Kruna (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Kruna
Kruna.jpg
Postkort, truleg frå tidleg på 1900-talet
Alt. namn: Kronen
Fyrst nemnd: 1318-19
Rydda: Ca 1000-1050
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 208
Koordinater: 61°38′5″ N 7°14′7″ Ø
Gamletunet på Kruna sett frå aust.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Kruna (Luster, gnr. 208) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden har gjeve namnet til Krundalen og grensar i aust mot Hellegård og i vest mot Snøtun. Heimane under Kruna sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Innhold

Mellomaldergard

Kruna er ein av to gardar i Jostedalen som er nemnd i mellomalderen, i eit diplom frå 1318-19 der "Asbiorn a Krunu ok Hærmundr son hans" er nemnde.[1] Kruna er dessutan ein av nokre få gardar i Jostedalen der ein har arkeologiske registreringar med dateringar av dei eldste dyrkingslaga. Ei registrering i 2004 viste at garden truleg vart rydda og dyrka opp i fyrste halvdel av 1000-talet. [2]

Namnet

Namneforma i 1318-19 er a Krunu, og dialektforma i nyare tid er sameleis /kruna/. Oluf Rygh meiner namnet må kome av 'ei krune', som har vore nytta både om namn på fjell og meir isolerte lågare høgder. Det stemmer godt med plasseringa av gamletunet på Kruna som ligg på ei høgd med fritt utsyn til tre kantar.[3] Den offisielle skrivemåten er Kruna, og det førekjem som gardsnamn også i Vefsn og Åmli, og som namn på toppar og høgder ei rekkje andre stader på Sør- og Vestlandet og i Nord-Noreg.[4]

I det fyrste dokumentet etter øydetida førekjem gardbrukaren Enner i Kronen. I dei neste skattelistene er namnet forvanska til Kremmer (1600), Keronn (1603), Krumme (1611, 1612, 1613, 1614, 1620, 1624, 1626) , Krummen (1612) og Crumme (1627). Namnet førekjem gjerne i ubunden form dei fyrste tiåra på 1600-talet, såleis Krun(n)e (1615, 1616, 1617), Crone (1620, 1632) og Kronne (1623).[5]

Frå kring 1617/18 er det former med bunden form og 'C' som dominerer (Cronen, Cronenn, Cronnen). Utover på 1600-talet og særleg 1700-talet er det Cronen som er klart mest i bruk.

Skriveformer med 'K' var vanlege dei fyrste åra på 1600-talet, jf. òg nokre førekomstar med bunden form Krunnen (1611), Kronnen (1617) og Krunnen (1628). At namnet vart skrive Kronen ein gong i 1636 var nok heller tilfeldig, og det var eit unntak at Kronen vart nytta i matrikkelutkastet 1723.[6] Den vanlege forma var nok Cronen til Kronen for alvor tok over på 1800-talet.

Ein storgard i Jostedalen

Etter nyryddinga sist på 1500-talet var Kruna mellom dei største gardane i Jostedalen. I dei fleste skattelister fram til 1640-åra hadde Kruna høgaste skylda av alle gardar i Jostedalen. Då gardbrukarane i Jostedalen byrja å betale leiglendingsskatt kring 1627-28, hadde Kruna ei skyld på 2 ½ laupar smør, som var mest i bygda saman Kjeppe (Kreken).

Men med 1647-matrikkelen vart skylda sett ned til 1 laup smør og 1 bukkeskinn (omrekna 1,25 laupar), som plasserte Kruna i ei gruppe på seks gardar med seks andre gardar over seg på lista (m.a. Grov og Haugen i Krundalen).[7]

I 1666-matrikkelen vart så Kruna justert opp att til 1 ½ laup og 18 merker smør (omrekna 1,75 laupar), som gjorde Kruna til den nest største garden rekna etter skatteskyld.[8] Berre dei tre bruka i Mjølver hadde til saman høgare skyld. I matrikkelutkastet 1723 vart Kruna igjen ståande som den klart største av dei 27 gardane. Då må det leggjast til at ingen av gardane i Jostedalen var store i ein vidare regional jamføring. Andreas Holmsen sette kring 1650 opp eit oversyn over medelskylda på gardane i Sogn, og den viser at halvparten av gardane i grannebygdene Luster, Hafslo og Sogndal hadde høgare skyld (over 2 laupar) enn dei største gardane i Jostedalen.[9]

Kruna heldt stand som eit av dei største gardsbruka i Jostedalen utover 1800-talet. I 1865 var Kruna eitt av fem bruk med tre hestar og mellom dei tre bruka med flest vinterfora storfe (18) av kring 150 bruk og husstandar i Jostedalen.[10]

Bruksdeling

Kruna til høgre, i framgrunnen Heljegarden (Hellegård) med Helletun bak, Bergsetbreen i bakgrunnen.

Kruna vart fyrste gongen delt kring 1667 i to bruk som fekk jamstor skyld. Kring 1698 vart dei to bruka igjen slegne saman til eitt bruk.

I 1760 vart Kruna delt på ny, men no slik at det eine av dei to bruka fekk 2/3 av skylda. Desse to bruka vart drivne som to einingar fram til 1791 bortsett frå åra 1773-1780 då dei vart drivne som ei eining.

Frå 1791 var det igjen berre eitt bruk på Kruna, det som i dag er bnr. 1. Dette bruket fekk då den skylda som dei to bruka samla hadde hatt før 1791.

I åra frå kring 1880 til 1894 var hovudbruket på nytt delt i to bruk. Noko klårt skilje var det likevel ikkje før i 1909 då Kruna vart oppdelt i heile fem bruk:

Bruka i hovudtunet:

  • Bnr. 1 Kruna (Kronen) - det opphavlege bruket, lagt inn under bnr. 2 i 1959
  • Bnr. 2 Kruna (Kronstad) - utskild 1909, har seinare vorte hovudbruket
  • Fredheim - utskild 1909, lagt inn under bnr. 2 i 1987

Andre bruk:

Dei tre bruka i hovudtunet har sidan 1987 såleis igjen vore eitt bruk.

Husmannsplassar

Det har vore tre husmannsplassar under Kruna:

  • Daveplassen vart visstok rydda i fyrste del av 1790-åra, rett nedanfor dagens bygdeveg midt mellom Kruna og Kvam. Plassen fekk namnet etter den siste brukaren, Dave Johnson. Plassen vart teken av ei snøskrede i 1849 og vart då lagd ned.
  • Kronøygarden (Øygarden) skal òg ha vorte rydda i fyrste del av 1790-åra. Utskild som bnr. 5 i 1909.
  • Hanehaug (Kvam) vart rydda kring 1887. Utskild som bnr. 4 i 1909.

Krunestova

Gamlestova på Kruna sett frå vest.
Foto: Kristin Kronen

Det eldste stovehuset som står på Kruna i dag, er den tømra stova som vart bygd mellom 1805 og 1808. Det er nytta særs tjukke stokkar i bygningen. Etter ein lokal tradisjon vedda brukaren Tøger Larsson Kruna med bror sin Rasmus Larsson FåbergNedre Fåberg kven som kunne byggja tyngste huset, og det var Tøger som vann med Steinstova i Fåberg. Då Kruna ei tid var delt i to bruk, gjekk grensa rett gjennom både stovebygningen og fjøset slik at dei to brukarfamiliane brukte ein halvdel kvar. Stova vart bygd på i høgda mot slutten av 1800-talet slik at det vart to fulle høgder i bygningen.[11] Stova er eit av dei fremste kulturminna i Jostedalen.

Kronen turiststasjon

I andre halvdel av 1800-talet, truleg kring 1880, vart det etablert turiststasjon i stova på Kruna. Kronen Turistasjon var eit knutepunkt for turistar som gjekk over breen til og frå Nordfjord. Verten for turiststasjonen, Tøger Larsson Kronen, vart patentførar ei tid etter at Den Norske Turistforening i 1890 innførte patentførarordninga. Frå kring 1880 dreiv han òg landhandel i stova på Kruna. Denne verksemda vart avvikla då han døydde i 1909, men turiststasjonen vart driven vidare.

Personar frå Kruna

Notar

  1. Diplom 1318-19 (Jostedal historielag)
  2. Sivertsen 2006
  3. Oluf Rygh, Norske Gaardnavne, b. 1 s. 5-6
  4. Norgeskart (Statens kartverk)
  5. Futerekneskapar for Indre Sogn i Lensrekneskapane for Bergenhus (Digitalarkivet)
  6. Matrikkelutkastet 1723 for Jostedalen (Jostedal historielag)
  7. Matrikkelen 1647 for Jostedalen (Jostedal historielag)
  8. Matrikkelen 1666 for Jostedalen (Jostedal historielag)
  9. Dei minste gardane i Sogn (ca 1650) (Jostedal historielag)
  10. Kronen i folketeljinga 1865 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  11. Øyane 1994, s. 690 og 820

Kjelder og litteratur

  • «Cronenn» i koppskatt for Indre Sogn 1645 (Digitalarkivet)
  • «Cronenn» i futemanntalet for Indre Sogn 1666 (Digitalarkivet)
  • Krhonen i folketeljinga 1801 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • «Gnr. 23 Kronen» i matrikkelen 1838 for Nordre Bergenhus amt (Digitalarkivet)
  • Kronen i folketeljinga 1865 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • «Gnr. 23 Kronen» i matrikkelen 1890 for Nordre Bergenhus amt (Digitalarkivet)
  • Kronen i folketeljinga 1900 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
  • Kronen i folketeljinga 1910 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. Digital utgåve på bokhylla.no. Side 818-838.
  • Sivertsen, Ann Katrine. (2006). Jordbruks- og busetnadsutvikling i Jostedalen. Med utgangspunkt i punktundersøkingar i innmarka på gardane Nedrelid og Kruna. Masteroppgåve i arkeologi. Universitetet i Bergen.
  • «Kruna», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy