Kjeldearkiv:Slåttonn på gamlemåten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Slåttonn på gamlemåten
Kildeinformasjon
Navn: Arnfinn Kjelland
Sted: Strinda og Rennebu
Tidsrom: 1960-åra
Nedtegnet: 2009
Beskrivelse: Korleis ein tenåring opplevde slåttonn på gamlemåten.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Slåttonn i barndommen på Strinda

Eg voks opp på Strinda utanfor Trondheim, på ein villaeigedom frådelt Sæterbakken. Det er berre ca 8 km frå torget i Trondheim, men på slutten av 1950- og 1960-talet var dette rein landsbygd, sjå Fjellanger-Widerøe-bildet frå 1958 på lenka under. Sæterbakken var framleis i vanleg drift med mjølkeproduksjon, og den viktigaste kraftkjelda på garden var hesten, ein fjording. Eg hugsar eg spurte om – eller i alle fall fekk vete – kvifor brukaren ikkje hadde traktor, låvebrua var for bratt og krapp.

For oss ungane var slåttonna ei morosam tid, særleg etter at graset var kome opp i hesjene og vi kunne springe rundt dei, krype under og gøyme oss mellom. For ikkje å nemne når høykøyringa starta – da stilte vi opp for å trakke høylasset saman, og fekk av og til sitte på ned til garden og opp att.

Søstuggu Grindal

Heimegarden til far min var Søstuggu Grindal i Rennebu kommune, ein nokså stor gard, men mykje av jordvegen var brattlendt. Garden hadde òg, i sameige med nabogarden, ei lang strekning av Orkla, der laksefisket var verdfullt og utleigd til Norsk Ståltaufabrikk i Trondheim, der far min var avdelingsingeniør og ein ivrig og dyktig laksefiskar. Når fabrikken ikkje nytta elva, kunne eigaren eller familien hans fiske. Brukar på den tida var bror til far min, med god hjelp av eldste syster, begge ugifte. Foreldra deira, bestemor og bestefar, hadde kår, men var aktivt med i gardsarbeidet medan dei hadde helse til det.

Søstuggu Grindal var heller ikkje kome særleg langt i moderniseringsprosessen midt på 1960-talet. Driftsbygningen var bygd sist i 1930-åra og var den same bortsett frå at det var installert mjølkemaskin med spann, truleg i 1950-åra. Men spanna vart trilla med vogn opp i mjølkerampa ved riksvegen, der mjølkebilen kom og henta dei. Onkel hadde kjøpt ein liten traktor som han brukte til å slå graset som skulle hesjast og køyre høy (og sikkert også pløying, tømmerkøyring o.a., men det var ikkje eg med på).

Men også her var hesten framleis ei viktig kraftkjelde. Eg minnest så vidt at det var to hestar på garden òg, ein dølagamp og ein fjording. Det må ha vore sist på 1950-talet.

«Pliktteneste» som onnekar

Eg vart konfirmert i 1967, og frå og med det året og til det året eg skulle i militærteneste (1971) vart eg kvart år «beordra» som gardsdreng i slåttonna på Søstuggu. Den starta som regel første veka i juli og heldt på til godt ut i august, så eg fekk ikkje spesielt lang sommarferie. Men sjølv om eg nok tykte arbeidet var kjedeleg i lange periodar, hadde eg nokre gode somrar desse åra.

Arbeidet var nokså mykje etter gamlemåten. Onkel slo graset med traktoren, men det gjekk ikkje i bakkane, så han gjorde byttearbeid med ein nabo som hadde tohjuls motorslåmaskin. Alle bakkane skulle sjølvsagt slåast, og bestefar slo i tillegg alle vegkantar med ljå. På denne tida var det berre grusdekke på riksvegen, og dermed vart ljåen raskt skjemd og eg måtte dra slipesteinen. Elles var det hesjing, hesjing og atter hesjing. Lengste hesjene var på 60 lengder, så vidt eg minnest. Da rakk vi ikkje hesje opp særleg meir enn ein tråd i økta.

Hesten var med. Det var berre ein fjording att i desse åra, men han var i dagleg arbeid. Helst var det å trekkje sleperiva eller kjerra med staur og tråd fram dit neste hesje skulle settast opp. Når så høykøyringa starta laut han trekke høyvogna når hesjene i bakkane skulle tømmast. På dei flate stykka gjorde høysvansen på traktoren susen.

Av ein eller annan grunn er det stort sett berre godversdagar som sit i minnet. Elva delte seg ved garden, i eit hovudløp og ei sidegrein, Kvitla, der det var nokså djupt, men der det nesten ikkje rann vatn i tørre periodar. Mellom desse greinene låg ei nokså stor øy, Krakøya, som var siste store området vi hesja. På varme dagar kunne vi stupe ut i Kvitla og bade i lunkent vatn – herleg særleg under høykøyringa. Da var vi jo fulle av høystøv òg, så badinga gjorde ekstra godt.

