Kåre Øvregard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kåre Øvregard.
Foto: Torodd Joranger (2007)

Kåre Øvregard (fødd 19. februar 1933 i Jostedalen) er ein lærar, lokalhistorikar og politikar frå Luster kommune. Øvregard var ordførar i både Jostedal og Luster, men krona sitt politiske engasjement som stortingsmann for Sogn og Fjordane. Han har heile tida representert Arbeidarpartiet. I 2011 fekk han Luster kommune sin kulturpris for det breie lokalhistoriske og kulturelle engasjementet sitt.

Oppvekst og utdanning

Kåre Øvregard var gardbrukar- og snikkarson og yngstemann i ein syskenflokk på ti. Han voks opp på husmannsplassen Øvregarden under Jostedal prestegard. Han tok lærareksamen ved Stord lærarskule 1957 og arbeidde deretter som lærar ved Sperle skule i Jostedalen til 1962. Frå 1962 til 1975 var han lærar og styrar ved Gaupne barneskule i Luster.

Politikar

Alt i 1959 vart Øvregard valt inn for Arbeidarpartiet i kommunestyret i Jostedalen, og han var vararordførar fram til 1962. Etter kommunesamanslåinga sat han i kommunestyret i Luster til 1977, dei to siste åra som ordførar. I 1977 vart Øvregard valt inn på Stortinget for Arbeidarpartiet, han var her representant nr. 1 for Sogn og Fjordane i tre periodar, til 1989.

Han har hatt ei lang rekkje tillitsverv, både i Arbeidarpartiet, offentleg styre og stell, private verksemder og ikkje minst friviljuge lag og organisasjonar.

Lokalhistorikar

I 1989 vart Øvregard rådmann i Luster kommune og hadde stillinga til han gjekk av for aldersgrensa i 1994. Frå 1994 til 1999 arbeidde han så i 50 % stilling i kommunen med å samle stoff til og skrive ei skulesoge for Luster kommune, eit storverk på mest 500 sider som kom ut i 1996. Etter dette arbeidde han vidare med stølssoga for kommunen, som kom ut i 1999. Dette er eit kulturhistorisk verk som i stor grad byggjer på munnlege kjelder.

I 2003 gav Øvregard ut ei bok om dalen og grenda Leirdalen i Luster kommune, som mellom anna tok føre seg bygginga av Leirdøla kraftverk i 1970-åra. I 2007 kom Tiriltunger og brennenesler, som er ei samling med små soger frå Jostedalen bygd på munnleg tradisjon og eigne minne.

I 2008 tok så Øvregard initiativet til ei jubileumsbok for Jostedal kyrkje i høve 350-årsjubileet i 2010. Øvregard leia arbeidet i boknemnda og var sjølv ein av tre hovudforfattarar bak boka, som kom i juni 2010.

Attåt bøkene har Øvregard skrive ei lang rekkje kortare lokalhistoriske artiklar i publikasjonar retta mot eit lokalt publikum, som Bjønnaposten og Jostedal skule- og bygdeavis.

Øvregard fekk i 2007 Målprisen frå Luster mållag.

I desember 2011 fekk han Luster kommune sin kulturpris for 2011.[1]

Lokalhistorisk bibliografi

  • Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Luster kommune 1996
  • Stølar og stølsliv i Luster kommune. Skald forlag 1999
  • Leirdalen. Ei perle i Luster. Jordbruksbygda, storflaumane frå Brimkjelen, vasskraftutbygginga. Eige forlag 2003
  • Tiriltunger og brennenesler. Ho Brita Moste og andre små soger. Forlaget norske bøker 2007
  • Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. (saman Asbjørg Ormberg og Oddmund L. Hoel) Skald forlag 2010

Notar

  1. Kåre Øvregard kulturprisvinnar for 2011 (Luster kommune, 15.12.2011)

Kjelder

  • Erling Bjørnetun: «Forfattaren» i Skulen i Luster gjennom 250 år 1996, s. 9
  • Biografi, stortinget.no
  • «Kåre Øvregard», Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane