Lars Abraham Qvisling

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Abraham og Gro Qvisling.
Foto: Ukjent

Lars Abraham Rasmusson Qvisling (fødd i Nissedal 1816 død i Fyresdal 1876) var lensmann og bonde i Fyresdal.

Opphavet til namnet Qvisling

Lauritz Ibsen var ein bondeson frå Kvislemark nær Slagelse på Sjælland som levde i perioden 1634 – 1703. Som ung kom han til Kristiania, tok teologisk embetseksamen og vart slottsprest på Akershus festning. Då han kom til Noreg tok han tilnamnet Quislin som skulle vere ei etterlikning av Kvislemark. To søner og to døtre endra namnet til Qvislin for å gjere det meir norsk. Lars Abraham sette så på ein g i slutten. Seinare vart namnet endra til Quisling.

Slekt

Eine son til Lauritz Ibsen Quislin, Abraham Larsen Quislin, var ei tid kapellan hjå presten Jakob Hansen Morland i Vinje. Han overtok kallet og gifta seg med dottera til Morland, Susanne. Son deira, Lauritz Qvislin, var ei tid kapellan i Fyresdal hjå presten Peder Bloch, og gifta seg med den eldste dottera hans, Anne Jørgine. Han blei sidan sokneprest i Tinn.

Den yngste av barna deira, Susanne Magdalene, er det som har ført Quisling - namnet vidare. Ho gifta seg til Borstad i Nissedal i 1772. Nils Borstad og Susanne Magdalene fekk ti barn, ein av dei var sonen Rasmus som tok namnet Bakka og vart lensmann i Nissedal. Son hans att, Lars Abraham, vart lensmann i Fyresdal, og det er han som tok morsnamnet, la til ein g på slutten og kalla seg for Abraham Qvisling.

Til Fyresdal

Lars Abraham las mykje og studera hardt, det vart for mykje for augo hans og faren oppmoda han til å søkje lensmannsembetet i Fyresdal etter Sveinung Veum. Han var ikkje fylt 23 år og måtte ha ”kongelig myndighetsbevillgning”. Til å byrje med hadde han eit trist ungkarsliv utan vener. Det var mykje drukkenskap og råskap og fattigdom i Fyresdal den tid, han lika korkje folket eller arbeidet som førde med seg stemning, utpanting, flåing og mykje anna, så her ville han ikkje bli verande. Dette endra seg etter kvart.

I Fyresdal hadde han tatt inn på N. Moghus. Der budde då Jon Jonson S. Spokkeli (1779-1860) og kona Signe Olavsdatter Moghus (1790-1825). Dei hadde to døtre som levde opp, den eine var Gro Jonsdatter Spokkeli (1821-1900). Ho var fyrst gift 1838 med Jon Rasmusson N. Fjone i Nissedal, men vart tidleg barnlaus enke. (Hadde mista to born.)

Gardbrukar og familiefar på Lunden

I den tida reiste mykje folk til Amerika og oppe i Hegglandsgrend var der ein gard til sals som heiter Lunden (gnr. 42/1). Så kom Lars Abraham på at han ville kjøpe denne garden og byrje som gardbrukar. Synet var blitt betre, og han kom såleis til å slå seg til ro som lensmann. På Lunden var det smått bevendt med både hus og jord. Han byrja straks å rive husa og byggje opp eit fint tun litt lenger nede ved hovudvegen samtidig som han fekk dyrke opp mykje ny jord og fekk til eit godt gardsbruk.

Han kom i giftartankar, augo fall på den vene enka frå Fjone og han rådførde seg med sin gode ven prost Wettergren i Nissedal som råda til giftarmålet. Då dei gifta seg i 1843 hadde han kome godt i gang med byggjearbeidet på Lunden.

Garden Lunden i Fyresdal. (Fotograf: Ukjent)

Lars Abraham og Gro fekk ti barn:

  • Jon Laurits (1844-1930), prest og forfattar, far til Vidkun.
  • Signe Andrea (1846-1924), gift med Talleiv G. Midtgarden i Hauggrend i Fyresdal.
  • Signe Maline(1848-1929), gift med Jon G. Midtgarden/Fossum i Hauggrend.
  • Rasmus Hagbart (1850-1932, major.
  • Olav (1853-1915), gardbrukar på Lundevall i Hegglandsgrend.
  • Nils Andreas (1854-1934), lækjar i Oslo.
  • Andreas (1859-1911), lækjar Madison, USA.
  • Hans Abraham (1862-1863).
  • Hans (1864-1942), gardbrukar søgard Lunden.
  • Anne Susanne Malene (1867-1942), tok over garden Lunden og dreiv postopneriet i Hegglandsgrend.
    Lunden (Foto: Bendik Taraldlien)

Det er sagt at Lars Abraham var ein streng lensmann og at arrestantane vart sett til å arbeide på garden. Kona Gro var snill og bar mat til dei. Han stridde fælt med all drukkenskapen og brutaliteten som fylgde med drikkinga i bygda, og det var mykje å gjere for ein lensmann som arbeidde med tanke på forbetringar. Samtidig hadde han mykje å gjere med utbetringar av garden Lunden som etter kvart vart eit mønsterbruk. Han kjøpte eit par gardar som var lågare, men samanhangande med sjølve Lunden. Dei var lite rydda, men med god jord. Her fekk han rive husa og rydda vekk mykje stein som enten vart grove ned i djupe grøfter eller lagt saman til lange steingjerder.

Ved Moland kyrkje står gravminna til Lars Abraham og Gro ved sakristidøra, båe har marmorkors på toppen. På hans står det på sokkelen: ”Naboer og Venner satte ham dette Minde.” På båe står det bibelvers.

Gravminne på Moland kyrkjegard for Gro og Lars Abraham Qvisling (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010 )

Kjelder

  • Qvisling, J. L.: Fra mine unge aar. Fyrste utgåve 1912. Erik St. Nilssens Forlag. Skien. Ny utgåve som faksimilieutgåve 2004. Norgesforlaget AS
  • Ormtveit, Astrid S.: Quisling saga. Ættesoge frå det 16. århundre til 1945. Eige forlag 1993.
  • Qvisling, J. L.: Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992. ISBN 82-992628-0-1

Eksterne lenkjer