Kåte

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Skoltesamisk gamme (torvkåte) ved Kirkenes.

Kåte (frå samisk) og gamme er fellesnamn for ei gruppe bygningstypar som særlig er typiske for samisk kultur i Skandinavia. Vi kan skilje mellom fleire hovudtypar med kvar sine namn, bruksområde og utbreiing: kløftstongskåte (lavvo); bogestongskåte og lafta kåter.

Namn

Ordet kåte (nyn./bokm.) eller kåta (nyn./sv.) er lånt inn i skandinavisk frå samisk — nordsamisk goahti, lulesamisk goahte, pitesamisk gåhte, umesamisk gåhtie og sørsamisk gåetie. Ordet er utbreidd i uralske språk, og det blir anteke at det er eit tidlig lån frå indoariske språk.

Ordet lavvo er eit relativt nytt innlån til skandinavisk frå samisk, jfr. lulesamisk lávvo og nordsamisk lávvu.

Ordet gamme kjem av norrønt gammi. Det er blant anna lånt til lulesamisk i forma gábmá (‘torvkåte’).

I skoltesamisk blir òg ordet kååvas bruka i tydinga ‘lavvo’. Dette ordet er belagt frå enaresamisk og austsamiske språk, men ikkje elles i sentral- og sørsamisk område. Det kan vera samanheng med norsk kove, frå norrønt kofi.

Typar

Kløftstongskåte (lavvo)

Kløftstongskåta eller lavvoen (frå nordsamisk lávvu og lulesamisk lávvo) blir bygd opp kring tre relativt kraftige stenger som er rette av form og med kløft i øverenden. Desse tre blir lent opp mot kvarandre som grunnramme, og så blir lettare strangar skorda opp mot dei og teltduken lagt kring til slutt.

Bogestongskåte

Bogestongskåte med teltduk ved Saemien Sijte i Snåsa kommune.
Foto: Olve Utne

Bogestongskåta har vore den vanligaste kåtetypen. Ved permanente kåter legg ein opp ein steinring der veggen skal stå. Det indre rammeverket er to par stenger med boga øverende og tre tverrstenger: éi som bind i hop bogestengene i toppen og samtidig fungerer som oppheng for gryter over eldstaden i midten, og to som avstiver stengene på høgre og venstre side sett frå inngangen. Opp mot denne grunnramma, som blir oppsett innanfor eller oppå steinringen, blir så lettare, rette støttestenger oppsette i varierande antal, og veggene blir lagt på enten i form av teltduk eller i form av strangar (eller fjøler) med fleire lag never utanpå. Nevra blir gjerne halden på plass med strangar, halvkløyvingar eller torv.

Kåte der det meste av veggene manglar. Vi ser tydelig den steinsette ringen og dei fire bogestengene med dei tre tverrstengene.
Foto: Olve Utne

Nordlige bogestongskåter, ofte kalla gammar (av norr. gammi), er bygd opp over bogestenger. Utanpå bogestengene ligg innerveggen av treverk med tekking av never utanpå. I nordsamisk og lulesamisk område er veggstengene ofte kappa ved bogestengene slik at gammen får rundt tak. Somme plassar (blant anna i det sørsamiske området) går veggstengene heilt opp til ljoren, slik at kåta får kjegleform. Utanpå neverlaget blir det så lagt opp torv som hjelper til å halde nevra på plass — og i tillegg gjev torva betre isolasjon. Ofte, men langt ifrå alltid, blir det lagt greiner utanpå torva att for å halde ho betre på plass.

Kåte i Ankarede i Jamtland.
Foto: Olve Utne

Sørlige bogestongskåter er bygd opp på same måten som dei nordlige kåtene, men veggstengene går heilt opp til ljoren, slik at kåta blir kjegleforma. Utanpå neverlaget kan det bli lagt eit torvlag, og ytst kjem eit lag med strangar, eventuelt halvkløyvingar eller bord. I nyare tid har enkelte sørsamiske kåter fått ein ark ved døra, slik at døropninga blir loddrett.

Lafta kåter

Tømra kåte i Lappstaden i Arvidsjaur.
Foto: Olve Utne

I skogssamiske område, særlig blant umesamar, har ein utvikla ein kåtetype der den steinsette ringen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta stokkar. Typisk sett er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Laftekassen er typisk sett 2–3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogestongskonstruksjon inni laftekassen var vanlig, men slik vi kjenner desse kåtene i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem. I ei typisk, kvadratisk lafta kåte danar taket ei firkanta pyramideform med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dei av for å reinske opp nevra og lata ho tørke av og til.

Innreiing

Alle tradisjonelle kåter har den same grunnplana: Midt i rommet, rett under riehpen (pitesam./lules.; sørsam. riehpene, ‘ljore’), er det lagt opp ein árran (lules./pitesam./umesam., ‘åre’; sørsam. aernie) av steinar/steinheller. Innanfor åra ligg båssjo (pitesam.; sørsam. båassjoe/båassja, lules. boassjo, nordsam. boaššu), kjøkenområdet der maten blir lagra og tilordna. Attom båssjo finst det ofte ei mindre døropning som normalt berre blir bruka for å regulere trekken gjennom ljoren. Gjennom døropninga ved båssjo tek ein runebomma inn eller ut; men mat frå dyr (inkludert kjøtt, fisk og mjølkeprodukt) tek ein ikkje inn eller ut der. Over båssjo er det tabu å gå, særlig for kvinner, så om ein skal frå eine sida av kåta til den andre, så går ein alltid mellom árran og (hovud)døra. Einaste unntaket er den som nettopp har drepe ein bjørn.

På kvar side av aksen frå døra via árran til båssjo er det eit golvområde. Normalt er det jordgolv der, og oppå er det strødd småkvist frå bjørk eller gran. Oppå kvistlaget er det oftast lagt reinskinn med hårsida opp. Mora sitt inst til høgre, rett ved båssjo. Utom henne sitt mannen og ungane. På andre sida sitt vaksne born så vel som andre slektningar og gjester.

Eksterne lenker