Lars Olson Fåberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars Olson Fåberg (døypt 6. august 1780, død 30. september 1866) var gardbrukar på Øvre Fåberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av Ole Olson Fåberg (ca 1753-1839) frå Åsen og Martha Halvorsdotter (1747-1820) frå Øvre Fåberg. Han var såleis bror til Ole Olson Aasestølen og Halvor Olson Vamberg. Lars var eldst og fekk skøyte på heimebruket Øvre Fåberg 14. april 1807.

Lars var av dei fyrste som fekk røysterett i Jostedalen. Han svor eid til grunnlova på tinget 7. juni 1815.[1] Den 10. august 1817 vart han så vald som valmann frå Jostedalen til distriktsforsamlinga i Vik 23. september der Nordre Bergenhus amt skulle velje stortingsrepresentantar til det andre ordinære Stortinget i Kristiania 1818.[2]

Han var med i Jostedal leseselskap frå skipinga våren 1835.

Lars fekk 13 born, mellom anna klokkar Halvor Larson Faaberg som seinare overtok heimebruket.

Notar

  1. Jostedøler med røysterett 1814-1823 (Jostedal historielag)
  2. Valmenn frå Jostedalen (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 723. (Digital utgåve, NBdigital)

Eksterne lenkjer