Jostedal leseselskap

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostedal leseselskap (Justedals Præstegjelds Læseselskab), skipa våren 1835 av sokneprest Bernt Anker Leigh som sjølv gav bøker for 25 spesidalar til leseselskapet. Ein utlånsprotokoll frå dei fyrste åra til leseselskapet (til ca 1845) ser ut til å ha vorte teken i bruk 17. april 1835. Denne dagen vart ei rekkje bøker lånte ut for fyrste gong. Skipinga av leseselskapet må såleis ha vore noko av det siste Leigh gjorde før han forlet Jostedalen våren 1835.

I 1855 fekk selskapet 20 spesidalar frå Opplysningsvesenets fond. Leseselskapet låg til grunn for det offentlege allmugebiblioteket i Jostedalen. Den bevarte protokollen inneheld kring 30 bøker pluss ein del nummer av tidsskrift som Skillings-Magazin og Budstikken.

Medlemer

Ved skipinga vart det laga til ein utlånsprotokoll der medlemene vart førte inn. Protokollen var berre i bruk til kring 1845, bortsett frå ei side der utlån 1869-74 er førte inn. Medlemslista, som då truleg stammar frå 1835-45, har desse namna, og av dei ser dei fyrste 20 ut til å ha vore førte inn ved skipinga:

1. Forpagter Ole Andersen Præstegaarden. Udflyttet.
2. Gaardmand Anders Hougen.
3. Gmd: Erik Myklemyhr
4. Gmd: Ole Aasen.
5. Gmd: Lars Garen.
6. Gmd: Rasmus Hellegaard.
7. Gmd: Anders Aaspehoug.
8. Gmd: Jens Kroggilde. død
9. Gmd: Lars Nedre-Faaberg.
10. Gmd: Søren Ormberg.
11. Gmd: Lars Øvre-Faaberg.
12. Kirkesanger Ole Vigen.
13. Gmd: Anders Lien.
14. Gmd: Tøger Kronen.
15. Gmd: Tøger Fossen.
16. Gmd: Erik Larsen Espe.
17. Kaarmand Paul Mjælvæhr.
18. Gmd: Hans Fossøien.
19. Gmd: Anders Andersen Ormberg. Udflyttet
20. Gmd: Ole Halvæg.
21. Johannes Halvorsen Wandberg
22. Hermund Thorbjørnsen / indtraadte 28 Oct 1837.
23. Ole Larsen Kreken, indtraadte 19 Nov. 1837.

Kjelder

  • Statsarkivet i Bergen, Jostedal sokneprestembete, Jostedal leseselskap, utlånsprotokoll 1835-ca 1845
  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, K-14270.465 Jostedal kommune - allmugebiblioteket, ymse arkivtilfang 1854-1934 (arkivkatalog)
  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)