Knut Rasmusson Myklemyr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut Rasmusson Myklemyr (Bergset) (døypt 9. februar 1790, død 4. juni 1825) var frå Bergset i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av Rasmus Erikson Bergset (ca 1757-1799), opphavleg frå Kruna, og Gjertrud Andersdotter (ca 1763-1803) frå Bergset.

Anders var av dei fyrste som fekk røysterett i Jostedalen. Han svor eid til grunnlova på tinget 7. juni 1815.[1]

Knut fekk skøyte på Bergset 1. juni 1810 og dreiv garden til han kring 1824 makeskifte seg til Øvre Myklemyr (skøyte skrive 26. juni 1826).

Han gifte seg 14. juli 1810 med Martha Andersdotter (1779-1851) frå Snøtun, og dei fekk tre born:

  • Rasmus Knutson (1811-1895), gardbrukar på Bergset
  • Gjertrud Knutsdotter (1812-1878), gift med Hans Hansson Bjørk
  • Kari Knutsdotter (1813-1892), gift (1) med Rasmus Olson på Bergsethaugen, (2) med Otto Erikson på Bergset

Notar

Litteratur og kjelder