Jostedal ungdomslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostedal ungdomslag dekte opphavleg dei fremre krinsane i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Laget vart skipa tidleg på 1900-talet og bygde i 1924 ungdomshuset Dølaheimen.

Laget vart i 1989 slege saman med Ungdomslaget Fram, og namnet Jostedal ungdomslag vart ført vidare. Jostedal ungdomslag har sidan hatt to ungdomshus, Dølaheimen og Framheim.

Den viktigaste aktiviteten til laget dei seinare åra har vore ungdomsklubb i Framheim, den store Marknadshelga i juli kvart år i området kring samfunnshuset og Dølaheimen, og ein stor fest med revy i Samfunnshuset påskeaftan.

Arkiv

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 354.