Kilegrend

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Del av fløytingskart frå 1908.

Kilegrend er grenda i sør i Fyresdal kommune. Kilegrend ligg ved den sørlege enden av innsjøen Fyresvatn. Namnet Kilegrend kjem av gnr. 25 Kiland som truleg har vore den fyrste busetnaden i området. Denne garden er dela opp etter kvart, der har og vore ei lang rekke husmannsplassar som er blitt sjølvstendige buplassar.

Tidleg soge

Boka om Kilegrend (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011).

Det administrative sentrum i Fyresdal kommune har alltid vore i nordre enden av Fyresvatn der Moland kyrkje er, heradet heitte og tidlegare Moland. Sambandet mellom Kilegrend og kyrkjebygda var berre vassvegen. Over fjellet Våmur på austsida av vatnet gjekk det rett nok ein enkel rideveg, men denne var sers vanskeleg å nytte. Når folk kom oppover langs elva frå sør i folkevandringstida, og såg oppover noverande Fyresvatn, hadde dei både på austsida og vestsida steile fjellparti som gjorde det umogleg å passere langs med strendene. Då var det berre å ta vassvegen fatt. Det gamle namnet på Fyresvatn er Fyrir. Det har fått det namnet på grunn av at det låg framom, i vegen for ein, når ein skulle vidare. Ordet fyrir er ein gamalnorsk preposisjon som tyder fyre, framanfor eller i vegen for, til hinder for.

Av mellom anna denne grunn har handel og kommunikasjon for det meste vore med Arendalsregionen. Dette i motsetnad til nordre del av kommunen som har nytta Telemarksvassdraget med Bandak-kanalen og difor har sokna til Skien.

Like nord for Kilandsbrua, heilt i nordre del av innsjøen Drang, er eit nes som heiter Kyrkjeneset. Det er sagt at dette namnet kjem av at folket som budde ved Drang la båtane her når dei var på kyrkjeferd til Moland kyrkje. I Kilegrend er det lang og tungvint veg til alle dei nærliggande kyrkjene ein kjenner til. Dette namnet kan og vere ein god indikasjon på at her har stade ei kyrkje ein gong i tidleg mellomalder. Sjølve staden er flat og vel egna til kyrkje og kykjegard og geografisk peikar den seg ut som ideell på sers mange vis.

Kommunikasjon

Skulle folk til kyrkje, eller hadde andre ærend oppe i kyrkjebygda, var det å ro. Eit par kilometer syd for Moland kyrkje er det ein frå naturen si side sers godt egna stad til å gå i land og legge frå seg båten. Denne staden heiter frå gamalt av Kilomsto, det er båtstøa til folk frå Kilom, dette namnet peikar på Kilandgardane og området der. (Namnet Kilegrend er av nyare dato. Statens kartverk skriv i 2011 namnet på båtstøa som Kilengsto.) Her kunne ein då kle seg om, kanskje skifte sko, etter 4-5 timar i liten båt, før ein gjekk vidare oppover mot bygda. Stranda mellom denne båtstøa og kyrkja var sers langgrunn og lite egna til ilandstigning, med auka båttrafikk vart det etter kvart bygd ei brygge ved kyrkja.

Sambandet med kyrkjebygda vart heilt anna betre då den fyrste dampbåten kom i 1876, det var D/S Fyresdal som seinare fekk endra namnet til M/S Teisner. Dette var ein kombinera passasjer- og slepebåt. Ein regelmessig persontrafikk vart det fyrst då D/S Fyresdølen kom i drift i 1913. Ein periode var det ikkje båt i drift, ordføraren i Fyresdal budde den gong i Kilegrend og måtte køyre eit langt stykke gjennom kommunane Nissedal og Kviteseid for å kome på møter. Men så i 1953 vart vegen over Våmur ferdig og då vart det eit enkelt og greitt samband mellom grenda i sør og resten av kommunen.

Møtestader og gravplass

Vi kjenner ikkje til at det har vore kyrkje i Kilegrend, og presten var berre ein gong ut om sumaren og heldt messe. I 1911 byrja presten Ivar Mortensson Egnund ein tradisjon med å ha sumarmesse i Trollholene ved Lomkilen. Møter og stemne vart difor halde i heimane eller ute heilt til Kilegrend bedehus vart bygd i 1915.

Då det ikkje var kyrkje, var det heller ikkje kyrkjegard, og det var sers tungvint å kome med kiste opp til Moland kyrkjegard. Det var difor lenge eit sterkt ynskje om å få ein gravplass lokalt. Dette fekk ein til ved at husmannsplassen Lønnegrav vart gjeven til denne bruk i 1880-åra, og Lønnegrav gravplass er enno i 2011 jamleg nytta.

Tømmerfløyting

Ut i Fyresvatn renn det mange elvar, og ved hjelp av ei lang rekke dammar vart sers mykje tømmer fløyta ned til vatnet. Med båt, fyrst robåt, seinare dampbåt, vart så tømmeret slepa ut til Kilegrend der det tidleg vart bygd dammar. Ei øy her, Øyne, gjer at det er to løp og det måtte to dammar til, Glomsdammen og Rusdammen. Herifrå vart så tømmeret fløyta vidare ned til Arendal. Fløytinga kravde mykje ressursar, og det gjekk tapt ein god del tømmer undervegs. Det kom difor fram nye tankar om å løyse dette på ein betre måte. Jon K. Kiland (1841-1922) var ein stor skogeigar som mellom anna engasjera seg sterkt i kommunikasjonar og fløyting. Han var ein dyktig talsmann for jernbane til Nisser i Nissedal og til Drang som er eit vatn nedstraums i høve til Fyresvatn. Det var då drøfta å bygge sluser mellom Fyresvatn og Drang. Jon K. Kiland arbeidde intenst for jernbane i staden for fløyting, og han kom så langt at det vart teikna ein trasé for jernbane fram til garden Sundsli ved Fyresvatn, men han tapa saka om jernbane til Drang då denne var oppe i Stortinget. På eit fløytingskart frå 1908 ser vi trasé til Sundsli teikna. Fløytinga i Arendalsvassdraget vart avvikla i perioden 1960-1971.

Lokale verksemder

For å kunne nytte noko av tømmeret lokalt vart Glomfoss Bruk bygd i 1908. Det var ei allsidig bedrift som nytta tømmeret på ei lang rekke ulike måtar og var ein trygg arbeidsplass for mange i grenda. Tidene endra seg og anlegget vart etter kvart nedslite og drifta opphøyrde i 1970-åra. I 1994 vart anlegget formelt overdrege til Fyresdal Bygdemuseum.

I 1930 starta Grindberg Trevarefabrikk opp i Kilegrend og dette er ei solid familiebedrift som er i full drift i 2011, det er tredje generasjon som no driv. Det har mykje vore produksjon av skåp, senger og stolar, ein tidleg periode og kjøkken- og hagemøblar. Mykje vert eksportert. Arbeidsplassane betyr sers mykje for grenda og kommunen i det heile.

Undervisning

Den fyrste skulen i Kilegrend låg på Runningen ved Kiland, bygd 1892. Denne bygningen vart flytta til Lomkilen som bustadhus, og det vart bygd ny skule ved Bjønnsund. Denne brann i 1945, og det vart så bygd ny skule att i 1950. Skulen vart nedlagd i 1997, og elevane vert frakta med buss til Gimle skule som i 2011 er einaste skulen i Fyresdal kommune. Skulebygningen med tilbygg er i 2011 eit godt fungerande grendehus.

Bok

I 2011 fekk denne grenda ei eiga bok i det Kilegrend Grendelag gav ut Kilegrend Grenda i sør ved Lars Veum. Det er ei bok med sers rikeleg og variera stoff frå denne gamle grenda.

Litteratur

  • Veum, Lars: Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009.
  • Veum, Lars: Eit hundreår med skogbruk i Fyresdal. Fyresdal skogeigarlag 1911-2011. 2011.
  • Veum, Lars: Kilegrend. Grenda i sør. Kilegrend Grendelag 2011.
  • Veum, Lars: Fløyting og vassdrag i Fyresdal. Fyresdal kommune og Fyresdal skogeigarlag 2008.

Koordinater: 59.00908° N 8.27439° Ø


Biletgalleri

Vi ser her Glomsdammen med Glomfoss bruk til høgre og Glomstad til venstre. Nedstraums er Drang og heilt i bakgrunnen Kiland-gardane. 2023