Ein vanleg dag i slåttonna sist i 1960-åra

Eg vart vekt av tante i halv ni-tida, og fekk frukost. Da hadde ho og onkel vore oppe ei tid og mjølka første gang. Ca kl 9 gjekk vi så ut på jordet, der det kanskje låg att gras frå dagen før slik at vi berre begynte å hesje. Første økt var ikkje så lang, kanskje til kvart over ti, da kom tante med mat, brødskive, og heimebrygga øl (sjølvsagt alkoholfritt) og vi hadde første matpause på kanskje eit kvarter.

Så arbeidde vi vidare til klokka var noko før eitt, da var det å gå inn til middag. Frå ca halv to var det så middagskvil, så da la i alle fall onkel og bestefar seg nedpå for å sove (om tante gjorde det er eg usikker på – truleg hadde ho ikkje tid). Eg hadde ikkje behov for å kvile middag, så eg stakk ned i elva for å fiske. Eg fekk til og med fisk av og til – eitt år ein laks på 10 kg heilt åleine.

Om lag kl tre var så dei andre oppe igjen og fekk kaffe og litt småkaker, før vi gjekk ut att på jordet og hesja vidare. Denne siste økta hadde vi så vidt eg hugsar med niste og åt litt før onnearbeidet var ferdig litt over kl seks. Da gjekk vi inn att og fekk mat, før onkel og tante gjekk i fjøset og eg i elva for å fiske. Det hendte nok relativt ofte at vi hadde ei lita økt også etter onkel var ferdig i fjøset, men det var helst ut med traktoren for å slå av et stykke til neste dag, sette opp hesje, flytte på gjerde e.l. Var det i høykøyringsperioden og fare for regn neste dag, kunne det bli innkøyring til seint på kveld.

Også laurdagane var det same program, men noko tidlegare avslutning. Foreldra mine hadde hytte ikkje så langt unna, så eg drog dit nokre helger. Andre søndagar drog vi på biltur. Vi var ein søndag på tur til den store kraftutbygginga i Folldalen i Surnadal kommune, som da var i full gang og som førte til dei to store kraftmagasina Follsjøen og Gråsjøen.

Så vidt eg minnest fekk eg hundre kr dagen i lønn, og i tillegg hadde eg sjølvsagt kosten. Eg tvilar på om eg gjorde full rett for såpass bra lønn alderen teke i betraktning.

Bestefar og månelandinga i 1969

I 1969 var eg som vanleg på onnearbeid i ferien. Det spesielle med denne sommaren var sjølvsagt månelandinga. Det var TV på garden, og eg minnest eg såg på sendingane frå månen i lag med bestefar. Han var født i 1885 og ein vaksen mann da brørne Wright letta med det første flyet, så han hadde òg opplevd ei utvikling i luft- og romfarten. Det eg minnest var at han rista på hovudet når det var snakk om menneske på månen.

Bestefar hadde elles sin faste plass i siste delen av onna, under høykøyringa: oppe på låvebrua, under bølgeblikktaket. Der var det skikkeleg varmt når sola stod på – og det gjorde ho gjerne når det gjekk an å køyre høy! Eg var i kortbukse og T-skjorte, men bestefar hadde jakke, lange bukser, sixpence og langt undertøy. Eg har eit minne om at han til vanleg gjekk med lange ullunderbukser kvar dag, men at han under varmaste høykøyringa gjekk over til (lange) underbukser av bomull. Men det heitte seg at dei kledde varmen ute, og det var kanskje noko i det.

Gode minner og fagleg nytte av somrane med slåttonnarbeid

Onkel gav frå seg Søstuggu til eit av søskenbarna mine sist i 1970-åra. Det var da relativt gode tider i landbruket, og den nye brukaren og kona gjekk i gang og moderniserte garden, bygde om driftsbygningen med moderne mjølkeanlegg og fjøs, stor flatsilo m.m. I tida etter har garden gått igjennom same prosess som dei aller fleste. Siloen er no ute av bruk, det er store plastpakka fôrballar som dominerer, men likevel blir mjølkeproduksjonen truleg avvikla komande vinter.

I lys av den utviklinga vi alle kan sjå i landbruket er eg derfor glad for å ha opplevd i alle fall ein flik av det gamle jordbruket, særleg etter at det vart yrkesvalet mitt å arbeide med jordbrukshistorie i ikkje ubetydeleg grad.

Foto av området ved Sæterbakken, Fjellanger-Widerøe 1958

  • Utsyn over «barndommens rike». Til høgre nede ved vegen ser vi Sæterbakken. Sentralt i bildet huset til bakaren. Han hadde bakeri i kjellaren og leverte ferske brød i nabolaget og vidare utover Strinda. Litt bak til venstre heimen min, Sæterhaugen.
Denne artikkelen er skrevet av Arnfinn Kjelland. Eventuelle bemerkninger eller rettelser kan etterlates her.