygginga av straumnettet i Jostedalen.

Lærar Hallvard Hesjevoll vart vald til formann i Jostedal kraftlag på skipingsmøtet i 1947 og handelsmann Kristen Bakken til varaformann. Dei stod i verva til 1959 då utbygginga var fullført.

Kommunesamanslåinga i 1963 fekk ingen direkte følgjer for dei tre kraftlaga i den nye kommunen. Men spørsmålet om ei samanslåing av Hafslo kraftlag, Luster kraftlag og Jostedal kraftlag kom opp fleire gonger dei neste åra, og 22. juni 1983 slo dei tre kraftlaga seg til slutt saman til nye Luster kraftlag (i dag Luster energiverk).

Kjelder