Knut Andersson Grov

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut Andersson Grov (fødd kring 1632, død kring 1694[1]) var frå garden Grov i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Knut var son av gardbrukar Anders Grov. Han tok over ein del av heimebruket kring 1655 og fekk hand om resten av Grov kring 1664. Han dreiv deretter garden som leiglending livet ut.

Grov fekk saman garden Bergset øydelagd mykje utmark då breane i Krundalen gjekk kraftig fram under den vesle istida. I 1684 gjekk Knut Grov til tinget for å få rett til alternative stølsområde i Geisdalen. Dette er det fyrste vitnemålet ein har frå den vesle istida i Noreg om at brear har øydelagd produktiv mark.[2]

Knut Grov etterfølgde Hans Ottoson Ravn som kyrkjeombodsmann i Jostedalen i 1684 og hadde ombodet til 1686.

Knut Grov var truleg gift to gonger, men den fyrste kona hans er ukjend. Den andre kona var Martha Olsdotter frå Åsen. Ho var syster til Anders Olson Åsen, som vart kyrkjeombodsmann etter Knut Grov. Martha vart enkje kring 1694 og gifte seg kring 1696 med Peder Nilsson Grov, som seinare vart kyrkjeombodsmann.

Knut og Martha fekk fire born:

Notar

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (Digital utgåve, NBdigital)