Wikiens artikkel nr 25 000, om Bølerlia, ble lagt inn i påsken av Stig Rune Pedersen. Vi gratulerer så mye! :)

Kjervik (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Kjervik
Alt. namn: Kreken, Kjærvik, Viki
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 198

Kjervik (Luster, gnr. 198) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krekagrendi på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot Ytri og i nord mot Kreken.

Innhold

Frå Kreken til Kjervik

Garden er nemnd i den eldste skattelista etter øydetida (1596) med namnet Krigen. «Kreken» (Kregen) var det vanlege namnet på garden den fyrste tida, men i andre halvdel av 1600-talet tok Kjervik over (Kervig, Kiervig(en)). På 1700-talet kom så Kregen i bruk som namn på grannegarden Kjeppe (sjå Kreken). Det lokale namnet på garden har iallfall i nyare tid vore Viki.

Bruk

Kjervik og grannegarden Ytri i sør var opphavleg ein gard. Mot slutten av 1630-åra vart så Ytri utskild som eige bruk. Gardane vart likevel matrikulerte i lag fram til 1838-matrikkelen då dei fekk kvar sine matrikkelnummer. Gjennom mange år på 16- og 1700-talet var det rot med skyldtala på dei to gardane.

Seinare bruksdeling:

  • Bnr. 1 Tuften - fråskild bnr. 2 Viki ved delingsforretning 9.6.1859
  • Bnr. 2 Viki - det opphavlege bruket
  • Bnr. 3 Berget - rydda kring 1877, fråskild bnr. 1 Tuften ved delingsforretning 15.5.1891
  • Bnr. 4 Nordberg - rydda kring 1872, fråskild bnr. 2 Viki ved delingsforretning 10.6.1898

Husmannsplassar

Det har vore to husmannsplassar under Kjervik:

  • Iverolaplassen - rydda kring 1875, plass under bnr. 1, nedlagt alt kring 1879
  • Nordberg - rydda krign 1872, plass under bnr. 2, fråskild i 1898 som bnr. 4 Nordberg

Personar frå Kjervik

Kjelder og litteratur

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy