Jostein Gjerde

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostein Gjerde er ein tidlegare stålvareprodusent i Sykkylven. Gjerde var fødd på Tynes i 1932 og her levde han heilt til han døydde i 2016. Gjerde tok til ved Det Vestnorske Elektriske A/S på Ikornnes, og han var med då Oddvar Rieve Kristiansen skipa A/S Møre Transformatorfabrikk i 1951. Her var Gjerde mange år arbeidsleiar. Dei siste åra han arbeidde ved verksemda, var han produksjonsplanleggar. I 1958 starta han eigen verkstad på Tynes. Det var på kveldstid og om laurdagane han dreiv si eiga verksemd, Tynes Mekaniske Verksted, dei første elleve-tolv åra. Han laga beslag til den lokale møbelindustrien. Elles dreiv han med småreparasjonar. Etter kvart fekk han høve til å løne ein mann, slik at drifta kunne bli meir omfattande.

Rask ekspansjon

I 1970 sa Gjerde opp stillinga si ved Møre Transformatorfabrikk for å gå heilt inn for si eiga bedrift. Han hadde då to tilsette i produksjonen, og plassen i verkstadlokala på Tynes vart snart for liten. I 1971 kjøpte han ei to mål stor tomt på Vik, der han sette opp eit fabrikkbygg på 350 m2 golvflate. Då fekk verksemda namnet Sykkylven Stålindustri A/S.

I åra framover vart produksjonslokala stadig utvida. Fram til 1990 vart bygget utvida ti gonger. For å sikre seg plass for vidare ekspansjon kjøpte Gjerde i 1987 tre fabrikkbygg på Vikøyra av J.E. Ekornes A/S. Det var dei tidlegare lokala til Svanemøbler A/S, Vik & Blindheim og Solid.

Museumstun

Møbelindustrien var viktigaste kundegruppa for Sykkylven Stålindustri. Hovudartikkelen var rørdelar til møbelindustrien. Ein periode utvikla bedrifta mikroprossorstyrte spesialmaskiner for industrien i distriktet. I 1974 hadde bedrifta seks mann i arbeid, i 1980 var talet på tilsette 14 og i 1990 var det 30 arbeidarar der.

Etter at Jostein Gjerde slutta med stålvareproduksjon fekk han ofre seg meir for fritidsinteressene sine. Ei stor interesse han hadde dyrka gjennom ei årrekkje var samling av eldre bruksgjenstandar. Kona hans, Palma, arva eit stykke av Pettergarden på Nysætra. Her bygde paret opp eit museumstun med fleire bygningar som vart fylt av nokre av dei antikvariske gjenstandane som Gjerde hadde samla opp gjennom åra. Museet var på det næraste utbygd i 2015 og Gjerde gledde seg over å få vise besøkande rundt i dei ulike husa.

Kjelde:

  • Årbok for Sykkylven 2014.