Kautokeino-opprøret

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Ved Kautokeino-opprøret i 1852 gjekk ei gruppe samar til åtak på representantar for det norske samfunnet. Opprørarane drap handelsmannen og lensmannen i Kautokeino, sette fyr på huset til handelsmannen og piska soknepresten og huslyden hos presten og handelsmannen.

Opprørarane vart overmanna av andre samar. To av opprørarane vart drepne i denne kampen. Sidan vart to av leiarane deira avretta ved halshogging. Opprøret er historisk eineståande; konflikt mellom samiske interesser og det norske storsamfunnet har elles ikkje ført til valdeleg konflikt med tap av menneskeliv. Etter opprøret følgde ein periode med sterkare fornorsking av det samiske folket i Noreg.

Bakgrunn

Opprøret er utypisk for samisk kultur, og det er vanskeleg å forstå eller forklare bakgrunnen for opprøret. Men opprøret må ha hatt samanheng med fleire forhold.

Reindriftssamane var under press som følgje av kamp om beiteressursane. På kysten hadde norsk kolonisering og bureising gitt press på beitetilgangen. Tilgangen på vinterbeite vart akutt vanskelegare då grensa mot Finland vart stengd i 1852.

Den læstadianske vekkingsrørsla hadde virka frigjerande på samane: Forkynninga til Lars Levi Læstadius fann klangbotn i den samiske kulturen, og dei meinte at deira kristendom var sann, medan dei norske prestane forkynna vrang lære. Samstundes fekk læstadianarane bukt på alkoholmisbruket, som hadde ført med seg mykje sosial naud. I Kautokeino danna fleire av dei som seinare var med på opprøret ei gruppe, «dei omvende» eller «dei oppvekte». Dei dreiv religiøst svermeri og blei fundamentalistiske i si tru, i den grad at Læstadius tok avstand frå gruppa.

Sommaren 1851 avbraut ei gruppe av «dei omvende» konfirmasjonsgudstenesta i Skjervøy, og seinare hende det same i kyrkja i Kautokeino Etter denne uroa vart 22 kvinner og menn dømde til bøter eller fengsel. Leiarane for opprørsgruppa vart dømde til lange straffar: Rasmus Rasmussen Spein fekk 2 års straffarbeid, Ellen Aslaksdtr. Skum fekk 1 ½ år straffearbeid og Mathis Jakobsen Hætta fekk 8 månaders straffearbeid. Dei som anka domane vart sittande i varetekt i fleire månader. Mellom anna satt Aslak Hætta i varetekt i åtte månader, medan domen var på berre 15-20 dagar. Det vart ikkje ein gong trekt frå for varetektstida, så ha måtte sone desse dagane på vann og brød. Dei måtte óg betale saksomkostningar, som for nokre kom opp i så mykje som tusen speciedalar. Ein slik sum var det ingen av dei som hadde, så det var fare for at reinflokkane skulle verte tvangsselgde.

Opprørarane kan ha møtt ei viss forståing blant andre samar, men dei møtte lite forståing blant prestane. Ved eit døme vart møtelyden så gripen av andeleg ekstase at sokneprest Stockfleth slo om seg med stokk og hender for å få folk til sans og samling. Sidan hadde han jamnlege samtalar med «de aandelige», men prestane tukta dei opprørske ved at dei som gav uttrykk for avvikande tru vart nekta tilgang til nattverden.

Slaget i Kautokeino

I 1852 hadde ei gruppe av dei dømde samane samla seg i ein storsiida i lag med familiane til dei som enno sat fengsla. Dette gjorde dei fordi det vart frykta at lensmannen skulle tvangslakte rein for å drive inn bøter og omkostningar. Ved å blande flokkane kunne ikkje lensmannen avgjere kven som eigde dyra. Søndag 7. november 1852 braut dei opp frå teltleiren og fór mot Kautokeino. I alt var det 35 vaksne og 22 barn i opprørsgruppa. Ved midnatt stoppa dei i Mortaš, to timars køyring frå Kautokeino, for å kvile. Samstundes forsøkte dei å tvinge Mortaš-folket til å slutte seg til opprørsgruppa.

Neste morgon kom opprørarane til Kautokeino. Først gjekk dei til angrep på handelsmannen Carl Johan Ruth, brennevinshandlaren. Då lensmann Lars Johan Bucht kom til unnsetning, gjekk ei gruppe til angrep på han. Begge desse vart drepne i kampane. Huset til handelsmannen vart sett i brann. Huslyden hans vart samla i prestegarden. Her vart sokneprest Hvoslef og folket hans òg haldne fanga. Fangane vart piska med bjørkeris, og berre prestekona, som var høggravid, og fru Ruth vart spart.

