Jostedal kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinater: 61°35′14″ N 007°16′59″ Ø


Jostedal kyrkje i 1926. Originalen finst hos Norsk Folkemuseum.
Kyrkja og prestegarden fotografert av Knud Knudsen 1872-75. Dette er det eldste fotografiet som finst av kyrkja

Jostedal kyrkje står ved Jostedøla i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det er ei langkyrkje i tre som stod ferdig i 1660. Kyrkja er soknekyrkje i Jostedal sokn i Indre Sogn prosti, og var tidlegare hovudkyrkje i Jostedal prestegjeld.

Kyrkjestaden

Det finst ingen opplysningar om andre kyrkjestader i Jostedalen enn der kyrkja ligg i dag. Kyrkjestaden er midt i soknet, ca 12 km frå den nordlegaste busetnaden i Fåberg og 9 km frå den sørlegaste busetnaden på Myklemyr. Kyrkja ligg i dalbotnen ved Jostedøla på ein haug som temmeleg sikkert er ein heidensk gravhaug.[1]

Mellomalderkyrkja

1660-kyrkja er den andre kjende kyrkja på staden. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje som vart bygd i mellomalderen, kanskje på 1200-talet. Mellomalderkykja er kjend frå to dokument daterte til 1318/19 og 1322/23 som fortel at Jostedalen hadde kyrkje og prest.[2] Ein gong etter Svartedauden vart Jostedalen lagt øyde, og bygda vart truleg ikkje teken opp att før i andre halvdel av 1500-talet.

Kyrkja på 1500-talet

Den fyrste skriftlege kjelda ein har etter Svartedauden er ei skatteliste datert til 1596 som fortel kva ytingar presten skulle ha frå bøndene. Korkje det som her vart kalla Jøstedals copell eller presteembetet hadde på dette tidspunktet fått rett på tiende.[3] I samband med nyryddinga hadde ein truleg sett den gamle stavkyrkja i stand. Ein gong før 1631 vart det bygt på eit kor på den gamle kyrkja, og dette koret vart gjenbrukt og er i dag koret på den nye kyrkja.[4] Kyrkjerekneskapane går attende til 1631.

Ny kyrkje 1660

På ei synfaring 6. januar 1656 vart det slege fast at kyrkja var for dårleg, og at ei ny laut byggjast.[5] Eit dokument datert 2. oktober 1660 fortel at den nye kyrkja då stod ferdig, og ho vart taksert til 216 riksdalar.[6] Leiar for kyrkjebygginga var kyrkjeombodsmann og sokneprest Tøger Jensson. I tillegg til gjenbruk av heile det gamle koret har bygningstekniske granskingar dokumentert omfattande gjenbruk av bygningdelar frå den tidlegare kyrkja.[7]

Seinare utbetringar

Kyrkja er seinare påbygt og utbetra fleire gonger. I 1682 vart tårnet blese ned av vinden frå ei snøskrede. Det er mogleg at tårnet vart flytt då det vart bygt opp att. Kyrkjerommet vart dekorert av Moses Målar 1714-16. Kring 1900 var det på tale å rive kyrkja og byggje ny fordi ho var for lita. Etter at arkitekt Schreiner i Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers bevaring engasjerte seg, bad kommunestyret om å få nytte det statlege tilskotet på 4500 kr til vøling av den gamle kyrkja i staden for bygging av ei ny. Heile kyrkja vart deretter restaurert 1907-1910 under leiing av ariktekt J. Kløften, og våpenhuset og koret vart utvida noko. I samband med 300-årsjubileet i 1960 vart så kyrkja pussa opp på nytt, denne gongen utan større endringar.

Kyrkja var kongeleg eigedom fram til det store kyrkjesalet kring 1723. Private eigarar hadde hand om kyrkja fram til Jostedal kommune kjøpte den siste eigarparten i 1909 (sjå liste over private eigarar).

Valkyrkje i 1814

Valet til riksforsamlinga i mars 1814 vart halde i hovudkyrkjene i dei 21 prestegjelda som då fanst i Nordre Bergenhus amt. Jostedal kyrkje er ei av sju valkyrkjer i fylket som framleis eksisterer. Den 18. mars 1814 vart brørne Rasmus Larsson Fåberg og Tøger Larsson Kruna valde til å representere prestegjeldetamtsforsamlinga i Vik der eidsvollsmennene frå fylket skulle veljast. Det vart 17. mai 2014 avduka ein plakett på kyrkjemuren som fortel at Jostedal kyrkje var valkyrkje i 1814.

Jubileum 2010

Kyrkja i jubileumsåret 2010.
Foto: Evy Valdresstuen

I samband med 350-årsjubileet for kyrkja i 2010 vart det gjeve ut ei stor praktbok om kyrkja der den eksisterande kunnskapen om soga til kyrkjebygningen og presteembetet er oppsummert.

Notar

  1. Våre ukjente gravhaugkirker. Intervju med arkeolog Jan Brendalsmo (NIKU), Aftenposten 3.6.2011
  2. Diplom 1318/19 og Visitasforordning 1322/23 (Jostedal historielag)
  3. Presteskatten 1596 (Jostedal historielag)
  4. Hoff 2010
  5. Synfaringsdokument 6.1.1656 (digital utgåve)
  6. Synfaringsdokument 2.10.1660 (digital utgåve)
  7. Ola Storsletten: Gjenanvendte bygningsdeler i Jostedalen kirke? NIKU oppdragsrapport 140/2010

Kjelder

Bakgrunnsstoff