Kviteseid historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Historielaget gjev ut årsskriftet Gamalt frå Kviteseid.

Kviteseid historielag held til i Kviteseid kommune i Telemark. Det blei stifta ved eit konstituerande møte 10. oktober 1985 etter initiativ frå Arne Nordskog. Han og eit arbeidsutval gjorde det førebuande arbeidet, slik at det alt i dette møtet blei det vedteke lovar og arbeidsoppgåver for laget. Det blei óg valt styre der Olav Ibrekk blei den første leiaren. Han fekk med seg initiativtakaren, Arne Nordskog, Torleiv Lid, Anne Roholdt og Torvild Dalen.

Føremålsparagrafen for laget: «Kviteseid historielag har til oppgåve å vekkje historisk interesse, auke og spreie kunnskap om Kviteseid gjennom tidene, verne om dei materielle kulturminna i kommunen, og berge den munnlege tradisjonen som enno finst om liv og arbeid i eldre tider.»

I 2017 fekk historielaget Rikard Berges pris for lokalhistorie. Laget har 118 medlemmer (pr. 2019).

Hovudsaker

Laget prioriterte frå starten å arbeide med desse sakene:

  • Vera med å samle inn folkeminne, stadnamn og all slags tradisjon som knyter seg til ætt og heim og arbeidsliv.
  • Samle inn or bøker og blad og frå arkiv slikt som har, eller som ein kan tenkja seg vil få, historisk eller kulturelt verd for folket i Kviteseid.
  • Samarbeide med bygdesogenemnd og bygdetun-nemnd.
  • Arbeide for at heimkunnskap og lokalhistorie får ein sterk plass i skulen, og at lærarane får praktisk rettleiing i faget.
  • Skipa til møte om lokalhistoriske emne.

Skriftstyret

Alt frå byrjinga var det tanken å få gjeve ut årbok. I styremøte 12. desember 1985 blei det oppnemnt eit skriftstyre som fekk i oppgåve å ordne med eit årleg skrift. Skriftet fekk namnet : Gamalt frå Kviteseid og det første heftet kom ut hausten 1986. Seinare er det kome ut eit nytt hefte kvart år.

Skriftstyret: Tor J. Skarprud, leiar, Arne Nordskog og Harald Oppebøen. Det same skriftstyret var i arbeid heilt fram til 1992. Frå den tid er det styret i historielaget som også har fungert som skriftstyre eller utpekt skriftstyrar. Dei seinare åra har det vore eiga redaksjonsnemnd.

Leiarar i laget

  • Johannes Skarprud (pr. 2022)
  • Liv Ravdal 2009-
  • Emanuel Riis 2006-2008
  • Torleiv Omtveit 2002-2006
  • Emanuel Riis 1997-2002
  • Steinar Berge 1991-
  • Torjus Fjågesund 1990-1991
  • Olav Ibrekk 1985-1990

Kjelder

Eksterne lenkjer


Register for årgangane i Kviteseid historielag sitt årsskrift Gamalt frå Kviteseid (ISSN 0801-6186)Gamalt frå Kviteseid.jpg
1986-1990 (årgangane 1-5) · 1991-1995 (årgangane 6-10) · 1996-2000 (årgangane 11-15) · 2001-2005 (årgangane 16-20) · 2006-2010 (årgangane 21-25) · 2011-2015 (årgangane 26-30) · 2016 (årgang 31)
Sorterbart register