I mellomtida hadde ei gruppe samar komme seg unna og over til Avžži, ei mil aust for Kautokeino. Her organiserte dei ei gruppe som under leiing av kyrkjesongar og skolelærar Clemet Gundersen greidde å slå ned opprøret og tok opprørarane til fange. Ein av opprørarane, Marit Rasmusdatter Spein, vart drepen i denne kampen. Ein annan, Ole Aslaksen Somby, døydde av skadar han vart påført av dei som stod for fangetransporten frå Kautokeino til Alta.

Dommen

Avhøra av dei tiltalte vara frå 15. november til jul. Dei vart så stilt for retten, og domsinnstillinga kom den 25. mai 1853. Under høringa var Hvoslef både kronvitne og fornærma, og hans vitnemål var heilt sentralt for utfallet. 6. august fall dommen i underretten. Fem fekk dødsdom, ti livstid og dei andre fengselsstraffer. Fem vart frifunne.

14. februar 1854 dømde høgsterett fem av opprørarane til døden, åtte til livsvarig straffarbeid, elleve til straffarbeid mellom eitt og tolv år og fire til kortare fengselsstraffer. Fleire av dei som vart dømd til tidsbegrensa straff fekk lengre straff i høgsterett. Fire av dei tiltalte vart frifunne; ein av dei som vart frifunnen i underretten vart no dømd. Blant dei dømde var 17 kvinner og 11 menn. Tre av dei som fekk dødsdom vart innstilte til benåding. Lars Jacobsen Hætta og Henrik Aslaksen Skum fordi dei var så unge, 18 og 20 år, og Ellen Aslaksdatter Skum fordi ho var kvinne.

I lista står dei tiltale i den rekkefølgja dei var satt opp i dommen frå Underretten. Den endelege dommen er den som kjem fram i kolonna «Benådingsinnstilling»

Nr. Namn Fødd Domsinnstilling
25. mai 1853
Underrettsdom
6. august 1853
Høgsterettsdom
14. februar 1854
Benådingsinnstilling
7. august 1854
Fullbyrding Merknader
1 Aslak Jacobsen Hætta 1824 Dødsstraff Dødsstraff Dødsstraff Dødsstraff Avretta 14. oktober 1854 i Alta. Gravlagt på Kåfjord kirkegård.
2 Lars Jacobsen Hætta 1834 Dødsstraff Dødsstraff Dødsstraff Livsvarig straffarbeid Sona tretten år, benåda 1867. Vart bibeloversettar og lærar. Æresoppreising 1882. Død 1896.
3 Aslak Pedersen Rist 1822 Livsvarig straffarbeid Dødsstraff Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Sona seks år, døde i fengsel 1860.
4 Mons Aslaksen Somby 1825 Dødsstraff Dødsstraff Dødsstraff Dødsstraff Avretta 14. oktober 1854 i Alta.
5 Thomas Andersen Eira 1836 Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Sona elleve år, benåda 1865.
6 Ellen Aslaksdatter Skum 1827 Dødsstraff Dødsstraff Dødsstraff Livsvarig straffarbeid Sona tretten år, benåda i 1867. Død 1887.
7 Ellen Andersdatter Spein 1802 Seks års straffarbeid Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Sona ti år, benåda 1864. Død 1871.
8 Kirsten Andersdatter Spein 1815 Seks års straffarbeid Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Sona ti år, benåda 1864. Død 1899.
9 Henrik Aslaksen Skum 1832 Dødsstraff Livsvarig straffarbeid Dødsstraff Livsvarig straffarbeid Sona fire år, døde i fengsel 1858.
10 Aslak Olsen Somby 1793 Tretti dagers fengselsstraff på vann og brød Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Sona ni år, benåda 1863. Død 1868.
11 Anders Pedersen Bør 1825 Ni års straffearbeid Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Sona ni år, benåda 1863. Død 1882.
12 Anne Henriksdatter Sara 1797 Tre års straffearbeid Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Sona ti år, benåda 1864. Død 1870.
13 Marit Thomasdatter Skum 1816 Seks års straffearbeid Ett års straffearbeid Ett års straffearbeid Ett års straffearbeid Sona ett år. Død 1887.
14 Ellen Jacobsdatter Hætta 1836 Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Tolv års straffarbeid Tolv års straffarbeid Sona seks år, død i fengsel 1860. Døde av lungetæring.
15 Marit Aslaksdatter Sara 1792 Tretti dagers fengselsstraff på vann og brød Åtte måneders straffarbeid To års straffarbeid To års straffarbeid Sona to år. Død 1870.
16 Peder Olsen Kautokeino 1817 Tolv års straffarbeid Ett års straffarbeid Tolv års straffarbeid Tolv års straffarbeid Sona fem år, død i fengsel 1859.
17 Marit Aslaksdatter Somby 1822 Dødsstraff Boet etter henne dømt til å betale erstatning. Døde før saken kom opp. Død 3. juni 1853 av nervefeber.
18 Gunild Olsdatter Somby 1795 Tre års straffarbeid Åtte måneders straffarbeid Åtte måneders straffarbeid Åtte måneders straffarbeid Sona åtte måneder. Død 1872.
19 Anne Pedersdatter Rist 1811 Tre års straffarbeid Ett års straffarbeid Ett års straffarbeid Ett års straffarbeid Sona ett år.
20 Ellen Andersdatter Utzi 1835 Tre års straffarbeid Tre års straffarbeid Seks års straffarbeid Seks års straffarbeid Sona seks år.
21 Anders Aslaksen Skum 1838 Åtte slag med ris Frifinning Åtte dagers fengselsstraff med vanlig fangekost Få dagers fengselsstraff Sona dommen. Død 1914.
22 Inger Andersdatter Spein 1830 Tre års straffarbeid Åtte måneders straffarbeid Åtte måneders straffarbeid Åtte måneders straffarbeid Sona dommen. Død 1883.
23 Berit Hansdatter Gaup 1836 Tre års straffarbeid Livsvarig straffarbeid Tolv års straffarbeid Tolv års straffarbeid Sona dommen. Død 1890.
24 Inger Jacobsdatter Hætta 1826 Femten dagers fengselsstraff på vann og brød Ett års straffarbeid Ett års straffarbeid Ett års straffarbeid Sona dommen.
25 Marit Johnsdatter Sara 1830 Seks års straffarbeid Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Livsvarig straffarbeid Sona ti år, benåda 1864. Død 1901.
26 Marit Andersdatter Spein 1821 Tre års straffarbeid Ett års straffarbeid Ett års straffarbeid Ett års straffarbeid Sona dommen. Død 1912.
27 Marit Pedersdatter Kurak 1826 Frifinning Frifinning Frifinning Frifinning
28 Ellen Aslaksdatter Sara 1789 Frifinning Åtte måneders straffarbeid Frifinning Frifinning Død 1864.
29 Peder Mikkelsen Korvatus 1821 Tretti dagers fengselsstraff på vann og brød Ett års straffarbeid Ett års straffarbeid Ett års straffarbeid Sona dommen. Død 1887.
31 Inger Johannesdatter Hætta 1828 Frifinning Frifinning Fem dagers fengselsstraff på vann og brød Få dagers fengselsstraff Sona dommen.
31 Inger Monsdatter Siri 1792 Frifinning Frifinning Frifinning Frifinning
32 John Johannesen Hætta 1818 Frifinning Frifinning Frifinning Frifinning
33 Kirsten Nielsdatter Siri 1822 Seks måneders straffarbeid Ett års straffarbeid Ett års straffarbeid Ett års straffarbeid Sona dommen. Død 1858.

Resultat

Opprøret sjokkerte både samar og norske styresmakter. Biskop Juell la det moralske ansvaret for opprøret på Lars Levi Læstadius. Læstadius kjente seg djupt krenka av desse skuldingane, og etter ei offentleg gransking konkluderte kong Oscar I med at Læstadius ikkje kunne haldast juridisk eller moralsk ansvarleg for den farlege retninga den religiøse rørsla hadde teke i Kautokeino.

Opprøret lamslo samisk opposisjon mot norske styresmakter. Dommen mot opprørarane markerte starten på ein periode med sterkare fornorsking av det samiske folket i Noreg.

Kautokeino-opprøret på film

Nils Gaup lanserte i 2008 ei filmatisering av opprøret. Nils Gaup er sjølv etterkommar av ein av dei som deltok i opprøret, og han ønskja å fortelje ei historie som han meiner aldri er blitt fortalt, om forhistoria for tragedien og den menneskelege delen av dramaet. Filmen er derfor ikkje objektiv, men han er tru mot historia slik ho vert fortald i mange samiske miljø.

Det er òg laga skildringar av Kautokeino-opprøret innan andre kunstartar, som musikk, dikt, historiske romanar og bildande kunst.

Kjelder